TIDENES IDRETTSHELT Hovudvinnaren vart kåra 7.desember !
8.desember: Øystein Eide Eskeland representerte skigruppa på ein flott måte ved avslutninga av 100-årsjubileet og kåringa av tidenes idrettshelt på Vikahaugane søndag 7. desember. Han fekk velfortent heider av hovudlaget.
Vinnaren av Tidenes idrettshelt i Stord IL vart skeisegruppa sin Kjell Storelid. Stordski stiller i rekka av gratulantar.
Skigruppa gratulerer også Lars Mugås, som vart tildelt Kongens fortenestemedalje av ordførar Liv Kari Eskeland. Mugås fekk medaljen for sitt mangeårige og allsidige engasjement for idretten i Stord.
------------
31. mars: Så kan me GRATULERA Øystein Eide Eskeland med tittelen TIDENES SKIHELT. Han vann suverent avstemminga blant Sunnhordland sine lesarar. Dette er omtalt 26. mars i ein stor artikkel, med flotte bilete av Øystein. Han går også vidare i avstemminga om tidenes helt i Stord IL. Det vil bli avgjort på slutten av jubileumsåret 2014.
Stordski sluttar seg til gratulantane og har levert blomar og diplom til Øystein !
Av dei øvrige kandidatane kom Atle Bjørn Mæhle på andre plass og Bernt Øyvind Vad på tredje. Les meir i Sunnhordland.no