Arego
kw:!support_us

STORDSKI - PLAN OG AKTIVITETAR

 

Skigruppa sine tilbod er:

- Ungdomsavdelinga har fellestreningar, sosiale tilskipingar, reiser til renn og mykje anna på programmet.

- Senior- og veterangjengen har felles rulleskitrening, og fellesreiser til store renn både i  inn- og utland.

- Løypekjøring i lysløypa ved Lundarstøl og elles i Stordafjellet, i løyper som måler over 20 km til saman.

- Dugnader i løypetraséane i rulleskiløypa i Prestagardsskogen, i lysløypa og på Heio.

- Medlemskveldar, smørekurs, rabattordningar, klubbdrakter m.m.

- Heimeside - stordski.no - medlemsinfoen Skinytt   og Facebookside

- Tysdagstrimmen   -   10 treningsløp kvar haust frå Vabakkjen.

- Vil du vera med i denne fellesskapen, så melder du deg inn i skigruppa.

- Betal kr 300,- til kontonummer 3520 68 47016   så er du med !   Oppgi namn,           adresse,    f.dato og e-postadresse.  Vipps 132587

Hjarteleg velkommen i eit godt skimiljø !

Du kan også støtta skigruppa med anna innbetaling, utan å vera medlem 

 

Helsing Skigruppa

Kjell Inge Engevik                               Øyvind Gaute Berg 

leiar i skistyret                                     ungdomsleiar/trenar

tlf 454 93 356                                                 tlf 402 49 915

 

 

Plan  for Skigruppa, Stord IL  År:  2021-2022                    Januar 2021

Godkjent på årsmøtet 22. februar 2021

Denne planen er eit mål- og styringsdokument for skigruppa. Den skal vera hovudrettesnora for arbeidet i skigruppa og skistyret den aktuelle perioden spesielt, og også dei følgjande åra.  Revidering skal skje årleg, med framlegging  på årsmøtet, etter forutgåande styrehandsaming.

Den skal fungera til beste for medlemmene og andre skiinteresserte.   

  1. Mål

Skigruppa si målsetjing er å arbeida for  

 - Skiaktivitetar for ålmenta og aktive skiløparar.

 - Barmarkstrening (t.d. tysdagstrim), rulleski, langrenn og slalåm.

 - Konkurransesesong på rulleski, langrenn og slalåm.

 

  1. Anlegg

Skigruppa byggjer, utviklar og held ved like anlegg for aktive skiutøvarar og for alle andre som ynskjer skiaktivitet.

 

Eksisterande anlegg,  drift og vedlikehald, med oppgradering.

 - Helsesportløypa i Prestagardsskogen: - alminneleg vedlikehald.

Laga dugnads- bruks og utviklingsavtale med eigaren Stord kommune, i samråd med hovudlaget i Stord IL. Sikring av området rundt rulleskitraséen, for auka sikkerheit og styrt kryssing.

 

 - Lysløypa ved Fjellstova: alminneleg vedlikehald i samsvar med avtale med grunneigarane; rydding og stell av den til ei kvar tid eksisterande lysløypetraséen, inkl armen på vel 400 m til kraftstasjonen på Lundsseter. Arbeida med oppgradering og renovering, og vurdera samarbeid med Stord kommune. (jfr. kommuneplan 2015 - 2025 for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv)  Samarbeida med grunneigarar, Friluftrådet Vest og eventuelt andre.  Rehabilitering må inkludera standardheving og noko kurveutbetring. Pluss merking og  skilting.

 - Løypetraséane mot Heio og Steinen: alminneleg vedlikehald; rydding og stell av dei til ei kvar tid eksisterande løypetraséane.

 

Anlegg  under  planlegging / på idéstadiet:

, - BETRE  TILKOMST  TIL  HEIO  Trasé Fjellstova – Lundsseter – Kyviksetra - Heio:  Arbeida for vidareutvikling av løypetraséane frå dagens Lysløype mot Heio i samspel med Stord/Fitjar Turlag,  Stord Sau og Geit og Stord Fjellsameige.

- Lys i trasé frå lysløypa til målområdet ved skihytta (planert 2012) og lys i trasé frå kraftstasjon til Kattnakkvegen (planert i 2014)  

- Opprusting - ny  alpintrasé i Lundekollen

- Skileikarena 

                                       

  1. Maskinar, utstyr og bygningar.

Skigruppa disponerer, driftar og held ved like maskiner og utstyr for å laga gode tilhøve i løyper og bakkar.

Løypemaskin:

- Avtalar med Stord kommune, revidert og signert  i 2014, inklusiv fullfinansiering, ROS- og HMS-analyse,  regulerer eigarskap, bruk, vedlikehald, forsikring: 

- Hovudansvarleg for drift og vedlikehald: Eitt styremedlem, utpeika av styret.  

- Koordinator løypekjøring: Eitt styremedlem utpeika av styret.

- Midlar til drift, vedlikehald og forsikring av løypemaskin: Styret

 

Skihytta og maskingarasje.    

- Drift, vedlikehald, straum og forsikring.  Styret er ansvarleg.

 

Utstyr: Mindre treningsutstyr i aktuell bruk; 

- Bruk, vedlikehald og oppbevaring:  Ungdomsgruppa  v/ leiar.  Alpinansvarleg i styret for alpinutstyret.

 

  1. Eigne arrangement -

Skigruppa arrangerer renn og konkurransar til fremjing av skiidretten på Stord.

 - Ranking/treningsrenn ski:   Styret - arrangementskomite - utpeika av styret

 - Tysdagstrimmen:  Styret - i samarbeid med utpeika komité

 - Rulleskirenn: - Prestagardsskogen: Ungdomsgruppa  v/ leiar og arrangementansvarleg frå styret                       

 - Alpin - slalom: Styremedlem med ansvar for alpinaktivitetane.

  - Kretstreningssamling  rulleski Prestagardsskogen  - med kretsrenn  Ungdomsgruppa v/ leiar,  styret og krets. 

 

  1. Deltaking på arrangement

Skigruppa skal gjera kjent og inspirera til deltaking i utanbys renn

 - Terminliste

 - Påmeldingskoordinering

 - Fellesreiser

 - Kostnader.  Styret gir signal om støtte.

Ansvarleg : Ungdomsgruppa v/leiar. Ha hovudlandsrennet som langsiktig mål. Seniorar og veteranar etter avtale.  

 

  1. Trening

Skigruppa skal gjera kjent og koordinera treningsaktivitetar, og gjera avtalar med trenaransvarlege. Spesielt skal gruppa satsa på auka rekruttering og tilbod til barn og ungdom.

 

- Fellestreningar  Barmark og snø.   – Trenaravtalar    - Treningsgrupper   - Treningsstader 

- Treningsleirar  -   Politiattestar

Ungdomsgruppa v/leiar  har faste tider.   Senior- og veterangrupper etter avtale, og informasjon frå senior/veterankoordinator.

 

  1. Dugnader

Skigruppa skal koordinera dugnader i skitraséar og andre ski-treningsområde.

 

 - Helsesportløypa Prestagardsskogen

 - Lysløypa v/Fjellstova / Lundarstøl

 - Lundekollen

 - Heio og Austrunden

 

  1. Økonomi

Skigruppa skal ha eit økonomiopplegg  som sikrar store nok  inntekter til å dekka faste, årlege kostnader.  Prosjekt og arrangement skal ha eigen økonomiplan.

Inntektspostar:

 - treningsavgift - medlemsverving - støttemedlemsskap  - løypeavgift i Lysløypa

 - Sponsing

 - Prosjekt

 - Dugnader

 - Kurs:  skiteknikk og  smørekurs

 - Medlemskveldar

 - Anna, herunder inntekter via hovudlaget:  mva-refusjon, grasrotmidlar og LA-midlar

 

Gjeld:

Skigruppa v/styret skal ikkje utan særskilt vedtak i styret, og godkjenning / samarbeid med hovudlaget, oppta lån eller påføra skigruppa gjeld av noko slag.

 

  1. Medlemmer - treningsaktive

Skigruppa skal tena skiinteresserte personar i alle aldrar.

 - Medlems/treningskontingent:  Frå årsmøtevedtak til full oversikt over medlemmer pr. utgang av året. Rapportera til hovudlaget for medlemsregistrering / bidra til årleg idrettsregistrering for skigruppa sine medlemmer.

 - Informasjon: 

            - Heimeside: stordski.no

            - E-post - medlemsregister med e-postadresse

             - Sosiale media  -  Facebook: ei open,  og ei lukka for ungdomsgruppa

            - Oppslag på tavlene ved Lysløypa og Skihytta.

            - Lokalaviser, spesielt Sunnhordland

- Forsikring/Lisens:      Gi medlemmene informasjon om forsikringar som

                                     gjeld/kan gjelda for skimedlemmer.

- Sosialt:           Sesongavslutning

                        Medlemskveld

                        Premieutdeling m.m

- Utstyrsutlån:   Rulleski - utlån til unge nybyrjarar.

                       

  1. Anna

-hovudlaget                 Ha eit tett og konstruktivt samarbeid med hovudlaget, i                                        samsvar med regelverk og aktuelle prosjekt.

            -kretsen                      Ha eit tett og konstruktivt samarbeid med                                                            Hordaland Skikrets, i                                                                                            samsvar med regelverk og aktuelle prosjekt.

            -samarbeid andre lag  Samarbeida med andre lag i skifaglege                                                                spørsmål og-aktivitetar

            -årsmøte                      Kunngjera og gjennomføra årsmøte i samsvar                                                     med regelverk og instruks og tidsplanar frå                                                           hovudlaget.

            -årsmelding                 Utarbeida årsmelding for fullført driftsår,  i                                                            samsvar med regelverk og instruks frå                                                                  hovudstyret.

-økonomi/rekneskap   Styra økonomien i gruppa og levera rekneskapsmateriell til hovudlaget/revisor i samsvar med instruks.

            -budsjett                      Utarbeida budsjett for aktuelt driftsår,  i                                                                 samsvar med regelverk og intruks frå                                                                   hovudstyret.

            -val                              Planleggja og gjennomføra val på årsmøtet,                                                       etter innstilling frå valnemnd, valt på forutgåande                                                 årsmøte,  jfr. eigen instruks.

             -etikkreglement          Utarbeida, få godkjent og gjera kjent etisk                                                    reglement for skigruppa, i samsvar med hovudlaget

            -postkasse i lysløypa    Noteringsbok for innskriving  og  premiering.

            -dreiebok                  Utarbeida dreiebok for skigruppa,   med bl.a.                                                     HMS-plan, ROS-  analyse, aktiva- og eignelutar,                                                 kompetanse- og personelloversikt,  avtalar- og                                                     interessefelt.

            -styreevaluering          Årleg eigenevaluering av styrearbeidet i                                                               avslutta år.