Arego
kw:!support_us

RULLESKIHELG I PRESTAGARDSSKOGEN

26.08.2014

Stor  RULLESKIHELG  I  PRESTAGARDSSKOGEN !   

Etter utsending av invitasjoen nedanfor før sommarferien har skigruppa fått stor oppslutnad !  Over 40  13-16-åringar frå 10 klubbar er påmeldt til helgesamlinga, og til rennet på søndagen. Det er ope for alle årsklassar, uavhegig av kretssamlinga.. Det har status som kretsrenn,  historiens første av det slaget på Stord !

Ein driftig komite, med Kjell Inge Engevik  i spissen, har opplegget klart, med innkvartering, mat, transport, sosialt, trening og mykje meir.   Stordski  ynskjer dei lukke til !                               

 

 

Stord il inviterer til langrennshelg 29.-31.

august

Det vert kretssamling i august for dei som skal konkurrere i aldersklassane 13 til 16 år. Samme helga inviterer Stord også til kretsrenn på rulleski for alle aldersklassar. Sjå invitasjonar!

Set av helga 29-31 august. På Stord er det rulleskiløype, idrettshall, banar og bra terreng for løpeturar. Dette høver godt for trening i august. Med perfekte rammer for barmarkstrening ynskjer Skikretsen velkommen til ei sosial treningshelg på Stord. Sjå invitasjon med samlingsprogram.

 

Påmelding til sjølve treningssamlinga gjer du her! Rennet melder alle seg på via min idrett.

 

Same helga vert det også kretsrenn i klassisk i rulleskiløypa på Stord. Dette går søndag 31 august. Det er eit terminfesta renn med påmelding via min idrett. Sjekk invitasjonen til rulleskirennet(som også gjeld dei under 13 og over 16)

Påmelding til rulleskirennet i klassisk stil.