Arego
kw:!support_us

KM Rulleski 2014

23.09.2014

Søndag 28. september arrangerer  Viljar Il  

 

kretsmeisterskap på rulleski.  Arrangementet føregår i Herresåsen,  og  fleire frå Stord vil delta. 

Med vårt eige rulleskiarrangement i friskt minne, og med flotte  rulleskiforhold elles,  skulle det liggje vel tilrette for nye  flotte  Stord-prestasjonar på rulleski.

Stordski ynskjer god tur til alle som reiser til Herresåsen på Voss.

I Hordaland er det kun tre stader med rulleskianlegg. Det er Voss, Hålandsdalen og Stord. Eit anlegg er i emning i Bergen, truleg i Fana - Totlandområdet.

NB!  Men så har Stordski fått fersk informasjon om at eit nytt anlegg for rulleski nyleg er opna på Sjusete i Kvam herad. Me gratulerer kvemmingane og Kvam LSK med anlegget ! 

Full resultatliste på Viljar Il  si heimeside, sjå ovenfor !

Du vil bl.a. sjå at simen Engevik vart kretsmeister i G-13.  Me GRATULERER !

I 8-årsklassen var det også Stord øverst på lista, men den klassen har ikkje formell KM-tittel.

Klipp frå Sunnhordland 2.10.14:

God laginnsats i rulleski-KM

Desse seks unge løparar frå Stord gjorde sine saker brå i rulleski-KM sist helg.

Idrettslaget Viljar stod førre helg som arrangør av kretsmeisterskap på rulleski. Rennet gjekk i fristil. 

Stord IL hadde til saman åtte løparar på start. 

Det var god spreiing på aldersgruppa som hadde teke turen til Voss, så dei åtte løparane var fordelt på sju ulike aldersklassar. 

– Stord gjengen har nytta finveret i haust til godt treningsarbeid, og har allereie fått lagt eit godt grunnlag for komande skisesong. Den gode laginnsatsen frå Stord-gjengen viser at det lokalt blir jobba godt heilt ned i dei yngste aldersklassane, seier Kjell Inge Engevik i skigruppa. 

Simen Engevik viste at han også blir og rekna med denne sesongen. Sjølv om han drog på seg ein skade i skuldra under oppvarming, sleit han seg likevel inn til kretsmeistertittelen i klasse G13.

Ole Christer Kvellestad viste at også han har noko skikkeleg bra på gang, med ein sterk 4 plass i 15-årsklassen.

Også i 11-årsklassen vart det Stord siger ved unge lovande Håkon Størkson Berg.

Jonas Engevik Vørøs kjempa seg inn til ein 7. plass i den sterke G14 klassen.

Dei to yngste, Eirik Størkson Berg (G8) og Lina Engevik Vørøs (J10), kompletterte den gode laginnsatsen med gode prestasjonar i sine aldersklassar.

Også på senior sida stod to Stordløparar på start. Stian Engevik gjekk inn til ein god andre plass, medan Øyvind Gaute Berg vart nummer seks.

Me vil få trekkje fram god laginnsats, som viser at Stord skal visa igjen på langrennskartet i tida som kjem.