Arego
kw:!support_us

FJELLPARKERING

06.02.2015 |Odd Stuve Rommetveit

Parkeringa ved Lysløypa, Fjellstova og Lundsseter kan på store utfarstdagar bli organisert  og regulert av skigruppa.  Kommunen har gjort avtale med skigruppa,  kunngjort det på si heimeside, og det er gjort kjent gjennom media elles.

Skigruppa har mange års erfaring med slikt arbeid. Alle kjørande vert på veg til fjells stoppa og får krav om å betala ei avgift på kr 50,-    Ved  parkeringsplassane vert dei dirigert av vakter, slik at parkeringa vert ryddig og effektiv. Dette er også viktig med tanke på framskomsten for eventuelle utrykningskjøretøy.

Kjørande som kun skal til middag på Fjellstova vert det ikkje krevd avgift av.  Øvste rekka ved parkeringsplassen ved Fjellstova vil bli reservert for middagsgjestene.  

Skigruppa vil, som tidlegare år, nytta innkomne midlar til drift av løypemaskinen. Det går med mange tusen kroner kvart år  til diesel, vedlikehald, service, reparasjonar og forsikring. Seinast første veka i februar betalte skigruppa ein faktura på nær 6000 kroner for diesel.