Arego
kw:!support_us

BKK TURRENN 2015

27.02.2015 |Odd Stuve Rommetveit

Stordski er på plass på Bulken søndag 1. mars kl 13.00  med fleire deltakarar.

Klassisk stil. 10 km for dei til opp til 14 år og 20 km for alle andre.  Rennet går i dei flotte løypene på Skjeldalsbøane på Bulken.  Rikskjendisen Kristen Skjeldal er rennleiar. 

Det er også trimklasse, så rennet passar for alle.  Vermeldingane er variable !

Sjå invitasjon og rennopplysningar på heimesida  bulkenil.no

God tur !

RESULTAT  OG  RAPPORT:

G13-14 år; Flott andreplass (av fire) til Jonas Engevik Vørøs, kun 12 sekundar bak vinnaren Eirik Finne frå Voss IL i den 5 km lange løypa.

I klasse M 36-40 (22 km) vart det  dobbeltsiger til Stord ved Stian Engevik 1.07,15 og Kjell-Inge Engevik 1.15,58  Kjempeflott !

Stian angrar på ikkje å ha følgt kjendisen Kristen Skjeldal og to tjueåringar då det gjekk eit rykk midt i rennet. " Eg vart i staden liggjande midt mellom to grupper etter å ha gått frå nokre andre ungdommar". Stian fekk likevel fjerde beste tida, uansett klasse. Kjell-Inge viste nok ein gong god framgang frå i fjor. Hald fram slik !

Full resultatliste er å finna på bulkenil.no.