Arego
kw:!support_us

100-årsjubileumet: Mars er skimånaden

06.03.2014

Stord IL sitt 100-årsjubileum i 2014 held fram. Mars er skigruppa sin månad. Lokalavisa Sunnhordland hadde 5. mars ein 2-siders omtale av kandidatane til alle tiders skihelt på Stord, med flotte bilete. Gjennom store deler av mars kan lesarane gi si stemme til ein av kandidatane.  (Sjå sunnhordland.no) 

Seinare i mars vert skigruppa ytterlegare presentert, både med historie, notid og planar.

Skistyret drøfta fleire gonger korleis kandidatane skulle utpeikast. Vår over 80-årige historie gjer at mange av dei tidlege skiheltane er lite kjent blant noverande lesarar. Heldigvis er mange av dei omtalt og heidra  i skiboka Skisport i havgapet.

Det var likevel mange gode og "nyare" namn å velja blant. Dei 7 utvalte skifolka er alle gode kandidatar til tittelen tidenes skihelt på Stord. 

Oppslaget og presentasjonen  i Sunnhordland onsdag 5. mars var slik:  

STORD IL skigruppa.       Tidenes skihelt

Skigruppa i Stord IL kan føra historia si tilbake til 1933. Mange skifolk frå dei første 40 åra er naturleg nok avlidne eller tilårskomne. Beste dømet er Dagfinn Vatne. (1913-2001) Han var det fremste skinamnet på Stord i ein mannsalder, både som administrator, utøvar, oppmann og trenar. Fleire samtidige med han var også lokale skiheltar i mange år, og burde vore nemnt kvar for seg. Noverande lesarar, som skal vera med på kåringa, kjenner ikkje desse namna, og dei er derfor ikkje med på lista nedanfor. Den er sterkt avgrensa i høve til alle gode, seinare skinamn på Stord. Det er sterkt å beklaga. Dei som skigruppa har plukka ut er likevel gode representantar for den lokale skiidretten, alle på kvar sin måte.

Kirsten Røsjorde Ho var leiar i skigruppa i to periodar på 80- og 90-talet, og elles styremedlem i fleire år. Ho var ein svært ivrig og målretta pådrivar for ei då godt dreven gruppe. Samla var ho engasjert i skimiljøet i omlag 20 år, og fekk familien sin også med i skimiljøet. I hennar tid kom både Lysløypa ved Fjellstova og Helsesportløypa i Prestagardsskogen til. Ho var ein sentral medspelar for begge desse prosjekta, som har betydd svært mykje for lokalt skimiljø.

Harald Haugen   I heile hans over 70-årige liv har ski hatt ein sentral plass. Frå allsidig utøvar i ung alder, via samanhengjande senior- og veterandeltaking, til aktiv turgåar. Han har vore leiar og administrator i skigruppa i årrekker, vore ivrig på dugnader, spreidd gode skikunnskapar til fleire generasjonar og forfatta mykje skihistorie.

Atle Bjørn Mæhle Frå han kom til Stord på 70-talet til dags dato har han vore engasjert i skiidretten. Han har vore utøvar, trenar, oppmann, administrator, styremedlem og leiar i gruppa. Han har vore pådrivar for anleggsutvikling og ivrig på dugnader og i prosjekt. Han har forfatta historien til skigruppa, Skisport i havgapet, som kom ut i 2013. Ein imponerande flott jobb.

Øystein Eide Eskeland Han har vore med i skigruppa sidan han som ung tenåring framheva seg som ein dyktig skigåar. Hans karriere er samanhengjande og imponerande lang, og varer framleis. Namnet er vide kjent i skikretsar, med fleire Stord- og Sunnhordlandsmeisterskap. Uavhengig av opp- og nedturar for skiidretten har Øystein vore med, både lokalt, regionalt og nasjonalt.   Han har vore på utallige dugnader, og kjørt løypemaskin i fleire år. Ein flott representant og inspirator for det lokale skimiljøet.

Magne Løvtangen Kom med i skimiljøet på Stord på 80-talet. Med sin bakgrunn som høgt utdanna skiinstruktør vart han straks sentral i skigruppa på Stord. Han var med som instruktør, trenar, styremedlem, oppmann, turrennspådrivar og aktiv i årrekker. Han er framleis aktiv, og årvisst med i VM for skiveteranar, seinast i 2014. Fleire gonger med gode plasseringar.

Frode Mehammer Det har alltid vore innslag av alpint i skigruppa, og Frode er representanten for alpingreinene i skigruppa.   Frå kring 1980 og utover var alpint ei framtredande grein i skigruppa, med Frode i spissen. Det var aktivitet både lokal og regionalt, oftast med Frode øvst på listene. Han var pådrivar, organisator og svært aktiv. Han organiserte reiser til treningar og konkurransar utanbygds i ei årrekke, oftast til Sauda. Han arbeidde hardt for skitrekk i Stordafjellet. Han var aktivt med i alpinmiljøet i over 15 år.

Bernt Øyvind Vad Han kom som ung med i skimiljøet, og har vore samahengjande med fram til dags dato. Stilrein i løypa, med gode plasseringar gjennom heile karrieren, både lokalt, nasjonalt og i fleire turrenn i utlandet. Han har med stor iver og skikunnskap vore styremedlem, gruppeleiar og pådrivar for prosjekt og dugnader. Han er skigruppa sin fremste løypekjørar.