10. og 11. 1.15: Vikingrennet og Vargarrennet
Laurdag 10. januar: Vikingrennet i friteknikk. Ein fin Stordgjeng er påmeldt.
Dessverre meldte arrangøren tidleg på renndagen at rennet er AVLYST på grunn av for vanskeleg vertilhøve.
Søndag 11. januar; Vargarrennet går i klassisk stil i Herresåsen. Fleire frå Stord er påmeldt. Stordski ynskjer lukke til, og kjem attende med rapport og resultat. Informasjon er også å finna på vargar.no klassiske langrenn kl 12
Mange flotte Stord-resultat: http://www.vargar.no/images/stories/Resultat/resultatliste%20vargarrennet%202015.PDF
Sunnhordland (sunnhordland.no) har laurdag 10. januar 2015 dette biletet og denne førehandsomtalen av Vossarenna:
På biletet ser me far og son, Stian og Simen Engevik. Simen leiar kretscupen i sin klasse.
Fyldig Stord-tropp til Voss
Skigruppa i Stord IL er midt inne i ein hektisk sesong. I helga går turen til Voss der det vert renn både laurdag (Vikingrennet) og søndag (Vargarrennet). Rennet laurdag går i fri stil medan rennet søndag er i klassisk stil.
Stord IL sender følgjande tropp: Håkon Størkson Berg G11 (2 km fristil + klassisk), Nicholas Valenza G11 (2 km klassisk + fristil), Simen Engevik G13 (3 km fristil + klassisk), Jonas Meyer Eldøy G13 (3 km fristil + klassisk), Jonas Engevik Vørøs G14 (3 km fristil + klassisk), Øyvind Gaute Berg senior (10 km fristil + 10 km klassisk), Sigurd Sandvold senior (10 km klassisk). Stian Engevik senior (10 km klassisk) og Kjell-Inge Engevik senior (10 km klassisk).