Arego
kw:!support_us

LYSLØYPA: LYS og GÅVEKORT

 

LYSLØYPE  v/Fjellstova

Lys vert påsett så snart det kjem snø og spor er kjørt. 

Lysa sløkkjer automatisk kl 22.00

LØYPEBIDRAG  og  GÅVEKORT  

Alle som i løpet av vinteren 2025/26 betalar løypebidrag vert med i trekninga av 3 GÅVEKORT  a  kr  400,- Trekkinga skjer etter sesongslutt og vinnarane får sine gåvekort med diplom.  Ordninga med innskriving i "basarbok" er avvikla.

 

Opplysningar om løypebidrag står både her på heimesida og på oppslåtte informasjonsplakatar ved lysløypa i skisesongen.

Skigruppa betalar straumrekningane sjølv, året rundt. Dei er blitt mykje, mykje større siste året. Også nye lyspærer og anna utstyr/armering m.m. må skigruppa syta for.

 ___________________

16. mai 2025    GÅVEKORT  

Alle som i løpet av vinteren 2024/25 betalte løypebidrag var med i trekninga av 3 GÅVEKORT  a  kr  400,- Trekkinga skjedde 15. mai og vinnarane fekk sine gåvekort med diplom til 17. mai.  Hurra !

Og vinnarane var: 

Åsmund Ekroll  -  Marit Nøkling  -  Kurt Inge Samuelsen.  Gratulerer !

Betalinga skjer enten ved Vipps  stordski     eller Vippsnr 132587  

eller til kontonr. 3520 68 47016

-----------------------------------------------

12. april 2024:

Trekking er foretatt og vinnarane er:

Wenke Åse, Sandra F.  Mjelva og ein elev i innføringsklassen ved Langeland Skule.  Dei har fått kvart sitt gåvekort på kr 400,-   Alle svært nøgde vinnarar. 

Takk til alle som skreiv seg inn. 

24. november 2023  

Innskrivingsbok vart lagt ut i postkassen ved oppstart av skisesongen, ved første løypekjøring. Skriv deg inn og bli med i trekning av 3 GÅVEKORT a kr 400,- ved sesongslutt. Postkassen står i svingen like ovom krysset ved vasshandsamingsstasjonen.

Lysa vert slått på så snart det er kjørt løyper.  Lys frå skumring til kl 22.00 

------------------------------

25. april  2023:

Vinnarane av  GÅVEKORT  på kr  400,-  etter skisesongen 2022/23 er:

Ingrid Høyland Andersen, Hanin frå Syria og Haakon Digernes.

Me  GRATULERER  !!   Vinnarane vil bli kontakta.

Me set stor pris på alle  bidrag til STORDSKI.  Vippskonto  1 3 2 5 8 7,  stort eller lite, men uansett frivillig.