Arego
kw:!support_us

KRETSSAMLING RULLESKI I PRESTAGARDSSKOGEN, STORD

Følg linken nedanfor for å sjå meir om KRETSSAMLING i langrenn/rulleski på Stord laurdag 29. og søndag 30. oktober 2022.

https://www.facebook.com/458055910885089/posts/5996777940346164/

Dette er ettermælet frå Hordaland skikrets ved Bernt Rusten:

Hei! 

Takk for vel gjennomført kretssamling!
Eg reiste med nokre av dei unge tilbake til Bergen og det var fornøygde ungar som returnerte frå ei veldig kjekk samling i følgje dei sjølve.
 

Eg synes det var allsidige og gode økter som var perfekte for aldersgruppa. De leiar både trening og skapar trivsel med alt det praktiske rundt mat og organsiering slik at det vert ei god oppleving å vere på samlinga for deltakarane. Det var inspirerande å vere med å ta del i det flotte arrangementetet de laga i helga.

Eg fekk ein flott melding i går kveld frå ei av foreldrene. Den kan du jo vidaresende Morten.
Nok ein gong takk, så snakkast me til vinteren.
 

PS! Neste gong er det garantert fleire som ynskjer å vere med!

_________________________

Denne rosen seier me i STORDSKI oss svært nøgde med. Vår eiga oppsummering lyder slik:

Hei alle

Skigruppa har denne helga vore vertsskap for kretssamling med deltakarar i aldersgruppa 11-15 år.

Det vart ei god samling med kjekke tilbakemeldingar frå foreldre og deltakarar.

Spesiell takk til Morten, Øyvind Gaute og Magnar som har i hovedsak har dratt lasset, med god hjelp frå Jonas og Sigurd.

Bernt Rusten stillte frå kretsen, og saman fekk me til eit godt arrangement.

Veldig bra at me fekk det gjennomført!!

Legg ved eit par bilete frå søndagens langtur frå Kyvik til toppen av fossabrekko.

Sjå elles Stordski på FB, med denne oppsummeringa:

Stord il har i samarbeid med Hordaland skikrets denne helga arrangert kretssamling på Stord. Søndag vart samlinga avslutta med langtur, der me gjekk på rulleski frå Kyvik og heilt opp til Heio. Der vart det bytta til joggesko, og vidare løp opp sherpatrappene i Fossabrekko. Som biletet viser, var det ein nøgd gjeng som avslutta turen på toppen. Takk til den kjekke gjengen som deltok gjennom helga, det vart ei super samling!!

https://www.facebook.com/458055910885089/posts/6048116838545607/

 

: