Arego
kw:!support_us

HAUSTDUGNAD I LYSLØYPA 2023

Den årlege fellesdugnaden for å gjera LYSLØYPA ved FJELLSTOVA klar for skisesongen samlar skifolket igjen.  Det skal utførast rydding av greiner, buskas, småtre langs traséen og lina, i grøftekantar, og litt drenering.

Grus vert utkjørt der det trengst mest.

Laurdag 4. november frå kl 10.00  til  kl  15.00

Mykje kan gjerast til andre tider. Dei som vil gjera ein innsats utanom nemnde laurdagar kan ringja løypekjørar Bernt Øyvinf Vad,  på tel. 97059 018 og få tildelt oppgåver.  

Også traséane oppover mot Heio og Steinen får ein dugnadsrydderunde. 

Gode reiskapar er motorisert ryddesag, motorsag på teleskopstang, manuell teleskopsag, stor hagesaks, stige, krafse og sjølsagt verneutstyr !