Arego
kw:!support_us

FØREMELDINGAR LYSLØYPE OG STORDAFJELLET 2026

2026:  SKI- og FOTTURAR  i STORDAFJELLET

For ukjente og tilreisande: 

Tilgang til Lysløypa, Lundarstøl og Heio og vidare innover i Stordafjellet  skjer slik:

Begge alternativa tar utgangspunkt i E39, retning nordover.

1      Langs E39, ved krysset / avkjøringa mot Leirvik kjører du vidare, over brua ved utløpet av Ådlandsvatnet. Etter ein liten kilometer ser du skiltet  Fjellgardane. Kjør av til venstre der, og vidare oppover om lag 5-6 kilometer til T-kryss med skilt til Lundsseter/Fjellstova. 

2      Kjør til der E 39 møter vegen til/frå Rommetveit / Høgskulen HVL og  Fjellgardane. Kjør av E 39 mot sør (høgre)  og straks vidare skarp sving til høgre, direkte  under E 39 og vidare oppover 3-4 km.

Begge desse avkjøringane frå E 39 fører til krysset med skilt til Lundsseter. Følg denne vegen 4-5 km så er du ved Lysløypa/Fjellstova og stor parkeringsplass. Vidare kan du kjøra til endes på Fjellgardsvegen til ein kraftstasjon.

På oppslagstavler ser du kart og omtale av løypenettet til Stordski.  

Etter 1. april og fram til 1, november kan du kjøra heilt opp til øvre Heio, på Kattnakkvegen, utan bompengar. Frå november 2026 til ut mars 2027 vert vegen igjen stengt for bilkjøring.