Meny
FØREMELDINGAR LYSLØYPE OG STORDAFJELLET 2025/2026
2025 / 2026: SKIGÅING i STORDAFJELLET
For ukjente og tilreisande:
Tilgang til Lysløypa, Lundarstøl og Heio - Stordafjellet skjer frå E 39 ved skiltet Fjellgardane, ein liten kilometer nord for krysset til Leirvik.
Alternativt i Førlandskrysset. Det er der E 39 kryssar vegen frå Rommetveit / Høgskulen HVL til Fjellgardane. Kjør av E 39 mot sør og straks vidare skarp sving til høgre, direkte under E 39 og vidare oppover.
Begge desse avkjøringane frå E 39 fører til krysset med skilt til Lundsseter. Følg denne vegen omlag 3 km så er du ved Lysløypa/Fjellstova og stor parkeringsplass. På oppslagstavler ser du kart og omtale av løypenettet til Stordski.
Vidare kan du i sommarhalvåret kjøra heilt opp til Heio, på Kattnakkvegen.
Ingen bompengar.






