Arego
kw:!support_us

FØREMELDINGAR LYSLØYPE OG STORDAFJELLET 2024

2024:  17. juni

VINTEREN ER  FORLENGST OVER !   STORDAFJELLET KAN  IKKJE LENGER  BY  PÅ SNØ.  Siste  snøfonn er smelta.   

FØREMELDINGANE kjem attende så snart det vert ny vinter. 

For ukjente og tilreisande: 

Tilgang til Lysløypa, Lundarstøl og Heio - Stordafjellet  skjer frå E39 ved skiltet Fjellgardane, ein liten kilometer nord for krysset til/frå Leirvik.

Alternativt i Førlandskrysset. Det er der E39 kryssar vegen frå Rommetveit / Høgskulen HVL til Fjellgardane. Kjør av E39 mot sør og straks vidare skarp sving til høgre, direkte  under E39 og vidare oppover/nordover.

Begge desse avkjøringane frå E39 fører til krysset med skilt til Lundsseter. Følg denne vegen omlag 3 km så er du ved Lysløypa/Fjellstova og stor parkeringsplass. På oppslagstavler ser du kart og omtale av løypenettet til Stordski.