Arego
kw:!support_us

Finland, Mosvatnet, Herresåsen og Torefjellet

27.februar: Finlandialoppet, Lahti  Stordski er med !

Flott løp av Åsmund Hellesøy;  nr 94 av 471 i M40 i den 44. utgåva av klassiskrennet over 42 km i Lahti.

Resultat: http://live.eqtiming.no/20389#result:55746-257755-888896-1-2

28. februar:  Mosvatnet rundt,  Suldal  Alle klassar, klassisk stil

 http://www.skiforbundet.no/ars/terminliste/arrangement/?eid=296090

Ingen frå Stord reiste til Mosvatnet i år, sidan prioriteringa gjekk i favør av Voss:

28. februar : Herresåsen Rundt,  Voss Alle klassar, klassisk stil

http://www.skiforbundet.no/hordaland/terminliste-hordaland/arrangement/?eid=298605

Rapport frå KIEngevik:

Stord IL var godt representert på Voss i dag under årets utgåve av Herresåsen rundt. Rennet gjekk i klassisk teknikk over 27 km for seniorane, mens ungdomsklassane gjekk ca 10 km.

Jarle Haugland var sterkast av seniorane med klassesiger og dagens sjuande bestetid totalt.

Blant ungdommane var Jonas Engevik Vørøs raskast av våre med ein fin 2. plass i klasse G15-16. Ellers vart det gode tider og bra plasseringar også på resten av Stord-gjengen.

Like gledeleg som gode plasseringar, var det for oss at me stilte med både konkuranseklassens yngste deltakar (Håkon Berg - fødd 2004) og rennets eldste deltakar (Skilegenda Øystein Eide Eskeland - fødd 1945) 

Resultat:http://www.langrenn.com/resultater-herresaasen-rundt-2016.5848497-114053.html

6. mars: Torefjellsrennet på Sjusete. Alle klassar, fristil

http://www.skiforbundet.no/hordaland/terminliste-hordaland/arrangement/?eid=298197#