Arego
kw:!support_us

ÅRSMØTE 2024

ÅRSMØTE 2024  SKIGRUPPA i  STORD  ISDRETTSLAG

STAD:  Vikahaugane Sportssenter, Idrettsstova.

TID:  Måndag 4. mars 2024  kl  19.00 - 20.45

Resyme frå møtet:

Frammøte; 8 ski-medlemmer pluss dagleg leiar i Stord IL

1. Val av ordstyrar og møtereferent, samt to til å skriva under årsmøteprotokollen.  Ordstyrar: Skileiar Morten Føyen. Referat: Øyvind G. Berg. Protokollsignering; Kjell I. Engevik og Odd S. Rommetveit

2. Godkjenning av 1) årsmøteinnkalling og 2) dagsorden:  Godkjente

3. Årsmelding 2023  vart gjennomgått av leiar Morten Føyen.  Godkjent utan merknader. Årsmeldinga er lagt inn på heimesida. 

4.  Rekneskap 2023 Revisorgodkjent rekneskap vart framlagt og kommentert. Postar vart forklart og spørsmål besvart. Resultat for 2023 vart eit overskot på kr 58.530  Godkjent, med atterhald om endeleg godkjenning på årsmøtet til hovudlaget. 

5. Budsjett 2024  Framlagt med postar og summar utfrå erfaringar siste åra. Forventa overskot på kr 17.500 etter auke både på inntekts- og kostnadssida. Godkjent

6. Treningsavgift  2024  Fastsett med uendra satsar frå førre år; kr 300 per person og kr 100 for familiepersonar. I tillegg kjem hovudlaget sitt krav om medlemsavgift.

7.  Mål- og styringsplan 2024-2025.  Årets plan er for det aller meste bygt på førre plan. Den syner alt skigruppa står for.  Godkjent. 

8.  Innkomne framlegg.  Styret har foreslått at årsmøtet gir fullmakt til styret å utnemna personar til skiting og andre fora der slik representasjon er aktuelt. Godkjent. 

9.  Val av gruppestyre:  Valnemnda v/Dag K. Lægreid la fram forslag på attval av dei som stod på val. Det vart applaudert.

Skistyret:  Leiar: 24-25: Morten Føyen. Styremedlemmer 24-26: Øyvind G. Berg, Erling Tyse, Magnar Larsen og Odd Stuve Rommetveit.  23-25: Bernt Ø. Vad og Jarle Haugland. Varamedlem: 24-25: Kjell-Inge Engevik.   

10.  Val av valnemnd:   Attval på Stian Engevik og Dag K Lægreid.

 

_______________________________________ 

 

ÅRSMØTE  2023 i STORDSKI -  Skigruppa i Stord Idrettslag  måndag  6. mars kl 19.00 i Idrettsstova, Vikahaugane Sportssenter, Stord

Ny leiar i skigruppa: Morten Lyngås Føyen, etter eit godt møte med vanlege årsmøtesaker. 

Referat:   

      1. Val av ordstyrar og møtereferent, samt to til å skriva under

årsmøteprotokollen

Kjell-Inge Engevik vart valt til ordstyrar. Øyvind G. Berg vart valt til referent. Jarle Haugland og Magnar Larsen vart valt etil å signera protokollen.

  1. Godkjenning av 1) årsmøteinnkalling og 2) dagsorden.

Årsmøteinnkalling er sendt alle medlemmer og er kunngjort via heimeside og

facebook.  Årsmøteinnkalling og dagsorden godkjent utan merknad.

  1. Årsmelding 2022

Øyvind Gaute Berg gjekk gjennom utkast til årsmelding. Det var høve til å stilla

spørsmål til dei ulike postane i årsmeldinga.

Årsmeldinga vart godkjent utan merknad. Styret signerer årsmeldinga og leiar syt for at den vert levert hovudlaget innan fastsett frist. (sjå fullstendig årmelding nedanfor)

  1. Rekneskap 2022

Rekneskap for 2022 vart lagt fram for årsmøtet. Kvar post vart gjort greie for av kasserer.  Det var høve til å stilla spørsmål til dei ulike postane i rekneskapen.

Rekneskapen vart godkjent av årsmøtet utan merknad, med atterhald om revisor sine eventuelle justeringar og merknader mot hovudlaget. 

Budsjett 2023

Budsjett for 2023 vart lagt fram for årsmøtet.  Kasserer og leiar gjekk gjennom postane i budsjettet. Det var høve til å stilla spørsmål.Posten 6620 (vedlikehald og drift av lysløype) vart justert frå kr 50 000  til kr 100 000

Budsjettet vart deretter godkjent utan merknad. 

  1. Fastsetjing av treningskontingent 2023

Styret tilrår til at kontingent og treningsavgift vert vidareført uendra, det vil seie kr  300,- og kr 100,- per ekstra familiemedlem per år.

Årsmøte vedtok styret sitt framlegg.

  1. Godkjenning av Mål- og styringsplan 2023-2024

Mål- og styringsplan vart lagt fram for årsmøtet av leiar.

Årsmøtet godkjente revidert mål- og styringsplan for 2023-2024.

  1. Innkomne forslag

Styret har ikkje motteke forslag til saker utover årsmøteinnkalling/dagsorden som er sendt medlemmene.

  1. Val av gruppestyre

Valnemnda gjorde greie for si innstilling. Årsmøte tok valnemnda si innstilling til følgje og gjorde slikt val:

a) Morten Lyngås Føyen, valt som leiar i 1 år fram til 2024

b) Styremedlemmer på val i 2023.

- Bernt Øyvind Vad, valt for to år, år fram til 2025

- Jarle Haugland, valt for to år, fram til 2025

- Kjell-Inge Engevik, valt som varamedlem for to år, fram til 2025

- Desse styremedlemmene står ikkje på val i 2023

- Øyvind Gaute Berg, valt for to år, fram til 2024.

- Erling Tyse valt for to år, fram til 2024

- Odd Stuve Rommetveit, (kasserar) valt for to år fram til 2024.

- Magnar Larsen, valt for to år fram til 2024

10. Val av valnemnd

Stian Engevik og Dag Kjetil Lægreid vart valt av årsmøtet til ny fungerande valnemnd fram til årsmøtet 2024

Det var ingen fleire saker til handsaming og årsmøtet vart heva.

________________________

Årsmøtet gav innleiingsvis stor ros til våre trufaste løypekjørarar, Bernt Øyvind Vad og Magnar Hillestad

Stord, 6.3.2023  

Referat godkjent:

Jarle Haugland          Magnar Larsen

      sign.                           sign.

Melding utsendt 12. februar 2023:

Til  registrerte medlemmer i skigruppa.

ÅRSMØTE I STORDSKI  -  Skigruppa i Stord Idrettslag.

 Tid:        Måndag   06.03.2023 kl.19.00-21.00

Stad:     Idrettstova, Vikahaugane sportssenter

NB: Vedr. pkt  nedanfor.  Forslag til årsmøtet må vera styret i hende innan 24. februar. 

Årsmøtesaker: 

  1. Val av ordstyrar og møtereferent, samt to til å skriva under

 årsmøteprotokollen.                                                                                                             

  1. Godkjenning av 1) årsmøteinnkalling og 2) sakliste

                                                                      

  1. Gjennomgang og godkjenning av årsmelding for 2022

                                                                      

  1. Gjennomgang og godkjenning av rekneskap for 2022

 

  1. Gjennomgang og godkjenning av budsjett for 2023

                           

  1. Fastsetjing av treningskontigent for 2023

 

  1. Gjennomgang og godkjenning av mål og styringsplan

 for skigruppa 2023-24                                                                                                  

  1. Eventuelt innkomne forslag

 

  1. Val av leiar og gruppstryre, valnemda gjer greie for si innstilling.

Stord, 12.02.2023

 

 

 

______________________________________________________

 

Referat frå ÅRSMØTET 2022

STORD IL   SKIGRUPPA

ÅRSMØTE 7.3.2022, kl. 19.00 i Ringvegen 30, Heiane, Stord (Borgen Advokatar sine lokale).

Saker:1. Val av ordstyrar og møtereferent, samt to til å skriva under

årsmøteprotokollen

Kjell-Inge Engevik vart valt til ordstyrar. Øyvind G. Berg vart valt til referent. Morten Føyen og Odd Stuve Rommetveit vart valt til å signera protokollen.

  1. Godkjenning av 1) årsmøteinnkalling og 2) dagsorden.

Årsmøteinnkalling er sendt alle medlemmer og er kunngjort via heimeside og

facebook.  Årsmøteinnkalling og dagsorden godkjent utan merknad.

  1. Årsmelding 2021

Øyvind Gaute Berg gjekk gjennom utkast til årsmelding. Det var høve til å stilla

spørsmål til dei ulike postane i årsmeldinga.

Årsmeldinga vart godkjent utan merknad. Styret signerer årsmeldinga og leiar syt for at den vert levert hovudlaget innan fastsett frist. (sjå fullstendig årmelding nedanfor)

  1. Rekneskap 2021

Rekneskap for 2021 vart lagt fram for årsmøtet. Kvar post vart gjort greie for av kasserer og leiar  Det var høve til å stilla spørsmål til dei ulike postane i rekneskapen.

Rekneskapen vart godkjent av årsmøtet utan merknad, med atterhald om revisors godkjenning, og endeleg godkjenning og offentleggjering på årsmøtet i hovudlaget 28.3.22

  1. Budsjett 2022

Budsjett for 2022 vart lagt fram for årsmøte.  Kasserer og leiar gjekk gjennom postane i budsjettet. Det var høve til å stilla spørsmål.

Budsjettet vart godkjent utan merknad. 

  1. Fastsetjing av treningskontingent 2022

Styret tilrår til at kontingent og treningsavgift vert vidareført uendra, det vil seie kr  300,- og kr 100,- per ekstra familiemedlem per år.

Årsmøte vedtok styret sitt framlegg.

  1. Godkjenning av Mål- og styringsplan 2022-2023

Mål- og styringsplan vart lagt fram for årsmøtet av leiar.

Årsmøtet godkjente revidert mål- og styringsplan for 2022-2023.

  1. Innkomne forslag

Styret har ikkje motteke forslag til saker utover årsmøteinnkalling/dagsorden som er sendt medlemmene.

  1. Val av gruppestyre

Valnemnda gjorde greie for si innstilling. Årsmøte tok valnemnda si innstilling til følgje og gjorde slikt val:

a) Kjell-Inge Engevik, valt som leiar i 1 år fram til 2023

b) Styremedlemmer på val i 2022.

- Øyvind Gaute Berg valt for to år, fram til 2024.

- Erling Tyse valt for to år, fram til 2024

- Odd Stuve Rommetveit (kasserar) valt for to år fram til 2024.

- Magnar Larsen valt for to år fram til 2024

- Mortwen Føyen valt for to år som varamedlem, fram til 2024

Desse styremedlemmene står ikkje på val i år:

- Bernt Øyvind Vad valt for to år, fram til 2023.

- Jarle Haugland valt for to år, fram til 2023. 

10. Val av valnemnd

Stian Engevik og Dag Kjetil Lægreid vart valt av årsmøtet til ny fungerande valnemnd fram til årsmøtet 2023

Det var ingen fleire saker til handsaming og årsmøte vart heva.

Årsmøtet gav stor ros tilvåre trufaste løypekjørarar, Bernt Øyvind Vad og Magnar Hillesdal.

Stord, 7.3.2022  

Referat godkjent:

Morten Føyen og Odd Stuve Rommetveit 

_________________________________________________________

ÅRSMELDING  2021 

Sportsleg aktivitet.

 - Eigne arrangement:  

Rulleskirenn/kretssamling.

Kretssamling og terminfesta rulleskirenn for barn og ungdom har vore arrangert årleg i perioden 2013 til 2019 (med unntak for 2018). Kretssamlinga er fast inne på terminlista til Hordaland skikrets, og utgjer eit viktig bidrag til rekruttering og oppfølging av satsande skiungdom lokalt og regionalt.

Grunna utbrotet av Covid 19 vart skigruppa nøydd å avlysa kretssamlinga som var terminfesta i 2021 av smittervernomsyn.

 

Tysdagstrimmen:   

 

Hausten 2021 dei tradisjonelle ti løpa. I tillegg vart dei fire løpa som vart avlyst hausten 2020 grunna korona pandemien avvikla. Totalt vart det dermed 14 løp hausten 2021.

Oppslutninga har vore noko varierande, der noko må skyldast til dels krevjande verforhold.

 

Skigruppa takkar dei trufaste hovudfunksjonærane Per Steinar Lunde og Audvald Kvamme.

Namn og tider har vore på trykk i Sunnhordland.

 

 

Treningar:

Barne- og ungdomsgruppa har hatt faste treningar kvar veke med oppstart sesongen 2021/ 2022 etter 17. mai. Gjennom hausten er det gjennomført basistrening (løping med stavar og spenst) og rulleskitrening (klassisk og fristil). Treningane er lagt opp etter aldersnivå og under leiing av Kjell-Inge Engevik og Øyvind Gaute Berg.

Vinteren 2021 vart det gjennomført treningar på ski i lysløypa når skitilhøva har tillate det.

I tillegg til barne- og ungdomsgruppa sitt breddetilbod, har Stord Ski hatt to aktive ungdommar (junior) som driv konkurranseidrett på ski. Desse er Simen Engevik (2002) og Live Austlid Føyen (2005). Det har ikkje vore faste treningar for veteran-gruppa i 2021. Det er likevel fleire som trener saman etter nærare avtale, og deltek i konkurransar sommar og vinter.

- Lokale renn på Stord:

Grunna Korona pandemi, vart det ikkje høve til å arrangere skirenn med vanleg påmelding og deltaking. Det var arrangert to interne klubbrenn, begge med om lag 15 deltakarar. Det er også avvikla to treningsrenn på rulleskirenn for treningsgruppa med born og ungdom.

- Deltaking på arrangement utanfor Stord:

 

Sesongen 2021 har i stor grad vert prega av restriksjonar grunna utbrotet av Covid 19 og svært få terminfesta renn vart gjennomført som planlagd.

 

Det vart gjennomført eit aldersavgrensa KM opp til junior i regi av Korlevoll. Frå Stord Ski stilte 6 deltakarar til start, med ein fin 2. plass for Mathilde Askeland Larsen (J11) som beste resultat.

 

Sommaren 2021 vart Blink (rulleski) gjennomført i Rogaland. Simen Engevik utmerka seg her med siger i juniorklassen (sprint).

 

Det vart ikkje avvikla norgescup for junior vinteren 2021.

 

 

Andre skirenn

 

Grunna utbrotet av Covid 19 og av smittevernomsyn vart dei store turrenna avlyst i 2021.

 

 

 

              Andre saker

                            -Anlegg og dugnad

                            Prestagardsskogen:  Det er gjennomført jamlege dugnader i regi av barne- og ungdomsgruppa, der løypa og nærliggjande areal er rydda for skog m.m.  Engevik Byggsenter har velvillig stilt med utstyr for kosting av rulleskiløypa.

                            Aktivitetstilbod for born frå Heiane mottak:

                            Skigruppa har gjennom hausten gjennomført eit prosjekt med aktivitetstilbod til born og unge frå Heiane mottak. Prosjektet vart økonomisk støtta av UDI. Me hadde ein ettermiddag med demonstrasjon av rulleski, der born og unge frå vår treningsgruppe deltok som rettleiarar. Dette vart godt motteke. Det er i etterkant utlånt to sett med rulleski og tilhøyrsle som er stasjonert på mottaket. Me har i etterkant vert heldige og fått med oss ein gut frå mottaket på våre faste treningar.

Lysløypa og Heio:  Årleg dugnad vart utført seinhaustes i lysløypa (to laurdagar), med rydding av traséane for greiner, røter, steinar og anna rusk.

Det vert også lagt ned ein betydeleg innsats i løypekøyring gjennom vintersesongen, særleg Magnar Hillesdal og Bernt Øyvind Vad har lagt ned mange dugnadstimar i løypemaskinen til glede for alle brukarar av løypenettet i fjellet.

 

 

 

 

 

                            -Ymse

                            Heimesida:  stordski.no  Facebook

                            stordski.no: Heimesida er jamleg i bruk. Sida vert nytta både til annonsering av arrangement (interne og eksterne), resultatservice og anna praktisk informasjon, ikkje minst løype- og føremeldingar om vinteren.

                            I tillegg ei open facebook-side for Stordski. Sida er eit supplement til www.stordski.no og nådde eit breitt publikum på kort tid. Per i dag vert info om løypemeldingar, arrangement, resultat m.m. publisert på fjesboka og brukarane er mange.

                            Mål- og aktivitetsplan:  Skigruppa har utarbeidd ein omfattande mål- og aktivitetsplan, med årleg  rullering og  årsmøtegodkjenning.     

Medlemmer:  Skigruppa har i 2021 fått treningsavgift innbetalt frå i alt 52 personar.

Økonomi:   Økonomien til skigruppa er god. Viser elles til rekneskap for 2021.

Gruppeleiing:   Etter valet på  årsmøtet 17.2.2021 var styret samansett slik:

Leiar:                                Kjell-Inge Engevik, valt i 2021 for 1 år.

Styremedlemmer:         Øyvind Gaute Berg, valt i 2020 for 2 år. Erling Tyse, valt i 2020 for 2 år. Odd Stuve Rommetveit (kasserar), valt i 2020 for 2 år. Magnar Larsen, valt i 2020 for 2 år. Magnar Hillesdal (vara), valt i 2020 for 2 år. Styremedlemmene Bernt Øyvind Vad og Jarle Haugland stod ikkje på val i 2021.

 

I 2021 er det gjennomført 4 styremøte.                            

 

Trenarar og oppmenn: Øyvind Gaute Berg og Kjell-Inge Engevik.

Styret i skigruppa takkar alle som gjorde ein innsats for skiidretten på Stord i 2021.

 

Stord, 7.3.2022

Kjell-Inge Engevik, leiar                         Odd Stuve Rommetveit, kasserar         

Øyvind Gaute Berg, sekretær                                                                              Styremedlemer: Erling Tyse, Jarle Haugland, Bernt Øyvind Vad                          Magnar Larsen               

_______________________________________________________ 

 

ÅRSMØTE 22.2.2021, kl. 19.00 i idrettsstova, Vikahaugane.

Saker:

  1. Val av ordstyrar og møtereferent, samt to til å skriva under

årsmøteprotokollen

Kjell-Inge Engevik vart valt til ordstyrar. Øyvind G. Berg vart valt til referent. Magnar

Larsen og Dag Kjetil Lægreid vart valt til å signera protokollen.

  1. Godkjenning av 1) årsmøteinnkalling og 2) dagsorden.

Årsmøteinnkalling er sendt alle medlemmer og er kunngjort via heimeside og

facebook.  Årsmøteinnkalling og dagsorden godkjent utan merknad.

  1. Årsmelding 2020

Øyvind Gaute Berg gjekk gjennom utkast til årsmelding. Det var høve til å stilla

spørsmål til dei ulike postane i årsmeldinga.

Årsmeldinga vart godkjent utan merknad. Styret signerer årsmeldinga og leiar syt for

at denne vert levert hovudlaget innan fastsett frist.

  1. Rekneskap 2020

Rekneskap for 2020 vart lagt fram for årsmøte. Kvar post vart gjort greie for av

kasserer.  Det var høve til å stilla spørsmål til dei ulike postane i rekneskapen.

Rekneskapen vart godkjent av årsmøte utan merknad med atterhald om revisors sine

eventuelle justeringar og merknader.

  1. Budsjett 2021

Budsjett for 2021 vart lagt fram for årsmøte.  Kasserer og gjekk gjennom postane i budsjettet. Det var høve til å stilla spørsmål.

Budsjettet vart godkjent utan merknad. 

  1. Fastsetjing av treningskontingent 2021

Styret tilrår til at kontingent og treningsavgift vert vidareført uendra, det vil seie kr

300,- og kr 100,- per ekstra familiemedlem per år.

Årsmøte vedtok styret sitt framlegg.

  1. Godkjenning av Mål- og styringsplan 2021-2022

Mål- og styringsplan vart lagt fram for årsmøte av leiar.

Årsmøte godkjente revidert mål- og styringsplan for 2021-2022.

  1. Innkomne forslag

Styret har ikkje motteke forslag til saker utover årsmøteinnkalling/dagsorden som er

sendt medlemmene.

  1. Val av gruppestyre

Valnemnda gjorde greie for si innstilling. Årsmøte tok valnemnda si innstilling til følgje

og gjorde slikt val:

a) Kjell-Inge Engevik, valt som leiar i 1 år fram til 2022

b) Styremedlemmer på val i 2021.

- Bernt Øyvind Vad valt for to år, fram til 2023.

- Jarle Haugland valt for to år, fram til 2023.

Desse styremedlemmene står ikkje på val i 2021:

- Øyvind Gaute Berg valt for to år, fram til 2022.

- Erling Tyse valt for to år, fram til 2022.

- Odd Stuve Rommetveit (kasserar) valt for to år, fram til 2022.

- Magnar Larsen valt for to år, fram til 2022.

Det var ingen fleire saker til handsaming og årsmøte vart heva.

Stord, 22.2.2021  

Referat godkjent:

Magnar Larsen   Dag Kjetil Lægreid        

_________________________________________________________ 

Referat frå årsmøtet 2020

 STORD IL   SKIGRUPPA

ÅRSMØTE 17.2.2020, kl. 19.00 i Borgen Advokatar i Ringvegen 30 på Heiane, Stord.  

Saker:

  1. Val av ordstyrar og møtereferent, samt to til å skriva under årsmøteprotokollen

Odd Stuve Rommetveit vart valt til ordstyrar. Øyvind G. Berg vart valt til referent.  Erling Tyse og Magnar Hillesdal vart valt til å signera protokollen.

  1. Godkjenning av 1) årsmøteinnkalling og 2) dagsorden.

Årsmøteinnkalling er sendt alle medlemmer og er kunngjort via heimeside og facebook.   Årsmøteinnkalling og dagsorden godkjent utan merknad.

  1. Årsmelding 2019

Øyvind Gaute Berg gjekk gjennom utkast til årsmelding. Det var høve til å stilla spørsmål til dei ulike postane i årsmeldinga.

Årsmeldinga vart godkjent utan merknad. Styret signerer årsmeldinga og leiar syt for at denne vert levert hovudlaget innan fastsett frist.

     4   Rekneskap 2019

Rekneskap for 2019 vart lagt fram for årsmøtet. Kvar post vart gjort greie for av kasserer og leiar. Det var høve til å stilla spørsmål til dei ulike postane i rekneskapen.  Rekneskapen vart godkjent av årsmøte utan merknad, men med atterhald om revisors godkjenning. 

  1. Budsjett 2020 

Budsjett for 2020 vart lagt fram for årsmøtet. Kasserer og leiar gjekk gjennom postane i budsjettet. Det var høve til å stilla spørsmål. Budsjettet vart godkjent utan merknad.

  1. Fastsetjing av treningsavgift 2020

Styret tilrår til at treningsavgift vert vidareført uendra, det vil seie kr 100,- og kr 300,- per år. Årsmøtet vedtok styret sitt framlegg.

7.Godkjenning av Mål- og styringsplan 2020-2021  

Mål- og styringsplan vart lagt fram for årsmøte av leiar.

Årsmøte godkjente revidert mål- og styringsplan for 2020 – 2021.

8.Innkomne forslag 

Styret har ikkje motteke forslag til saker utover årsmøteinnkalling/dagsorden som er sendt medlemmene

9.Val av gruppestyre

Valnemnda gjorde greie for si innstilling. Årsmøte tok valnemnda si innstilling til følgje og gjorde slikt val

Kjell Inge Engevik vart attvalt til leiar for 1 år, fram til 202

Styremedlemmer på val i 2020:

  1. Øyvind Gaute Berg (sekretær, attvalt for 2 år, fram til 2022)
  2. Erling Tyse (alpint, attvalt for 2 år, fram til 2022)
  3. Odd Stuve Rommetveit (attvalt, kasserar)  (fram til 2022)
  4. Magnar Larsen (styremedlem, ny, fram til 2022)

Desse styremedlemmene stod ikkje på val i år:

  • Bernt Øyvind Vad  og Jarle Haugland

Varamedlem Magnar Hillesdal, vart attvalt for 2 år fram til 2022 

   10   Val av valnemnd  

Dag Kjetil Lægreid og Stian Engevik vart valt av årsmøtet til ny fungerande valnemnd fram til årsmøte 2021. 

Det var ingen fleire saker til handsaming og årsmøtet vart heva.

Stord, 17.2.2020 

Erling Tyse              Magnar Hillesdal

 ...........................................................................................................

Årsmøtet 2020 i STORDSKI vert halde måndag 17. februar kl 19.00 på Heiane, i Ringvegen 30 i Borgen Advokatar sine lokale i 2. etasje over Norengros-butikken.  

Vanlege årsmøte saker, med årsmelding 2019, rekneskap 2019, budsjett 2020, årleg plan for skigruppa, treningskontingent og val. Det vert også statusrapport for prosjekt BETRE TILKOMST TIL HEIO. 

Framlegg til årsrapport 2019  frå styret vert lagt inn her på sida innan ei veke før årsmøtet.  Meld frå til styret innan 12. februar om andre saker som bør takast opp på årsmøtet. 

Vel møtt til årsmøtet 2020, der det også vert enkel servering og god ski-drøs!

oooooooooooooooooooooo

   Skigruppa,  Stord IL   ÅRSMELDING  2020  Vedtatt på årsmøte i skigruppa 22.2.2021

Sportsleg aktivitet. 

- Eigne arrangement: 

Rulleskirenn/kretssamling.

Kretssamling og terminfesta rulleskirenn for barn og ungdom har vore arrangert årleg i perioden 2013 til 2019 (med unntak for 2018). Kretssamlinga er fast inne på terminlista til Hordaland skikrets, og utgjer eit viktig bidrag til rekruttering og oppfølging av satsande skiungdom lokalt og regionalt.

Grunna utbrotet av Covid 19 i 2020 vart skigruppa nøydd å avlysa kretssamlinga som var terminfesta i 2020 av smittervernomsyn.

 Tysdagstrimmen: 

Hausten 2020 vart det gjennomført ein tilpassa versjon av Tysdagstrimmen, med oppstart 29. september. Det vart lagt opp til førehandspåmelding og gruppevis start i tråd med føringar for arrangement under utbrotet av Covid 19.

6 løpskveldar vart gjennomført fram 3. november. Resterande 4 løpskveldar er utsett til våren 2021 av smittervernomsyn.

Skigruppa takkar dei trufaste hovudfunksjonærane Per Steinar Lunde, Audvald Kvamme, Vebjørn Lien og Odd Stuve Rommetveit. Alle namn og tider har vore på trykk i Sunnhordland. 

Treningar:

Barne- og ungdomsgruppa har hatt faste treningar kvar veke med oppstart sesongen 2020/2021 etter 17. mai. Gjennom hausten er det gjennomført basistrening (løping med stavar og spenst) og rulleskitrening (klassisk og fristil). Treningane er lagt opp etter aldersnivå og under leiing av Kjell-Inge Engvik og Øyvind Gaute Berg. 

Vinteren 2020 vart det gjennomført treningar på ski i lysløypa når skitilhøva har tillate det.

I tillegg til barne- og ungdomsgruppa sitt breddetilbod, har Stord Ski hatt to aktive ungdommar (junior) som driv konkurranseidrett på ski. Desse er Simen Engevik (2002) og Jonas Engevik (2001). Det har ikkje vore faste treningar for veteran-gruppa i 2020. Det er likevel fleire som trener saman etter nærare avtale, og deltek i konkurransar sommar og vinter. 

 - Lokale renn på Stord: 

 Grunna dårlege snøforhold i lysløypa, vart det ikkje arrangert skirenn på snø før utbrotet av Covid-19 sat stoppar for all organisert aktivitet.

Det har vert arrangert to treningsrenn på rulleskirenn for treningsgruppa med born og ungdom. 

- Deltaking på arrangement utanfor Stord:

Dei fleste av Hordaland skikrets sine krinsrenn føregår i Herresåsen på Voss og elles rundt i Voss- og Hardangertraktene. Ungdomsgjengen var hyppig representerte, og gjorde det godt i mange av renna. Grunna utbrotet av Covid 19 vart det ikkje arrangert skirenn i regi av Hordaland skikrins etter KM i januar. Stord Ski deltok i KM med løparar både i barneklasse, junior og senior fordelt over to dagar. Best av våre var Simen Engevik, som vart krinsmeister i klasse M18, 10 km klassisk. Øvrige deltakarar frå Stord i KM var følgjande:

Fristil J10 Mathilde A. Larsen

G13 Erwin Wilhelmsen nr. 9

M19-20 Jonas Engevik Vørøs nr. 8

MSen Åsmund Hellesøy nr. 15 Klassisk

M18 Simen Engevik nr. 1

MSen Øyvind G. Berg nr. 9

MSen Åsmund Hellesøy nr. 11

MSen Kjell-Inge Engevik nr. 12 

Norgescup junior Jonas Engevik Vørøs og Simen Engevik har delteke på Noregscuprenn for junior. Simen fekk svært gode resultat under Noregscuphelga i Holmenkollen, der han vart nummer 4 på sprintdistansen og nummer 6 på 15 km fri under krevjande forhold. Ei rekkje Noregscuprenn vart avlyst grunna Korona smittesituasjon. 

Andre skirenn:  Grunna utbrotet av Covid 19 vart mange av dei store turrenna avlyst i 2020, men fleire frå klubben deltok på Helterennet med start og mål på Rauland. Her kan mellom anna nemnast at Jonas Engevik Vørøs vann juniorklassen på 42 km distansen. 

Andre saker

-Anlegg og dugnad

Prestagardsskogen: Det er gjennomført jamlege dugnader i regi av barne- og ungdomsgruppa, der løypa og nærliggjande areal er rydda for skog m.m. Engevik Byggsenter har velvillig stilt med utstyr for kosting av rulleskiløypa. 

Lysløypa og Heio: Årleg dugnad vart utført seinhaustes i løysløypa (to laurdagar), med rydding av traséane for greiner, røter, steinar og anna rusk. Det vert også lagt ned ein betydeleg innsats i løypekøyring gjennom vintersesongen, særleg Magnar Hillesdal og Bernt Øyvind Vad har lagt ned mange dugnadstimar i løypemaskinen til glede for alle brukarar av løypenettet i fjellet. 

Prosjekt betre tilkome Heio:

Årsmøtet 2019 vedtok at det skal setjast ned ei arbeidsgruppe med følgjande medlemmer: - Bernt Øyvind Vad - Magnar Hillesdal - Stian Engevik - Hallgeir Matre - Odd S. Rommetveit (sekretær) Mandatet til arbeidsgruppa skal vera greia ut om føretrekt traseval og løysing, inklusiv parkering, for betre tilkomst til Heio. Utvalet frå årsmøtet i -19 har gjennomført både synfaringar og møte. Arbeidsgruppa konkluderte med at traseen opp gjennom Hestafossjuvet er det mest realistiske alternativet. Dette er blitt vidareført i alle møte med kommunen og dei øvrige interessentane. Ein forprosjektrapport vart ferdig frå kommunen si side i desember 2019. Arbeidet med prosjekt betre tilkome Heio har halde fram gjennom 2020.

-Ymse Heimesida: stordski.no Facebook og Skinytt stordski.no:

Heimesida er jamleg i bruk. Sida vert nytta både til annonsering av arrangement (interne og eksterne), resultatservice og anna praktisk informasjon, ikkje minst løype- og føremeldingar om vinteren.

I tillegg 2014 oppretta ei open facebook-side for Stordski. Sida er eit supplement til www.stordski.no og nådde eit breitt publikum på kort tid. Per i dag vert info om løypemeldingar, arrangement, resultat m.m. publisert på fjesboka og brukarane er mange. 

Skinytt: Odd S. Rommetveit har sidan 2014 utarbeidd eit kortfatta informasjonsskriv til medlemmer og andre med interesse for skiidretten på Stord med fleire årlege utsendingar. 

Mål- og aktivitetsplan: Skigruppa har utarbeidd ein omfattande mål- og aktivitetsplan, med årleg rullering og årsmøtegodkjenning. 

Medlemmer: Skigruppa har i 2020 fått treningsavgift innbetalt frå i alt 41 personar. 

Økonomi: Økonomien til skigruppa er god. Viser elles til rekneskap for 2020. 

Gruppeleiing: Etter valet på årsmøtet 17.2.2020 var styret samansett slik:

Leiar: Kjell-Inge Engevik, valt i 2020 for 1 år.

Styremedlemmer: Øyvind Gaute Berg, valt i 2020 for 2 år. Erling Tyse, valt i 2020 for 2 år. Odd Stuve Rommetveit (kasserar), valt i 2020 for 2 år. Magnar Larsen, valt i 2020 for 2 år. Magnar Hillesdal (vara), valt i 2020 for 2 år. Styremedlemmene Bernt Øyvind Vad og Jarle Haugland stod ikkje på val i 2020. I 2020 er det gjennomført 4 styremøte. 

Trenarar og oppmenn: Øyvind Gaute Berg og Kjell-Inge Engevik. 

Styret i skigruppa takkar alle som gjorde ein innsats for skiidretten på Stord i 2020. 

Styret takkar også til alle våre velvillige sponsorar: Engevik Byggsenter AS, Engelsen Entreprenør AS, Borgen Advokatar AS, Valvatne Bygg AS, Sunnhordland Bil AS, Wintershall AS og ABB AS

Stord, 22.2.2021

Kjell-Inge Engevik              Odd Stuve Rommetveit          Øyvind Gaute Berg

Leiar                                   Kasserar                                 Styremedlem                             

Erling Tyse                         Jarle Haugland                       Bernt Øyvind Vad Styremedlem                      Styremedlem                          Styremedlem                             

Magnar Larsen                   Magnar Hillesdal

Styremedlem                      varamedlem

 

Årsmelding 2019  -  vedtatt på årsmøtet  17.02.2020

Sportsleg aktivitet.

 - Eigne arrangement:         

Rulleskirenn/kretssamling.

Kretssamling og terminfesta rulleskirenn vart arrangert for 5. gong i september 2019 i regi av skigruppa, etter avlysing i 2018 grunna kollisjon med arrangement i regi av Vossalangrenn.

I overkant av 40 spreke ungdommar - 13 til 16 år - fekk instruksjon, trening, sosial samling og inspirasjon av dyktige trenarar og leiarar. Trenarteamet var dels lokale og dels frå kretsen. 

Samlinga starta som tidlegare fredag ettermiddagen med styrke-/sirkeltrening. Høgdepunktet laurdagen var rulleskitur til fjells med avslutning på joggesko opp trappene i Fossabrekko. I dei andre øktene var fokus teknikk. Kretsrennet i fristill - ope for alle klassar -  avslutta samlinga sundag. 

Kretssamlinga er fast inne på terminlista til Hordaland skikrets, og utgjer eit viktig bidrag til rekruttering og oppfølging av satsande skiungdom lokalt og regionalt. Svært gledeleg denne gongen at fleirtalet av deltakarane var jenter. 

Tysdagstrimmen:  

10 trimmekveldar frå oktober til desember vart gjennomført frå Vabakkjen i samsvar med lang tradisjon. 

Siste runde i TYSDAGSTRIMMEN 2019 (34. sesong) gjekk 10. desember kl. 19.00, og vart avslutta med premieutdeling. 

Skigruppa takkar dei trufaste hovudfunksjonærane Per Steinar Lunde og Audvald Kvamme. Alle namn og tider har vore på trykk i Sunnhordland.

Treningar:

Barne- og ungdomsgruppa har hatt faste treningar kvar veke med oppstart sesongen 2018/2019 etter 17. mai. Gjennom hausten er det gjennomført basistrening (løping med stavar og spenst) og rulleskitrening (klassisk og fristil). Treningane er lagt opp etter aldersnivå og under leiing av Kjell-Inge Engvik og Øyvind Gaute Berg.

I perioden frå slutten av januar og ut februar 2019 var det gode snøforhold i lysløypa, og det vart gjennomført treningar på ski kvar veke i denne perioden.

I tillegg til barne- og ungdomsgruppa sitt breddetilbod, har Stord Ski hatt tre aktive ungdommar (ungdom/junior) som driv konkurranseidrett på ski i sesongen 2018/2019. Desse er Håkon Størkson Berg (2004), Simen Engevik (2002) og Jonas Engevik (2001). Jonas er 3. året på Voss Gymnas (toppidrett ski) og Simen er tilknytt NTG Geilo på andre året.

Det har ikkje vore faste treningar for veteran-gruppa i sesongen 2018/2019. Det er likevel fleire som trener saman etter nærare avtale, og deltek i konkurransar sommar og vinter.

- Lokale renn på Stord:

Det vart avvikla to renn i lysløypa 2019, både barneskirenn og rankingrenn. Størst deltaking var det 31. januar (onsdag) med heile 170 startande. Den 2. februar stilte 79 små og store til start.

- Deltaking på arrangement utanfor Stord: 

KM  Dei fleste av Hordaland skikrets sine krinsrenn føregår i Herresåsen på Voss og elles rundt i Voss- og Hardangertraktene. Ungdomsgjengen var hyppig representerte, og gjorde det godt i mange av renna. 

Lokalt må det framhevast at Simen Engevik vart krinsmeister i M17 i klassisk stil. Rennet vart avvikla i Kvam, Sjusete, under gode vinterforhold. I seniorklassen stilte Øyvind Gaute Berg og Kjell-Inge Engevik, som plasserte seg høvesvis som nr. 6 og nr. 16. 

Simen Engevik vart også krinsmeister i sprint, fristil. Jonas Engevik deltok også her, med gode resultat. 

Norgescup junior

Jonas Engevik og Simen Engevik har delteke i Norgescup, som samlar alle dei aktivt satsande juniorane i Norge (Jonas 6 startar og Simen 8 startar). Jonas har sitt beste resultat frå sprint, medan Simen toppa sesongavslutninga med ein sterk 2. plass på 15 km i klassisk fellesstart under finalen i Norgescupen på Lygna den 31. mars 2019. Simen viste med dette at han har etablert seg på toppnivå i Norge. Både Simen og Jonas er fine ambassadørar for skisporten på Stord gjennom deltaking nasjonalt på høgaste nivå. 

Andre skirenn 

Skiløparar frå Stord har delteke i dei fleste terminfesta turrenna i kretsen og elles i enkeltrenn i andre kretsar (Hordaland og Rogaland). Her kan nemnast Herresåsen rundt, Haukelirennet  m. fl. Det har også vore deltaking i Birkebeinerrennet, Helterennet og Hovden tour mv.. blant veteranane. Fleire av veteranane har Birkebeinerrennet som årleg mål og Stordski var også i 2019 godt representert. Merketakarar denne gongen var Kjell-Inge Engevik, Øyvind Gaute Berg, Kjell Magnar Helland og Åsmund Hellesøy. 

Breiddearrangementet Haukelirennet samlar også mange frå Stord, både aktive skiløparar og turgåarar. 

Frå alpingruppa har Erling Tyse delteke på ei veteransamling på Geilo vinteren 2019. 

Andre arrangement 

Hausten 2019 vart det gjennomført eit grunnkurs i bruk av rulleski på uteområdet ved Heiane mottak. To av våre ungdommar stilte velvillig opp og var sentrale i gjennomføringa. Det var godt oppmøte blant bebuarane ved mottaket, og tilbakemeldingane etter kurset var gode.

Andre saker   -Anlegg og dugnad

                        Prestagardsskogen:  Det er gjennomført jamlege dugnader i regi av barne- og ungdomsgruppa, der løypa og nærliggjande areal er rydda for skog m.m.  Engevik Byggsenter har velvillig stilt med utstyr for kosting av rulleskiløypa.

Lysløypa og Heio:  Årleg dugnad vart utført seinhaustes i løysløypa (to laurdagar), med rydding av traséane for greiner, røter, steinar og anna rusk.

Det vert også lagt ned ein betydeleg innsats i løypekøyring gjennom vintersesongen, særleg Magnar Hillesdal og Bernt Øyvind Vad har lagt ned mange dugnadstimar i løypemaskinen til glede for alle brukarar av løypenettet i fjellet. Vinteren 2019 vart det køyrd løyper jamleg, både lysløypa og på Heio, i perioden frå medio januar til slutten av februar.

Prosjekt betre tilkome Heio

Årsmøte 2019 vedtok at det skal setjast ned ei arbeidsgruppe med følgjande medlemmer:

  • Bernt Øyvind Vad -Magnar Hillesdal -Stian Engevik -Hallgeir Matre
  • Odd S. Rommetveit (sekretær) 

Mandatet til arbeidsgruppa skal vera greia ut om føretrekt traseval og løysing, inklusiv parkering, for betre tilkomst til Heio.  Utvalet frå årsmøtet i -19 har gjennomført både synfaringar og møte. Arbeidsgruppa konkluderte med at traseen opp gjennom Hestafossjuvet er det mest realistiske alternativet. Dette er blitt vidareført i alle møte med kommunen og dei øvrige interessentane. Ein forprosjektrapport vart ferdig frå kommunen si side i desember 2019, og skal handsamast politisk tidleg i 2020. Då trengs det nytt vedtak og ny politisk bestilling for å oppretthalda og få ny framdrift i prosjektet. Skigruppa er aktivt med vidare.

                      -Ymse

                        Heimesida:  stordski.no  Facebook  og  Skinytt

                        stordski.no: Heimesida er jamleg i bruk. Sida vert nytta både til annonsering av arrangement (interne og eksterne), resultatservice og anna praktisk informasjon, ikkje minst løype- og føremeldingar om vinteren.

                        I tillegg 2014 oppretta ei open facebook-side for Stordski. Sida er eit supplement til www.stordski.no og nådde eit breitt publikum på kort tid. Per i dag vert info om løypemeldingar, arrangement, resultat m.m. publisert på fjesboka og brukarane er mange.

                        Skinytt: Leiar i skigruppa, Odd S. Rommetveit har sidan 2014 utarbeidd eit kortfatta informasjonsskriv til medlemmer og andre med interesse for skiidretten på Stord. I 2019 er det sendt ut løpande informasjon om arrangement som skirenn, kurs mv. til medlemmene i skigruppa frå leiar, Odd Stuve Rommetveit.

Mål- og aktivitetsplan:  Skigruppa har utarbeidd ein omfattande mål- og aktivitetsplan, med årleg  rullering og  årsmøtegodkjenning.    

Medlemmer:  Skigruppa har i 2019 fått treningsavgift innbetalt frå i alt 31 personar.

Økonomi:   Økonomien til skigruppa er god. Viser elles til rekneskap for 2019.

Gruppeleiing:   Etter valet på  årsmøtet 18.2.2019 var styret samansett slik:

Leiar:                        Odd Stuve Rommetveit, valt i 2019 for 1 år.

Styremedlemmer:    Bernt Øyvind Vad, valt i 2019 for 2 år. Kjell-Inge Engevik, valt i 2019 for 2 år. Jarle Haugland, valt i 2019 for to år. Kasserar, Odd Stuve Rommetveit, valt i 2019 for to år.  Øyvind Gaute Berg, Erling Tyse, Åsmund Hellesøy og Magnar Hillesdal stod ikkje på val i 2019.

Trenarar og oppmenn: Øyvind Gaute Berg, Kjell-Inge Engevik, Sigurd Sandvold og StianEngevik.

Styret i skigruppa takkar alle som gjorde ein innsats for skiidretten på Stord i 2019. Styret takkar også til alle våre velvillige sponsorar:

Engevik Byggsenter AS, Kværner, ABO Plan & Arkitektur Stord AS, Borgen Advokatar AS, Engelsen Bygg AS, Valvatne Trelast AS, SKL AS, Haugaland Kraft AS, RHS AS, Byrået AS, Sunnhordland Bil AS og Leirvik AS.

Stord, 18.2.2020 

Odd Stuve Rommetveit Bernt Øyvind Vad Øyvind G. Berg            Erling Tyse

Leiar og kasserar          styremedlem          styremedlem               styremedlem

Kjell-Inge Engevik   Åsmund Hellesøy  Jarle Haugland            Magnar Hillesdal

styremedlem           styremedlem            styremedlem             varamedlem

 MMMMMMMMMMMMMMMMMMMMMMMMMMMM

Referat frå  årsmøtet 2019:  

STORD IL   SKIGRUPPA

ÅRSMØTE 18.2.2019, kl. 19.00 i Borgen Advokatar i Ringvegen 30 på Heiane, Stord.  

Saker:

  1. Val av ordstyrar og møtereferent, samt to til å skriva under årsmøteprotokollen

Odd Stuve Rommetveit vart valt til ordstyrar. Øyvind G. Berg vart valt til referent. Hallgeir Matre og Dag Kjetil Lægreid vart valt til å signera protokollen.

  1. Godkjenning av 1) årsmøteinnkalling og 2) dagsorden.

Årsmøteinnkalling er sendt alle medlemmer og er kunngjort via heimeside og facebook.   Årsmøteinnkalling og dagsorden godkjent utan merknad.

  1. Årsmelding 2018

Øyvind Gaute Berg gjekk gjennom utkast til årsmelding. Det var høve til å stilla spørsmål til dei ulike postane i årsmeldinga.

Årsmeldinga vart godkjent utan merknad. Styret signerer årsmeldinga og leiar syt for at denne vert levert hovudlaget innan fastsett frist.

     4   Rekneskap 2018

Rekneskap for 2018 vart lagt fram for årsmøtet. Kvar post vart gjort greie for av kasserer og leiar. Det var høve til å stilla spørsmål til dei ulike postane i rekneskapen.  Rekneskapen vart godkjent av årsmøte utan merknad, men med atterhald om revisors godkjenning. 

    5. Budsjett 2019 

Budsjett for 2019 vart lagt fram for årsmøtet. Kasserer og leiar gjekk gjennom postane i budsjettet. Det var høve til å stilla spørsmål. Budsjettet vart godkjent utan merknad.

  1. Fastsetjing av treningskontingent 2019

Styret tilrår til at treningsavgift vert vidareført uendra, det vil seie kr 100,- og kr 300,- per år. Årsmøtet vedtok styret sitt framlegg

      7. Godkjenning av Mål- og styringsplan 2019-2020  

Mål- og styringsplan vart lagt fram for årsmøte av leiar.

Årsmøte godkjente revidert mål- og styringsplan for 2019 – 2020. Det kom merknad om at traséval til Heio ikkje er låst i mål- og styringsplanen. 

       8.  Innkomne forslag 

Styret har ikkje motteke forslag til saker utover årsmøteinnkalling/dagsorden som er sendt medlemmene, med unntak av forslag om nedsetjing av komite som skal arbeida med «betre tilkomst til Heio.

Årsmøtet vedtok at det vert sett ned ei arbeidsgruppe med følgjande medlemmer:  Bernt Øyvind Vad, Magnar Hillesdal, Stian Engevik, Hallgeir Matre og med Odd Stuve Rommetveit som sekretær.

Mandatet til arbeidsgruppa skal vera å greia ut om føretrekt traséval og løysing, inklusiv parkering, for betre tilkomst til Heio.

Arbeidsgruppa skal ferdigstilla sit arbeid innan 30. april 2019 og leggja fram sin konklusjon for styret i skigruppa.

     9.   Val av gruppestyre

Valnemnda gjorde greie for si innstilling. Årsmøte tok valnemnda si innstilling til følgje og gjorde slikt val:

  1. Odd Stuve Rommetveit vart attvalt til leiar for 1 år, fram til 2020 
  2. Styremedlemmer på val i 2019:
    1. Kjell-Inge Engevik (attvalt for 2 år, fram til 2021
    2. Bernt Øyvind Vad (attvalt for 2 år, fram til 2021)
    3. Jarle Haugland (valt til nytt styremedlem, fram til 2021) Han erstattar Sigurd Sandvold, som derved gjekk ut av styret etter fleire års flott virke.

Desse styremedlemmene stod ikkje på val i år:Åsmund Hellesøy, Øyvind Gaute Berg, Erling Tyse og Odd Stuve Rommetveit (kasserar)

Varamedlem Magnar Hillesdal, vart valt for 2 år som vara i 2018 (fram til 2020) 

   10   Val av valnemnd  

Dag Kjetil Lægreid og Stian Engevik vart valt av årsmøtet til ny fungerande valnemnd fram til årsmøte 2020. 

Det var ingen fleire saker til handsaming og årsmøtet vart heva.

Stord, 18.2.2019 

Dag Kjetil Lægreid                  Kjell-Inge Engevik

 

 

Skigruppa i Stord IL kallar inn til ÅRSMØTE  

MÅNDAG 18. februar 2019  kl 19.00 

i lokala til Borgen Advokar, Ringvegen 30 på Heiane. (Vis-a-vis Heiane Storsenter, i etasjen over Norengros sin butikk.)

Saker: 

  1. Opning. Val av ordstyrar og møtereferent, samt to til å skriva under protokollen

     2.  Godkjenning av 1) årsmøteinnkalling og 2) dagsorden 

  1. Godkjenning av Årsmelding 2018 Godkjent i styret 14.2.19

     4.  Godkjenning av Rekneskap 2018 Godkjent i styret 14.2.19

     5.  Godkjenning av Budsjett 2019. Godkjent i styret 14.2.19 

  1. Fastsetjing av treningskontingent 2019. Forslag blir lagt fram

     7.   Godkjenning av Plan for skigruppa 2019-20 

  1. Innkomne forslag 

     9.  Val av gruppestyre. 

  1. Val av valnemnd  

------------                                       

Etter årsmøtet: Matøkt og anna kløkt:   Ski- og anleggsfaglege idéutvekslingar

 Helsing

SKIGRUPPA i STORD IL  

Odd Stuve Rommetveit

leiar

tlf 901 63 598

 

 Årsmelding 2018   

Skigruppa,  Stord IL    Årsmelding 2018

Sportsleg aktivitet.
 - Eigne arrangement: 
Rulleskirenn/kretssamling.
Stord Ski har dei siste fire åra stått som arrangør av kretsrenn på rulleski i samband med avvikling av kretssamling i Hordaland. Grunna kollisjon med arrangement i regi av Vossalangrenn, måtte vi dessverre avlysa terminfesta kretssamling og kretsrenn tidsett første sundag i september. Styret i Stord Ski vonar at vi i 2019 kjem sterkare tilbake og då får gjennomført den årlege kretssamlinga, som vert avslutta sundagen med kretsrenn i rulleskianlegget i Prestagardsskogen.

Tysdagstrimmen:  

10 trimmekveldar frå oktober til desember vart gjennomført frå Vabakkjen i samsvar med lang tradisjon. Siste runde i TYSDAGSTRIMMEN 2018 (33. sesong) gjekk 4. desember kl 19.00.

Skigruppa takkar dei trufaste hovudfunksjonærane Per Steinar Lunde og Audvald Kvamme.
Alle namn og tider har vore på trykk i Sunnhordland.


Rulleskikurs
Skigruppa arrangerte onsdag 26. september rulleskikurs for ung