Arego
kw:!support_us

23.-25.2. Sauda, Hovden og Lygna

Sauda - Slettedalen: I tradisjonsrike Slettedalen Rundt 25 km klassisk søndag  25.2. stilte Øystein E Eskeland i felles herreklasse, saman med ungfolar heilt ned i 21-årsalderen. Fine forhold i ein fin dal. Han var einaste frå Stordski. Det har vore dalande totaldeltaking dei siste åra. I fleire år var Stord der med rundt 10 deltakarar. I år var det  totalt 24 deltakarar på resultatlista. https://www.langrenn.com/slettedalen

Hovden: Støyledalslåmi fekk i år vitjing av herr og fru Hillesdal.  Magnar vann MV 61-704 med god margin.  Anne Grethe gjekk i mosjonklassen. Begge gjekk 22 km - klassisk.https://www.langrenn.com//stoyledalslami-2018.pdf

Lygna 23.-25.2. Hovedlandsrennet G og J 15-16  

Simen L Engevik prøvde seg igjen mot heile landsflokken i G16. Fredag vart han nr 67 av 254 16-åringar, kun 1,42 min bak vinnaren, og 3. beste hordalending.https://www.langrenn.com/resultater-hovedlandsrennet-G16-

Laurdag vart han nr 33 i prologen, kun 3,5 sek bak vinnaren, Dei 30 beste gjekk vidare, heilt til kun 6 gjekk ein finale. Svært tette resultatlister: sjå s 6 i : https://www.langrenn.com/getfile-finaler-alle-med-prologtider.pdf

Søndag gjekk han første etappe på Hordaland sitt 1.lag. Dei vart nummer 13 av i alt 107 lag. 

Alt i alt nok ei god erfaringshelg for Simen.