Arego
kw:!support_us

21.1.Barnas Turlag: Kom Deg Ut Stord

Søndag 21. januar frå kl 12.00 arrangerer Stord Fitjar Turlag avd. Barnas Turlag Kom Deg Ut-dagen på Lundarstøl. (Sjå Sunnhordland 19.1.18 s. 43) og linken:

https://stord-fitjar.dnt.no/aktiviteter/81377/836578/  

Turlaga har slikt arrangement to gonger pr. år over heile landet. Denne gong fell det saman med DNT si 150-årsmarkering.

Eitt av innslaga er eit skirenn for barn opp til 12 år.  Start og mål vert på bakkane ved Lundarstøl.  Ei kort og ei lengre løype. Ingen startkontingent, men små reklamepremiar til alle.  Første start kl 13.00  

Det er meldt om flott vintervêr, så ver tidleg ute og parker etter tilvising frå P-vaktene.

Ei bøn til slutt:  Ikkje gå til fots i skiløypene.

RAPPORT:  Svært vellukka dag, med supert ver og kjempestor tilstrøyming.  Over 100 barn deltok i rennet. Det gjekk frå brua ved Lundarstøl, nedover langs elva, over denne og opp til mål nær Gapahuken. Liten reklamepremie utdelt til alle.

 http://www.sunnhordland.no/nyhende/vintereventyr-pa-fjellet-1.2231290