Arego
kw:!support_us
Odd Stuve Rommetveit
E-post: os.rommetveit@podlenverkstad.no

Om skigruppa

 

Skigruppa sine tilbod er:

- Ungdomsavdelinga har fellestreningar, sosiale tilskipingar, reiser til renn og mykje anna på programmet.

- Senior- og veterangjengen har felles rulleskitrening, og fellesreiser til store renn både i  inn- og utland.

- Løypekjøring i lysløypa ved Lundarstøl og elles i Stordafjellet, i løyper som måler over 20 km til saman.

- Dugnader i løypetraséane i rulleskiløypa i Prestagardsskogen, i lysløypa og på Heio.

- Medlemskveldar, smørekurs, rabattordningar, klubbdrakter m.m.

- Heimeside - stordski.no - medlemsinfoen Skinytt   og Facebookside

- Tysdagstrimmen   -   10 treningsløp kvar haust frå Vabakkjen.

- Vil du vera med i denne fellesskapen, så melder du deg inn i skigruppa.

- Betal kr 300,- til kontonummer 3520 68 47016   så er du med !   Oppgi namn,           adresse,    f.dato og e-postadresse.

Hjarteleg velkommen i eit godt skimiljø !

Du kan også støtta skigruppa med anna innbetaling, utan å vera medlem 

 

Helsing Skigruppa

Odd Stuve Rommetveit                               Stian Engevik

leiar i skistyret                                              ungdomsleiar

tlf 901 63 598                                                 tlf 922 27 511

 

 

Plan for Skigruppa, Stord IL  År:  2017 - 2018               30.januar 2017

  Denne planen er eit mål- og styringsdokument for skigruppa. Den skal vera hovudrettesnora for arbeidet i skigruppa og skistyret det aktuelle året spesielt, og også dei følgjande åra.  Revidering skal skje årleg, med framlegging  på årsmøtet, etter forutgåande styrehandsaming.

Den skal fungera til beste for medlemmene, skiinteresserte og lokalsamfunnet.

  1. Mål

Skigruppa si målsetjing er å arbeida for

- Skiaktivitetar for allmenta og aktive skiløparar.

- Barmarkstrening (t.d. tysdagstrim), rulleski, langrenn og slalåm.

 - Konkurransesesong på rulleski, langrenn og slalåm.

 

  1. Anlegg

Skigruppa byggjer, utviklar og held ved like anlegg for aktive skiutøvarar og for alle andre som ynskjer skiaktivitet. 

Eksisterande anlegg, drift og vedlikehald, med oppgradering.

 - Helsesportløypa i Prestagardsskogen: - alminneleg vedlikehald; kosting, feiing og rydding av den til ei kvar tid eksisterande løypetrasé. Laga dugnadsavtale med eigaren Stord kommune. Sikring av området rundt rulleskitraséen, for auka sikkerheit og styrt kryssing, også bl.a. areal for skiskyting, strafferundar m.m.  Foreslå ein brukar- og folkedugnad, etter avtale med eigaren Stord kommune. 

 - Lysløypa ved Fjellstova: alminneleg vedlikehald; rydding og stell av den til ei kvar tid eksisterande lysløypetraséen, inkl arm til Kraftstasjonen på Lundsseter. Arbeida med oppgradering og renovering, og overføring av alt løypeansvar  til Stord kommune. (jfr. kommuneplan 2015 - 2025 for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv)  Samarbeida med grunneigarar, Friluftrådet Vest og eventuelt andre.  Rehabilitering må inkludera kabling for lys, standardheving og noko kurveutbetring. Pluss merking og  skilting.

 - Løypetraséane mot Heio og Steinen: alminneleg vedlikehald; rydding og stell av dei til ei kvar tid eksisterande løypetraséane. 

Anlegg under  planlegging / på idéstadiet:

, - Trasé Fjellstova – Lundsseter – Kyviksetra - Heio: Arbeida for vidareutvikling av løypetraséane frå dagens Lysløype mot Heio i samspel med prosjekt Betre tilkomst til Heio.

- Lys i trasé frå lysløypa til målområdet ved skihytta (planert 2012) og lys i trasé frå Kraftstasjon til Kattnakkvegen (planert i 2014)

- Utvida skihytta og/eller vurdera anna alternativ.

- Opprusting - ny alpintrasé i Lundekollen

- Skileikarena på Nedre Heio      

  1. Maskinar, utstyr og bygningar.

Skigruppa disponerer, driftar og held ved like maskiner og utstyr for å laga gode tilhøve i løyper og bakkar.

Løypemaskin:

- Avtalar med Stord kommune, revidert og signert i 2014, inklusiv fullfinansiering, ROS- og HMS-analyse,  regulerer eigarskap, bruk, vedlikehald, forsikring: 

- Hovudansvarleg for drift og vedlikehald: Eitt styremedlem, utpeika av styret.

- Koordinator løypemaskinkjøring: Eitt styremedlem utpeika av styret.

- Midlar til drift, vedlikehald og forsikring av løypemaskin: Styret 

Skihytta og maskingarasje.  

- Drift, vedlikehald, straum og forsikring. Styret er ansvarleg. 

Utstyr: Mindre treningsutstyr i aktuell bruk;

- Bruk, vedlikehald og oppbevaring: Ungdomsgruppa  v/ leiar.  Alpinansvarleg i styret for alpinutstyret. 

  1. Eigne arrangement -

Skigruppa arrangerer renn og konkurransar til fremjing av skiidretten på Stord.

 - Rankingrenn ski: Styret - arrangementskomite - utpeika av styret

 - Stordafjellsrennet: Styret - arrangementskomite - utpeika av styret

 - Tysdagstrimmen:  Styret - i samarbeid med utpeika komité

-  Lundarstølsrennet: Ide, under utvikling

 - Rulleskirenn: - Prestagardsskogen: Ungdomsgruppa  v/ leiar og arrangementansvarleg frå styret

 - Motbakkerenn: Ungdomsgruppa v/leiar og arrangementsansvarleg i styret

 - Rulleskikarusell  våren 2017

 - Alpin - slalom: Styremedlem med ansvar for alpinaktivitetane.

 - Andre;    - skiskyting Arrangement dersom initiativ blir tatt.

 - Kretstreningssamling rulleski Prestagardsskogen  - med kretsrenn   Ungdomsgruppa v/ leiar,  styret og krets. 

  1.  Deltaking på arrangement

Skigruppa skal gjera kjent og inspirera til deltaking i utanbys renn

 - Terminliste

 - Påmeldingskoordinering

 - Fellesreiser

 - Kostnader.  Styret gir signal om støtte.

Ansvarleg : Ungdomsgruppa v/leiar. Ha hovudlandsrennet som langsiktig mål. Seniorar og veteranar etter avtale.  

  1. Trening

Skigruppa skal gjera kjent og koordinera treningsaktivitetar, og gjera avtalar med trenaransvarlege. Spesielt skal gruppa satsa på auka rekruttering og tilbod til barn og ungdom. 

 - Fellestreningar  Barmark og snø. – Trenaravtalar   - Treningsgrupper - Treningsstader  

 - Treningsleirar  - Politiattestar

Ungdomsgruppa v/leiar har faste tider.   Senior- og veterangrupper etter avtale, og informasjon frå senior/veterankoordinator 

  1. Dugnader

Skigruppa skal koordinera dugnader i skitraséar og andre treningsområde. 

 - Helsesportløypa Prestagardsskogen

 - Lysløypa Lundarstøl

 - Lundekollen

 - Heio

 - Prosjekt betre tilkomst Heio 

  1. Økonomi

Skigruppa skal ha ein økonomiplan som sikrar store nok  inntekter til å dekka faste, årlege kostnader.  Prosjekt og arrangement skal ha eige økonomiopplegg.

Inntektspostar:

 - Medlemskontingent - medlemsverving - støttemedlemsskap  - Lysløypas Vener

 - Sponsing

 - Prosjekt

 - Dugnader

 - Bedriftsstafett

 - Kronerulling for drift løypemaskin

 - Parkeringsdugnad - avtale med Stord kommune

 - Vindusviskar-flygeblad om støtte ved parkeringsplassar på store skiutfartsdagar

 - Kurs:  skiteknikk og  smørekurs

 - Medlemskveldar

 - Anna 

Gjeld:

Skigruppa v/styret skal ikkje utan særskilt vedtak i styret, og godkjenning / samarbeid med hovudlaget, oppta lån eller påføra skigruppa gjeld av noko slag. 

  1. Medlemmer - treningsaktive

Skigruppa skal rekruttera og tena skiinteresserte personar i alle aldrar.

 - Medlems/treningskontingent:  Frå årsmøtevedtak til full oversikt over medlemmer pr. utgang av året. Rapportera til hovudlaget for medlemsregistrering / bidra til årleg idrettsregistrering for skigruppa sine medlemmer.

 - Informasjon: 

            - Heimeside: stordski.no

            - E-post - medlemsregister med e-postadresse

            - Sosiale media  -  Facebook: ei open,  og ei lukka for ungdomsgruppa

            - Skinytt

            - Oppslagstavler ved Lysløypa og Skihytta

            - Lokalaviser, spesielt Sunnhordland

            - Informasjons-/innbetalingsblankett på fine utfartsdagar

 

- Forsikring/Lisens: Gi medlemmene informasjon om forsikringar som gjeld/kan gjelda for skimedlemmer.

- Sosialt:         Sesongavslutning - Medlemskveld - Premieutdeling m.m

- Utstyrsutlån: Rulleski - utlån til unge nybyrjarar                       

  1. Anna

            -arkiv     Samla og arkivera alle offentlege ski-oppslag for  seinare       medlemsskveldar, jubileumsskriv o.l.  

-hovudlaget      Ha eit tett og konstruktivt samarbeid med hovudlaget, i samsvar med regelverk og aktuelle prosjekt. Alternativt vurdera tilknyting / utskiljing til allianselag.

            -kretsen  Ha eit tett og konstruktivt samarbeid med Hordaland Skikrets, i  samsvar med regelverk og aktuelle prosjekt.

            -samarbeid andre lag Samarbeida med andre lag i skifaglege spørsmål og -aktivitetar

            -årsmøte  Kunngjera og gjennomføra årsmøte i samsvar med regelverk og instruks frå hovudlaget.

            -årsmelding  Utarbeida årsmelding for fullført driftsår, i samsvar med regelverk og instruks frå hovudstyret.

-økonomi/rekneskap   Styra økonomien i gruppa og levera rekneskapsmateriell til hovudlaget i samsvar med instruks.

            -budsjett  Utarbeida budsjett for aktuelt driftsår, i samsvar med regelverk og intruks frå hovudstyret.

            -val    Planleggja og gjennomføra val på årsmøtet, etter innstilling frå  valnemnd, valt på forutgåande årsmøte,  jfr. eigen styreinstruks.

            -etikkreglement  Utarbeida, få godkjent og gjera kjent etisk reglement for skigruppa.

            -postkasse i lysløypa  Noteringsbok for innskriving og  premiering.

            -dreiebok  Utarbeida dreiebok for skigruppa,  med bl.a. HMS-plan, ROS-analyse, aktiva- og eignelutar, kompetanse- og personelloversikt,    avtalar- og interessefelt.

            -styreevaluering         Årleg eigenevaluering av styrearbeidet i avslutta år. 

Dette forslaget til plan- og målstyringsdokument vert behandla i styremøte  måndag 30.januar og endeleg plan vart vedtatt på årsmøtet 20. februar 2017.

________________________________________________________________