Arego
kw:!support_us

VAULANE OPP 2016

Onsdag 1.juni kl.18.00 2016  arrangerar skigruppa i Stord IL  på ny VAULANE  OPP på rulleski. Rennet er eit "motbakkerulleskirenn" i klassisk teknikk. Deltakarane vel sjølv startplass etter kva ein sjølv føler passar best.

Lengste løypa går fra E39 v/Førlandskrysset (6 km).  Mellomdistansen går fra Sjoalemyro (4 km) og kortaste løypa frå Fjellstova. Den er 2 km og høver best for dei yngste.

Felles målgang for alle er ved demninga i Vaulane. Her vert det premiering, saft og kake. Arrangementet er uhøgtidleg i forma og er ope for alle. Ingen startkontingent.

Påmelding via EQ timing, bruk vedlagt link:

https://reg.eqtiming.no/?EventUID=25668

Opplysningar elles får du av:

Kjell Inge Engevik

45493356

Mail: kjellinge@engevikbyggsenter.no

VAULANE OPP vart arrangert som planlagt. 12 deltakarar stilte på start, og alle fullførte kraftprøven med målgang ved demninga i Vaulane. Nokre hadde gått før og kunne samanlikna med tidlegare resultat.  Andre gjekk lengre løype enn før og sette sjølvsagt ny besenotering. Spesielt må Ole C Kvellestad nemnast. Han debuterte i lengsteløypa, og sette erfarne veteranar på plass. Kjempeflott !  

Resultat:

KORT LØYPE 2 km, START FJELLSTOVA:

-Alfred Tangaard Eide 11.04

-Lina Engevik Vørøs 11.45

-Lars Tangaard Eide 12.34

MELLOMDISTANSE 4 km, START SJOALEMYRA:

-Simen Engevik 16,28

-Jonas Engevik Vørøs 17,03

-Anders Grundvold Nøstvåg 18,33

LANG LØYPE 6 km, START FØRLANDSKRYSSET:

-Ole Christer Kvellestad 24,40

-Øyvind Gaute Berg 25,54

-Bernt Øyvind Vad 27,39

-Dag Kjetil Lægreid 27,43

-Kjell Inge Engevik 27,48