Arego
kw:!support_us

RULLESKITRENING SENIOR OG VETERAN

Alle onsdagar frå  kl 19.00 heile hausten 2016  vert det rulleskitrening i Prestagardsskogen  for seniorar og  veteranar alle klassar. 

Velkomne til fellestreningar, gjerne med individuelt opplegg.

Mange går på rulleski ulike stader og til ulike tider.  Dette onsdagstilbodet frå skigruppa er meint for å skapa trivnad og miljø i det lokale skilivet.

Velkomne til gamle og nye seniorar og veteranar !

Kanskje kan det enda opp i ein fellestur til eit eller fleire renn innomlands som utomlands  i løpet av sesongen 2016/2017.