Arego
kw:!support_us

RULLESKIREGLAR

Rulleskireglar frå Norges Skiforbund.


1. Rulleskigåaren skal vera godt trent i å meistra rulleski, særleg bremsing og vending.

2. All opplæring og undervisning av nybyrjarar skal foregå på avskjerma område utan motorisert trafikk.

3. Personar på rulleski er definert som gåande i trafikken. Trening for yngre bør foregå på sykkelsti eller andre bilfrie og godt asfalterte stader. 

4. Det er lov til å nytta vegbana til trening der tilhøva tilseier det. Det er allment akseptert at i vegbana går rulleskigåarane på høgre side. 


5. Dersom ein må trena på veg med motorisert trafikk, bør dette vera på oversiktlege område.

6. Ver tydeleg og gjer deg forstått i trafikken. Ta omsyn til andre trafikanter. Ikkje gløym at du er den mjuke trafikanten.

7. Treninga bør helst foregå i godt dagslys, eller på godt opplyste område utan motorisert kveldstrafikk.

8. Refleks er obligatorisk dersom lystilhøva tilseier det. Refleks er påkrevd på all trening langs vegen. Bruk vest og reflekstape på enden av rulleski og staver, og framme og bak på hjelmen.

9. Godkjent sykkelhjelm bør alltid brukast. Gløym heller ikkje briller. Rulleskipiggane har ikkje trinse og vegen til augo er kort.

10: Noreg får stadig fleire lukka rulleskianlegg. Disse bør nyttast til trening der det er praktisk mogleg.

 

Skikretsane i Hordaland, Sogn og Fjordane og Rogaland samarbeider også med Statens vegvesen - region vest, om å skapa tryggast mogleg ferdsel på rulleski.

Ha ein trygg og god rulleskitur!