Arego
kw:!support_us

VASALOPPET 2015

06.03.2015 |Odd Stuve Rommetveit

Søndag 8. mars stiller to frå STORDSKI i VASALOPPET 2015.  Øyvind G Berg og Sigurd Sandvold tar turen til Sverige, like over grensa ved Trysil, for å stakka seg 9 lange mil gjennom i dei langstrekne svenske skogane.  Med ynskjer lukke til !!  Mellom 10 og 20 stordabuarar har vore der før, og alle har kome velberga heim !

Kvinnheradrennet er det lokale alternativet denne helga. IL Ternen og Uskedal IL innbyr til klassiskrenn laurdag 7. mars i Tveitedalen.  Yngste klassane går 2 km og dei eldste  1o km. 

Fleire frå Stord er påmeldt.

God tur til alle !

http://www.skiforbundet.no/hordaland/

RESULTAT  VASALOPPET:

Begge to svenskefararane fekk svært gode tider og gode plasseringar; Sigurd 5.33,13 (715) og Øyvind 5.50,02 (1150)  av ca 15000 startande.  Begge godt innanfor merketida på like over 6 timer.

STORDSKI  GRATULERER !    GODT  STAKA  !

 

KVINNHERADRENNET:  Rapport frå Kjell Inge Engevik:

Laurdag 7. mars arrangerte Ternen IL Kvinnheradrennet i Tveitedalen. Det vart eit ufyseleg ver, med ausande regn og 6-7 varmegrader. På tross av dette hadde arrangøren gjort ein kjempeinnsats med løypene, så forholda vart imponerande bra i regnveret.
Stord IL hadde 5 startande.
I seniorklassen gjekk Stian og Kjell Inge Engevik, og Åsmund Hellesøy.
Stian staka seg inn til ein andre plass på blanke ski, mens Kjell Inge kom inn til ein åttandeplass, medan Åsmund kom inn på 11. plass.  Heile 15 starta i denne klassen.  Arne Jordåen gjekk i 15-årsklassen, der han vart nr. 2.
I 14-årsklassen gjekk Jonas Engevik Vørøs inn til tredjeplass.
Simen Engevik var tilbake etter sjukdom, og viste at formen fortsatt er bra, då han gjekk inn til andreplass i 13-årsklassen.

Sjå elles linken ovanfor for meir og full resultatliste.