Arego
kw:!support_us

TYSDAGSTRIMMEN 2015

15.12.2015

TYSDAGSTRIMMEN 2015 -   med 30-årsmarkering

Årets TYSDAGSTRIM starta opp tysdag 6. oktober, med nærare 40 deltakarar i flott haustferievêr. I jubileumssesongen har frå 30 til 45 trimmarar stillt på  startstreken. 

Per Steinar Lunde og Audvald Kvamme har også i år vore trufaste med lister og klokker. Auto Industri har stillt med stor og lysande digitalklokke på Vabakkjen tysdagar  kl 19.00.

Dei tre siste kveldane var det tillyst markering av TYSDAGSTRIMMEN sin  30. sesong.  Fleire overraskingar var lova. 

Tredje siste TYSDAGSTRIM. 24. november,  hadde vitjing av løyperekordhaldar Oddmund Roalkvam.   Han fortalde om rekordløpet ein desemberkveld tidleg på nittitalet. Etter sterk duell med Rolf Vestre kom Oddmund i mål på tida 15,12.

Tysdag 1 .desember var det ny markering med frukt, drikke og julekakar.

Finalerunden gjekk tysdag 8. desember. Ekstra lysing og omtale i Sunnhordland,  og e-post til heile stordski sitt nedslagsfelt hadde lokka 45 trimmarar til Vabakkjen,  trass i regnver og blest.

Før start var det helsing og blomar frå hovudlaget. Atle Bjørn Mæhle fortalte historia om korleis TYSDAGSTRIMMEN  vart til.  Han supplerte flott med mange interessante tal frå statistikken gjennom dei 30 åra frå 1986 til i 2015.

Presis kl  19.00 vart det fyrt av ein jubileumsrakett, med 25 skot. Det fungerte som nedteljing til start for trimmegjengen denne jubileumskvelden. Seks faklar lyste opp ved start.   

Etter målgang var det premieutdeling;  først jubileumspremiane, fire gåvekort, tre på kr 250 og eitt på kr 500,-  Det vart vunne av Magne Kydland.  Så dei årlege premiane, sponsa av dei faste sportsbutikkane.  Trefat for 50 TYSDAGSTRIM vart i år nådd av Jens R Kyvik. Vidare var det blomehelsing til arrangørane Per Steinar Lunde og Audvald Kvamme, og til  digitalklokkeeigar Auto Industri.

Skileiaren takka tilslutt alle trimmarane og arrangørane for denne sesongen, ynskte god jul, og velkomne attende i 2016 til ny sesong. 

Resultat frå siste trimmen finn me i Sunnhordland torsdag 10. desember, saman me ein flott to-siders reportasje om TYSDAGSTRIMMEN.