Arego
kw:!support_us

TYSDAGSTRIMMEN 2014

26.09.2014

TYSDAGTRIMMEN  2014  med 10  nye  trimkveldar. 

Oppstart  tysdag 30.  september  kl  19.00 på Vabakkjen.

Deretter  kvar  tysdag  fram til og med 2. desember

Langløypa er knappe 5 km med tur/retur bommen før undergang ved Litlabøkrysset. Kortløypa er ca 2 km, med vendepunkt midt på Landåsvatnet.

Resultata kjem på trykk i Sunnhordland etter kvart løp. Denne sida vert oppdatert etter kvar  trimkveld.

Startkontingent: i år som i alle år:   kr 20 for vaksne og kr 10 for born.(u/18)

Per Steinar Lunde og Audvald Kvamme er klar med blokker og klokker. Per Steinar fører statistikken. 

Deltaking m.m. 2014:

1. Tysdag 30. september: 31 deltakarar i supert haustvêr; tørt, stille og mildt.  Bestetida var like over 19 minutt, og alle kom i mål under 30 minutt.

Ein god start på 2014-utgåva av  TYSDAGSTRIMMEN !

2. Tysdag 7. oktober   47  deltakarar i flott haustver, tørt underlag og frisk austavind heile vegen, med tider frå vel 19 minutt til noko under halvtimen.  

3. Tysdag 14. oktober  32 deltakarar, nok ein gong i flott haustvêr, med tider frå ca 20 til  ca 26 minutt på dei som sprang på tid.

4. Tysdag 21. oktober:  35 deltakarar i haustleg, men brukande klima. Nytt denne gongen var eit stort tidtakaranlegg, som skulle inspirera til ekstra spurt for dei som sprang på tid. Effekten vart noko redusert ettersom anlegget tok ein pause midt i løpet. Men det ordnar seg nok til neste gong. Takk til Vebjørn Lien siom erstatta herr Kvamme som tidtakar.

Me saksar bilete og tekst frå Sunnhordland:

Ny tidsrekning i Tysdagstrimmen

Jens Rune Kyvik stilte med ny og godt synleg stoppeklokke i håp om å få pressa tida ned. Opningsløpet vart diverre ikkje suksessen han hadde håpa på.

– Planen var jo at folk skulle sjå korleis dei låg an for så å setja inn ein skikkeleg sluttspurt. Problemet var berre at nokon kom borti klokka som tok ein pause midt i løpet. Det lukkast å få ho gang at, men me gjekk glipp av ynskt effekt i opningsløpet, men både løparar og klokka skal koma sterkare attende, lovar Kyvik.

 

5. Tysdag 28. oktober  med deltakartal oppunder 30 i haustlege forhold, etter mykje regn heile dagen.  Likevel vart det notert nokre bestetider vav den yngre garde. Flott !

Me er no halvveges i årets rekke av i alt 10 tysdagstrimmingar.

6. Tysdag 4. november   Deltakartal midt på 20-talet,  etter kraftig ettermiddagsregn, men opplett under trimmen.

Me er no over halvveges med årets 10 TYSDAGSTRIMMINGAR.  Det hastar om du vil ha med deg nokre av trimmingane i år.  

Dei tre siste gongene blir det overraskingar i målområdet !

Me saksar frå nettoppslag i Sunnhordland tysdag 11.november:

Slik gjekk det på Tysdags­­trimmen

Øystein Eide Eskeland var ein av mange som stilte til start i Landåsen. I kveld er det ny runde.

Furevik kjappast i Landåsen

Her er resultata frå Tysdagstrimmen 4. november.

Lang løype:
Øystein Eide Eskeland 27.37
Vidar Navdal 19.43
Jens Kyvik 24.33
Alfred Litlabø 21.58
Kjetil Eriksen 21.03
Per M. Furevik 19.41
Svein Kobbeltvedt 24.08
William Rafdal 20.02
Magne Kydland 21.52
Arild Lunde 25.09
Karl Petter Østensen 24.30
Odd Naustdal 21.36

 

Kort løype:
Arne Michael Kalleklev 15.01
Helle Marvik 14.31
Hogne Marvik 11.25
Daniel Navdal 10.59

 

Utan tidtaking:
Jon Hannisdal
Gaute Marvik
Sten Arve Johnsen
Audvald Kvamme
Odd Stuve Rommetveit
Johannes Haugland
Torill Eskeland
Svein Nipen
Vebjørn Lien
Magne Løvtangen

7. Tysdag 11. november   Tett oppunder 30 deltakarar i vått, men trimbart haustvêr.  Resultat stod i Sunnhordland måndag 17. november.

No gjenstår dei tre finalerundane.

8. Tysdag 18. november:  Super  haustkveld for 30 trimmarar,  som  alle fekk forfriskning etter målgang,  med lovnad om nye forfriskningar dei to siste gongene.  Og oppmoding om å ta med seg ein ny trimmar neste tysdag !

9. Tysdag 25. november 33 deltakarar i  flott haustver. Alle fekk forfriskningar etter målgang,  og  oppmoding om å møte fram, med vener, naboar og andre trimmeivrige neste tysdag,  som blir siste i 2014.

10. Tysdag 2. desember: FINALE, med over 30 deltakarar, i sterk konkurranse med folkemøte og juletilstellingar rundt om kring.  I finalerunden var det servering av frukt og youghurt og premieutdelingar. Flott haustvêr, med gradestokken ned mot frysepunktet.

Stor takk til Per Steinar Lunde og Audvald Kvamme for flott styring også i 2014.

Vel blåst 2014 !  Velkomne til 30-årsjubileum i 2015.  Oppstart vert tysdag 29. september.