Arego
kw:!support_us

SUPER RULLESKIHELG I PRESTAGARDSSKOGEN

02.09.2014

Rulleskisamlinga helga 29.-31.august 2014 går over i historia som den første i sitt slag på Stord, med kretsrulleskirennet søndagen som toppen. Over 50 utøvarar, fødd i 1999-2002, frå 10 Hordalandsklubbar og 2 Rogalandsklubbar var samla til trening, instruksjon, sosialt og konkurranse.  Helga vart svært flott, takka vera positive deltakarar, gode trenarar, godt støtteapparat og ikkje minst ei flott rulleskiskiløype.

 

Tilbakemeldingar frå deltakarar og frå føresette, som det var mange av på søndagsrennet, var ualminneleg positive. Me tar med ei av tilbakemeldingane her:

"Hei

 Tusen takk for at ungene våre fekk komme på samlinga og fekk ei flotte helg!

De var strålande fornøyde og helga blei avslutta med ett veldig kjekt rulleskirenn på søndag. Med flotte rammer og god kiosk. Masse kaker og annet snadder blei prikken over i.....

Eg høyre alt de fortelle så har det nok vore ei veldig god treningshelg og. God omprioritering og satse på rulleski når en har ett slikt flott anlegg. Ungene våre var i Meråker på sommerskikole i fjor, men fortalte at de fekk gå mye mer på rulleski på Stord enn på 4 dager på Meråker....det er jo bra!!

Ragnhild, eldste jenta vår, har vært en del rundt, men mente dette var den kjekkaste løypa hun hadde gått i. Neste gong får me satse på at fleire foreldre og melder seg på rennet (Kanskje en trim klasse med feks 3 runder?)

Flott levert!! 

Mvh Terje og VIL (Vindafjord)"

 

Elles er det god omtale på heimesida til Hordaland skikrets, der du i tillegg finn resultatlista.

http://www.skiforbundet.no/hordaland/aktuelle-saker/vellukka-kretssamling-og-rulleskirenn-pa-stord/

Også lokalavisa Sunnhordland hadde godpresseomtale måndag i papirutgåve, og endå meir på heimesida.

http://www.sunnhordland.no/article/20140901/SPORT/140909985

Stordski  takkar alle for flott innsats og  gratulerer og gir ROSER til  prosjektgruppa ! 

Det var til stor  inspirasjon for alle, og med sterkt ynskje om gjentaking til neste år !