Arego
kw:!support_us

RULLESKIRENN

20.10.2013

Rulleskirenn i Prestagardsskogen  søndag 27. oktober kl 13.00


Som dei fleste har fått med seg, har det i dei siste månadene pågått betydeleg utbetringsarbeid i rulleskiløypa i Prestagardsskogen. Rundt "gamleløypa" er det blitt rydda skog og kratt. Grøfting og fjerning av røter, som har vakse seg store inn under asfalten, er fjerna med maskin, og heile nordre svingen er gravt opp og dosert på nytt.
Største endringa er sjølvsagt utbygginga av den nye løypetrasèenn. Den gjer løypa mykje meir spanande og utfordrande for løparar i alle aldrar. Me kan vera stolte av det anlegget me no har fått fram, og som me veit mange misunnar oss.


Me i ungdomsgruppa synest dette bør markerast med ei nyopning av løypa, og vil derfor arrangera eit rulleskirenn søndag 27.10 klokka 13.00.


Me har fått velvilje fra sykkelklubben, og vil, som eit prøveprosjekt, nytta deira tidtakarutstyr. Påmelding må gjerast online via quick timing.
Dei yngre løparane innviterer med seg foreldre og familie, der dei får sjå kva dei får til med rulleski på beina. Mange kan nok la seg imponera her.


Me håpar og trur at også dei meir røynde løparane i klubben kjenner si besøkelsestid og melder seg på i seniorklassen. Sjølv om rennet er annonsert i fristil, vil me i seniorklassen gå klassisk teknikk, så det er ikkje gyldig fråversgrunn å skulda på skøyting.


Rennet er annonsert som eit ope klubbrenn, så her er alle invitert til å delta. Me satsar på litt enkelt kiosksal av kaffi og kake.
Dette blir ei sosial samling, og ein fin moglegheit til og visa fram skisporten på øya.


Her er påmeldingslink til rennet., Startpengar er seatt til 50,- kr.


https://registrering.quicktiming.no/?EventUID=3930