Arego
kw:!support_us

Ørnarrennet 15.2. 2014 i Myrkdalen - med Stordsiger !!!

13.02.2014

Ørnarrennet 2014 går i Myrkdalen, ca 1/2 times kjøring ovanfor Voss. Det er seedingrenn for Birkebeineren, 37 km i klassisk  og går for 63. gong !

Ørnar Il er tilskipar. Stord har tradisjon for å delta.  I år reiser Andreas Sumstad Arne, Stian Engevik, Øyvind G Berg, Jarle Haugland og Kjell inge Engevik.

Stordski ynskjer god tur !! 

Stian Engevik vann Ørnarennet 2014 (uansett klasse)  på 1.28,00,  eitt sekund føre Håvard Pedersen frå Ternen.  Jarle Haugland følgte opp med 5 plass (1.32,15) og Øyvind Gaute Berg med 9. plass (1.39,36).    Sterke prestasjonar i eit løp der dei grunna vinden gjekk ei litt anna løype enn planlagt.   Kjell Inge Engevik braut denne gongen.  Alle desse går i MV 36-40

I MV31-35 gjekk Andreas Sumstad Arne inn til tida 2.05,18. Flott prestasjon!

Stordski seier vel blåst !

Ein annan stordabu, forlengst utflytta Jan Sævig, gjekk denne helga Trysil skimaraton. Han stiller for Trysilgutten og brukte 3 timar og eitt minutt. Flott!

Alle resultat er å finna på langrenn.com