Arego
kw:!support_us

Lysløypas Vener

14.10.2013

Dei siste vintrane har vore gode skisesongar.   Lysløypa er nytta av fleire tusen personar, både frå Stord og frå nabokommunane.   I gode spor og i godt lys kunne ein kosa seg  så lenge det var føre.  Fleire gonger vart det arrangert skirenn,  med over 100 deltakarar på det meste.

Traséen, som lysløypa går i, vert kvar haust rydda for gras, buskar, lyng, steinar og anna kratt. Litt drenering og gruspåfylling vert også utført.  Så snart snøen kjem vert det kjørt spor, opptil fleire gonger i veka. Det vert også kjørt spor i nyrydda traséar oppover til Heio og Steinen.

Samla lengd på heile løypenettet er over 22 kilometer. Sjå kart ved lysløypa.

Sommaren 2012 vart arbeidet med å drenera og grøfta traséen mot "austrunden" på Heio vidareført for over kr 40.000. Fleire stader vart småbekker lagt i røyr.  Dette arbeidet vil bli vidareført år for år, alt etter føregåande planarbeid og tilstrekkeleg  økonomi. Ei større oppgradering av lysløypa står også på ønskelista.

All rydding og løypekjøring  vert utført på dugnad av  ivrige medlemmer  i skigruppa.  Det utgjer fleire hundre timar dugnad pr. år. Me har samarbeid med SKL om lyset og med grunneigarane om grunnen.

I 2012 vart det kjøpt inn ein heilt ny løypemaskin til ca 1 mill kr. Dette vart mogleg etter ein vellukka 2-årig innsamlingsaksjon.  Mange firma, organisasjonar og andre stilte små og store summar til rådvelde. Me er svært takksame for denne støtta. Me samarbeidde også med Stord kommune.

Drift av løypene, med rydding, grøfting, grusing og anna stell, pluss sporkjøring,   føregår  på dugnad. Større arbeid, som grøfting og drenering,  vert gjort med innleigte  maskinar. Dette medfører store kostnader. Også drivstoff til løypemaskinen  og andre driftsutgifter gjer at skigruppa stadig treng inntekter. Og ikkje minst når me set  i gang større løypeoppgraderingar.

Du som privatperson  har alltid høve til å gi din  "skjerv"  til skigruppa.   Ved å betala inn ein sum, stor eller liten,  bidreg du til god drift av skigruppa, og til raskare realisering av planane framover.

Midlane som kjem inn går uavkorta til  drift av skigruppa.

Kontonummeret  er    8420 12 18666

Skigruppa i Stord Idrettslag er takknemleg for all støtte.

 

Heimeside:  stordski.no

Odd Stuve Rommetveit   leiar i skigruppa

tlf  901 63 598  

E-post: os.rommetveit@podlenverkstad.no

 

Last ned Dokument: Lysløypas Vener