Arego
kw:!support_us

Jizerka Padesatka avlyst grunna snømangel

07.01.2014

Alle dei åtte Stordski-løparane som skulle reist til langløpet Jizerka Padesatka i Tsjekkia for å gå 50 km klassisk må skuffa stadfesta at snømangel stoppar løpet. Arrangøren skreiv dette på si heimeside 6. januar. For dei fleste skulle dette vera årets høgdepunkt, og eit nytt løp å bli kjent med.  Halve troppen tar likevel turen, for turen si skuld. Skigåing vert det lite av.

Stordski hadde sett fram til ein fyldig reiserapport frå Anne Grete og Magnar H, Åsmund H, Hallgeir M, Bernt Ø V, Stian E, Dag K L og Øyvind G B.

Kanskje nokon av dei reiser til Ustedalsfjorden Rundt på Geilo,  som ei god erstatning?  Eller til Viljarrennet?