Arego
kw:!support_us

ÅRSMELDING 2013

21.02.2014

Skigruppa, Stord IL  

Sportsleg aktivitet.

 - Eigne arrangement:

Barneskirenn.   Det vart berre arrangert 1 barneskirenn vinteren 2013 grunna dårlege snøforhold. Mellom 80 og 90 born stilte til start (1 km, 2,5 km og 4 km).

  1. Det vart gjennomført 1 rankingrenn i 2013. Løypa var lagt om (5 rundar frå skistadion til Lundarstøl og tilbake) grunna dårlege snøforhold (10,5 km).
  2. Det er gjennomført 2 rulleskirenn hausten 2013 i Prestegardsskogen. Alle frå barne- og ungdomsgruppa har delteke. I tillegg har det vore deltaking frå dei aktive seniorane i skigruppa. Nytt frå tidlegare år er at eitt av arrangementa vart gjennomført med tidtakingssystem (lånt frå Stord Sykleklubb). Dette var ein stor suksess.

Tysdagstrimmen: Grunna anleggsarbeid i delar av den vanlege traséen for Tysdagstrimmen, vart denne flytta til lysløypa. Det vart gjennomført 8 arrangement i lysløypa, alle med god deltaking (mellom 30-40 deltakarar). Dei to siste Tysdagstrimmen gjekk i Landåsen, med siste løpet 10. desember. Per Steinar Lunde hadde hovudansvaret dette året også.

-Treningar:

Barne- og ungdomsgruppa har hatt faste treningar kvar tysdag og torsdag, med Prestegardsskogen som base. Gjennom hausten er det gjennomført basistrening (løping med og utan stavar og generell styrke) og rulleskitrening (annakvar økt klassisk og fristil). Treningane er lagt opp etter aldersnivå og under leiing av Stian Engevik. Hjelparar har vore Sigurd Sandvold, Kjell Inge Engevik og Øyvind Gaute Berg. Barne- og ungdomsgruppa hadde på det meste mellom 15 og 20 på sine treningar. Mange av desse er aktive i skirenn gjennom vinteren.

For øvrige medlemmer føregår treningane mykje på individuell basis. Rulleskitrening har auka mykje dei siste åra. Noko av denne er fellestreningar, både i Prestagardsskogen og frå Heiane og utover langs E39, til Stokkajuvet på Bømlo.

- Deltaking på arrangement utanfor Stord:

Til liks med tidlegare år har det vore god Stord-oppslutnad på arrangement i Hordaland, elles i Noreg og noko i utlandet. Dei fleste av Hordaland skikrets sine krinsrenn føregår i Herresåsen og elles i Voss- og Hardangertraktene. Ungdomsgjengen var hyppig representerte, og gjorde det godt i mange av renna. Det sportslege høgdepunktet var nok Simen Engevik sin krinsmeistertittel i fristil G11 på Voss. 

Blant veteranane er det Birkebeinaren som samla flest deltakarar frå Stord. Fleire var på nytt i Marcialonga, og to var igjen til veka etter og gjekk König Ludvig Lauf. Elles var Stord representert i Holmenkollmarsjen, Helterennet, Aosarennet, Slettedalen Rundt, Mosvatnet Rundt, Skarverennet, Haukelirennet, Vestfjell-løpet og Masters i Asinga i Italia, pluss fleire andre lokale renn i Hordaland. 
 

Andre saker

 -Anlegg og dugnad

  Prestagardsskogen: Oppgradering av rulleskiløypa:

Grunna utbyggingar i Vestlio ved Prestagardsskogen vart delar av den opphavlege rulleskitraséen i nedkorta. Det vart difor forhandla fram at det som kompensasjon skulle byggast ein alternativ trasé i forlenginga av eksisterande løype . Arbeidet vart gjennomført tidleg haust 2013, og den nye løypedelen var i bruk i siste kvartalet i 2013.Løypa held no god standard, og er heilt avgjerande for at både rekruttering og det gode arbeidet som vert lagt ned i barne- og ungdomsavdelinga.

Det er registrert stor auke i aktivitet generelt i rulleskitraséen, og mange brukar løypa som utgangspunkt for skiaktivitet. Medlemmer i skigruppa var med på planlegging, synfaring og oppfølgingar i anleggsperioden, og fekk til flott samarbeid med grunneigar, utbyggjar og kommunen. Gruppa har seinare rydda tre, buskar og greiner langs traséen.

  Lundekollen:

Det er gjort ein del planerings- og ryddearbeid i alpintraséen ved Lundekollen. Det er ynskje om å få til ein arena for alpinaktivitet.

  Lysløypa og Heio

Lysløypa ved Fjellstova er vedlikehalden på vanleg måte, med rydding av greiner, buskas o.l. Spor vart kjørte så snart det var snø nok. Traséen er flott, men løypa treng ei større fornying og opprusting.   Traséen oppover mot Heio, rundane ved Steinen og Austrunden vart også sporsette, faktisk før siste snøfilla hadde landa. Ei oppgradering og vidare utviding av løypenettet på Heio står høgt oppe på skigruppa si ynskjeliste. All løypekjøring føregår på dugnad, til fri bruk for ålmenta. Dette er unikt for Stord.

Oppslagstavler: Lysløypas Vener - skikart - postkasse

Oppdaterte opplysningar om skigruppa, alle løypene og anna skinytt har heile året vore oppslått på oppslagstavlene ved Lysløypa.   For å registrera bruken av skiløypene er det i skisesongen utplassert ein postkasse med "innskrivingsbok". Ved sesongslutt vert det blant alle innskrivne trekt fem vinnarar.                                                                                                             

   -Ymse

   Heimesida: stordski.no og Facebook

Skigruppa slutta seg sjølvsagt til hovudlaget si felles heimeside frå 2013. Det godt innarbeidde domenenamnet me hadde frå før, www.stordski.no vart vidareført. Diverre forsvann mykje stoff grunna virus på den gamle plattformen, men den «nye» sida er no innarbeidd, og har aktive brukarar som legg ut aktuelt stoff jamleg. Facebook; I tillegg til heimesida, vert det lagt ut informasjon om fellestreningar og skirenn m. m. via ei lukka facebook-gruppe for skigruppa sine medlemmer.

   Mål- og aktivitetsplan:

Det er utarbeidd ein omfattande mål- og aktivitetsplan for skigruppa sitt virke. Den vert revidert årleg. Det er eit svært godt styringsverktøy for gruppa.

  Skihistorie på Stord: I november 2013 kom boka "Skisport i havgapet" ut. Den er redigert og for det meste skreven av Atle Bjørn Mæhle. Han fekk god hjelp og bidrag frå mange andre skikunnige personar. Svært mykje arbeid ligg bak, med innsamling, intervju, gjennomgang og dokumentasjon. Boka dekkjer skisoga på Stord, frå 1933 til 2013. Skigruppa er svært stolt og takksam for at dette prosjektet kom vel i hamn. Boka vert aktuell i mange år framover, og vil bli selt så lenge opplaget på 400 varer. 

  Medlemmer: I 2013 betalte 63 personar treningsavgift til skigruppa. Det er det høgste talet på svært mange år. Aldersspennet er frå 8 til 80 år. Det aukande talet på ungdommar er svært gledeleg, og fleire kvinner er komne til.

 Økonomi: Skigruppa hadde i 2013 ein bokført omsetnad på over kr 125.000, og eit overskot på omlag kr 15.000. Me viser elles til framlagt rekneskap.

 Gruppeleiing: Etter valet på årsmøtet 14. februar 2013 var styret samansett slik.

Leiar:

Odd Stuve Rommetveit valt i 2013 for 1 år. (valt som kasserar for 2 år i 2012) Sekretær:                Øyvind Gaute Berg  valt i 2012 for 2 år Styremedlemmer:   Bernt Øyvind Vad    valt i 2013 for 2 år                                     Lars Åge Førland    valt i 2012 for 2 år år                               Erling Tyse              valt i 2012 for 2 år år                               Sigurd Sandvold      valt i 2013 for 2 år                               Hallgeir Matre          valt i 2013 for 2 år, (trekte seg)                           Stian Engevik          ungdomsleiar + kretsstyret                                                                                                                 

Trenarar og oppmenn:     Sigurd Sandvold, Kjell Inge Engevik, Solbjørg Birkeland Olsen, Øyvind Gaute Berg, Stian Engevik, med god hjelp av fleire foreldre.

Takk: Styret i skigruppa takkar alle som har gjort ein innsats for skiidretten på Stord i 2013, og ynskjer idrettslaget lukke til i jubileumsåret 2014.

Stord, 10. februar 2014                Styret i Skigruppa, Stord IL  

Odd Stuve Rommetveit                     Erling Tyse   Sigurd Sandvold              Lars Åge Førland    Øyvind Gaute Berg         Bernt Øyvind Vad