Arego
kw:!support_us

LYSLØYPAS VENER 2017

L Y S L Ø Y P A S   V E N E R

 

Dei siste vintrane har snøtilhøva i Stordafjellet svinga mykje. Frå periodar på 2-3 dagar til fleire veker med flott skiføre. Mest stabilt, naturlegvis, er det på Heio og oppover i Kvelve. Lysløypa ved Fjellstova / Lundarstøl er god når det er nok snø. Men nokre stader tinar snøen fort i mildver. Innerste delen kan ha snø to-tre veker lenger enn ytterste delen.

Lysløypa vert uansett flittig brukt av stordabuar og tilreisande.   I gode spor og i godt lys kan ein vinterstid ha flotte opplevingar i lysløypa. Også deler av hausten er lyset sett på, og kveldsturar i lysløypa vert derfor eit flott supplement til andre lokale lysløyper.  Så snart snøtilhøva tillét det, er det høg aktivitet med trening og renn. Opplysningar om sporkjøring og renn vert utlyst på heimesida stordski.no og på skigruppa si facebookside.

 

Både lysløypetraséen og skitrasèane elles vert kvar haust rydda for kratt og buskar, og grus vert kjørt på. Litt drenering vert også utført.   Så snart snøen kjem vert det kjørt skispor i Lysløypa, gjerne fleire gonger i veka. Det vert også kjørt spor i traséane oppover til Heio og Steinen. I 2014 og 2015 vart arbeidet med å drenera og grøfta traséen mot "austrunden" på Heio og ved Steinen vidareført for mange tusen kroner. Fleire stader vart småbekker lagt i røyr.

Ei større oppgradering av lysløypa står på ønskelista. Både lys og veg/trasé treng opprusting. Kanskje kan me få råd til lys i traséen oppover mot Kraftstasjonen?

 

I 2012 vart det kjøpt inn ein heilt ny løypemaskin. Det var mogleg etter ein vellukka, 2-årig innsamlingsaksjon. Mange firma, organisasjonar og andre stilte små og store summar til rådvelde. Me er svært takksame for denne støtta. Me samarbeidde også med Stord kommune.

 

All dugnad, rydding, løypedrift og løypekjøring vert utført på dugnad av ivrige skigruppemedlemmer. Det utgjer fleire hundre timar pr. år. Me har samarbeid med kraftleverandør om lyset og med grunneigarane om grunnen. Større arbeid, som grøfting og drenering, vert gjort med innleigte maskinar. Dette medfører store kostnader. Også drivstoff til løypemaskinen og andre driftsutgifter gjer at skigruppa stadig treng inntekter. Og ikkje minst når me set i gang større løypeoppgraderingar.

 

Samla lengd på heile løypenettet er oppunder 20 kilometer. Sjå kart ved lysløypa.

Du som privatperson har alltid høve til å gi din "skjerv" til skigruppa.   Ved å betala inn ein sum, stor eller liten, bidreg du til god drift av skigruppa, og til raskare realisering av planane framover.

Midlane som kjem inn går uavkorta til drift av skigruppa.

Kontonummeret er            3520 68 47016

Skigruppa i Stord Idrettslag er takknemleg for all støtte.

Odd Stuve Rommetveit   leiar i skigruppa tlf 901 63 598   os.rommetveit@podlenverkstad.no

Heimeside: stordski.no

.