Arego
kw:!support_us

LYSLØYPA: LYS og NOTERINGSBOK

12. april 2024:

Trekning er foretatt og vinnarane er:

Wenke Åse, Sandra F.  Mjelva og ein elev i innføringsklassen ved Langeland Skule.  Dei har fått kvart sitt gåvekort på kr 400,-   Alle svært nøgde vinnarar. 

Takk til alle som skreiv seg inn. 

24. november 2023  

Innskrivingsbok vart lagt ut i postkassen ved oppstart av skisesongen, ved første løypekjøring. Skriv deg inn og bli med i trekning av 3 GÅVEKORT a kr 400,- ved sesongslutt. Postkassen står i svingen like ovom krysset ved vasshandsamingsstasjonen.

Lysa vert slått på så snart det er kjørt løyper.  Lys frå skumring til kl 22.00

 

25. april  2023:

Vinnarane av  GÅVEKORT  på kr  400,-  etter skisesongen 2022/23 er:

Ingrid Høyland Andersen, Hanin frå Syria og Haakon Digernes.

Me  GRATULERER  !!   Vinnarane vil bli kontakta.

 

Desember  2022

Lys vart  sett på måndag 12. desember.  Slår seg på ved skumring og sløkt presis kl  22.00                                                    D

Vinn gåvekort ved sesongslutt !

I Postkassen like ovom vass-stasjonen ligg "loddboka"  Skriv du namnet ditt i boka er du med i ei trekking i april 2023.  Me trekkjer tre vinnarar av gåvekort a kr 400,-   Gåvekort er i ein lokal sportsbutikk.  Skriv deg gjerne inn kvar gong du går i Lysløypa !!  Det aukar vinnarsjangsane.

Skigruppa betalar straumrekningane sjølv, året rundt. Dei er blitt mykje, mykje større siste året. Også nye lyspærer og anna utstyr/armering m.m. må skigruppa syta for.  

Me set stor pris på alle  bidrag til STORDSKI.  Vippskonto  1 3 2 5 8 7,  stort eller lite, men uansett frivillig.