Arego
kw:!support_us

Hovden og Haukeli

Med Hovden Tour 2. april http://www.hovdentour.no/ og Haukelirennet 9. april  http://www.visithaukeli.org/Aktoer/Haukelirennet nærmar det seg slutten av 2016-sesongen. Det er to flotte turrenn, med god oppslutnad og flotte løyper i høgfjellsterreng.

I  klassisk-rennet Hovden Tour  har det dei siste åre vore fire-fem frå Stordski på startstreken. Dei har kunna velja distanse; 22 eller 42,5 km.

Resultat:   42,5 km vart korta ned til 31 km grunna uroleg ver.  Herr Hillesdal vart nr 2 i M60-64  Fru Hillesdal vart nr 4 i K55-59 i trim 31 km.  Flotte prestasjonar !

Ikkje uventa er det langt fleire  lokale å finna i Haukelirennet. Fleire titalls sunnhordlendingar tar turen dei 32 km i fristil, med eller utan tidtaking.

Resultat: Frå Stordski deltok Magnar Hillesdal, Håkon Størkson Berg, Marius Hammersland, Jonas Engevik Vørøs, Ole Christer Kvellestad, Øyvind Gaute Berg og Simen Engevik i sine respektive konkurranseklassar. Sjå http://www.langrenn.com/resultater-haukelirennet-2016.5861728-114053.html

I tillegg var det 38 glade skigåarar med adresse Stord på lista over trimmarar ! 

Sunnhordland hadde ein flott reportasje 13. april.