Arego
kw:!support_us

HAUSTDUGNAD I LYSLØYPA 2018

Den årlege dugnaden for å gjera LYSLØYPA klar for skisesongen samlar skifolket igjen.  Det vert utført rydding av greiner, buskas, småtre over traséen og lina, grøftekantar og drenering.

Maskinkjøraren har reinska mykje i dels gjengrodde kantgrøfter og laga frie vassavløp.

Grus vert utkjørt det det trengs mest.

Laurdagane 20. og 27. oktober er hovuddatoane, begge dagar kl 10.00.

Innbyding til dugnad er sendt ut pr SMS

Mykje kan gjerast til andre tider. Det er flott om nokon melder seg. Dei skal få klare oppgåver. 

Også traséane oppover mot Heio og Steinen får ein dugnadsrydderunde. 

Melding pr 31.10.18:  vellukka dugnad, med siste utkjøring av grus måndag kveld.