Arego
kw:!support_us

FØREMELDINGAR LYSLØYPE OG STORDAFJELLET 2019/20

2020 

APRIL

3.4.  God snødett over heile fjellet. Ca 5 cm på Lundarstøl og litt meir oppover. Skiltmynde i Stord kommune ventar med å dekke til forbodsskiltet der Kattnakkvegen startar til det vert trygt å kjøra oppover til Heio. Truleg skjer tildekkinga ein gong før Skjærtorsdag.  Stordski følgjer med, og vil kunngjera skilttildekkinga så snart det skjer. Då kan me kjøra lovleg til Heio, og gå på ski i Kvelve i påskedagane. 

MARS

30.3  Snøfritt på Heio, men skiføre på nysnø i Kvelve og litt vidare i Kudalen og rundt Martetjødno ! 

19.3 Snøfritt til endå lenger opp i Fossabrekko, men du kan gå over alt i KVELVE

11.3.Snøfritt til langt opp i Fossabrekko.

7.3  Nykjørt på Heio, og gode meldingar for i dag, laurdag 7. mars.

5.3   Litt nysnø på Heio, og kjørte, fine spor !

3.3   Nysnø, mest på Heio  -  sporkjøring utført på Heio

1.3.  Nykjørt oppover Heio,  på litt nysnø. Vinteren er her ! 

Godt brukandes  i Lysløypa denne første vårdagen 

29.2. nykjørt på Heio - du bør ta turen dit ❗️

28.2. nykjørte spor i lysløypa kl12.00 fredag !!!!!

27.2. Litt meir nysnø i dag, men enno litt for lite til gode spor. Må koma meir før det vert kjørt spor i Lysløypa. Det kan akast på Lundarstøl ! Supert på Heio????

24.2.  Nysnø;  ca 3 cm ved Fjellstova og aukande oppover. Heile Stordafjellet er kvitt 

14.-22.2 Kraftig tiningsperiode.

13.2. NYSNØ OPPE OG NEDE. Og det snør !!!!

8.2. Siste restane av snøen i lysløypa tinar vekk, dessverre. 

5.2  Nykjørt  i Lysløypa tidleg i dag. Gode, men litt fuktige spor

4.2. SNØ !!!!  Nykjørte, flotte løyper i lysløypa og på Heio. 

3.2.  Aukande voner om kvitt nedover frå toppane utover i veke 6

5.1.  Minkande kvitt - snøen tinar igjen. Nye kvite periodar gir håp !

4.1.  Aukande kvitt jo lenger du ser oppover  - til det ikkje er meir kvitt

3.1.  Mildver framleis, men einskilde snø og haglbyger gjer fjellet og terrenget kvitt.  Fint å sjå på, men dessverre ikkje brukande skiføre.

20.12: Mildver heilt til topps. 5-6 plussgrader i Kvelve.  Snøen tinar vekk, og alt skiføre vert borte for denne gong.

18.12: Omlag det samme meldt 16.12. nedanfor; altså heilt marginalt med snø

Første melding:  16. desember 2019

Ikkje snøføre i Lysløypa.  Kun einskilde parti med 2 cm vekslande hard og blaut snøis. Men traseen er rydda og klar for meir snø.

På Lundarstøl er det kun 2 cm snøis.  Ikkje godt å aka då !  Men det stive lyssivet er slått, så det skal ikkje mykje snø til før aking er mogleg. 

Oppover mot Heio er det aukande snø jo lenger du kjem oppover. Frå Kyviksetra og oppover ligg det litt snø i vegen. Ved bommen på øvra Heio er det 10-12 cm snø, med litt skare.  Televerket sin maskin kjørte oppover mot masta måndag. Skigruppa vil venta på meir snø før spor blir kjørt.

Ingen må kjøra bil forbi forbodsskiltet i starten av Kattnakkvegen.