Arego
kw:!support_us

FØREMELDINGAR 2017/2018

For eigen del kan du sjekka vermeldingane her;

http://www.yr.no/sted/Norge/Hordaland/Stord/Kattnakken/langtidsvarsel.html

15.desemer: Lysløypa: Lite snø og harde spor. Delvis godt brukande innerste delen, innom Lundarstøl. Ei rotvelta furu heilt innerst, ved Hansajordo, vil bli fjerna laurdag. Den heng utover sporet, og har delvis rive ned lina.  Nokre lyspunkt har slukna, og vil bli reparert neste veke.

Kattnakkvegen opp til Kyviksetra er knudrete. Frå Kyviksetra og i traseane oppover er det fint preparert både for skøyting og klassisk.  Utanom traseane er det best med fjellski, ettersom det er skareføre der.

10. desember: Heio: Flotte spor overalt. Lysløypa: Gode spor

7. desember;  HEIO:  SNØFRITT. LYSLØYPA: HEILT SNØFRITT

Men vinterleg vêr i vente !!!

1. desember:  Heio: Vind og litt plussgrader hard gjort spora skarpe. Må ha ny snø før ny løypekjøring.  Lysløypa: lite og hard snø, men mogleg for entusiastar.   

28. november: HEIO: NYKJØRTE og FLOTTE  LØYPER!!   

LYSLØYPA: Ikkje kjørte spor, men delvis brukande for gamle ski 

27.11: Kjørt spor på Heio måndag kveld,  men litt vind og lett nysnø gjer at spora må friskast opp igjen tysdag. Sesongen har starta !  Jippi, skippi !

24.11:  Snø og hagl, og vekslande med regn gjer helga usikker med tanke på skigåing.  Men det er betre utsikter kommande veke. Mykje opplett og frost i fjellet.

20.11:  Første snø- og førerapport vinteren 2017-2018:

Stordafjellet vart snøkvitt 11. november. Kvelve, Kattnakken og Fossabrekko lyste då opp med sesongens første snø. Som vanleg eit flott syn.  

Litt tining og litt nysnø med hagl har halde fjellet snøkvitt i over ei veke. Ivrige skiløparar er observert. 

Stordski vil i år som i fjor syta for løpande snø- og føremeldingar i heile  sesongen.