Arego
kw:!support_us

FØREMELDINGAR 2017

5. mai:  STORDAFJELLET = SOLSKIN og  SNØFENNER  

Heile helga !  God tur !

28. april:  STORDAFJELLET = SOLSKIN og  SNØ  

Heile helga !  God tur !

24. april:   NYKVITT STORDAFJELL -  i SOLSKIN! 

Og ny sjangse for fri skigåing heile veka !

12. april:    Du kan gå på ski i store fenner i  

Kvelve -  Kudalen - Kattnakken.

GOD  TUR  !   OG  GOD  PÅSKE !!

4. april:    Du kan gå på ski på store fenner i  Kvelve og ved Kattnakken.

GOD  TUR  !

Påsketur på ski ?  Då må det komma nytt snøfall. Eller du må i høgfjellet

23. mars kl 21.00:    Du må i Kvelve og til Kattnakken  for å gå på ski.

GOD  TUR  !

På Heio er det ikkje skiføre. Heller ikkje akeføre på Lundarstøl, dessverre !

17. mars kl 11.00:    Du må i Kvelve  for å gå på ski.  GOD  TUR  !

På Heio er det kun restar igjen.  Ikkje akeføre på Lundarstøl, dessverre !

15. mars:  F  F  F  F  F  F

Framleis Flott Føre For  Fjellets  Folk  på Heio, til Steinen og i Austrunden.

GOD  TUR !   Og meir kaldt ver i sikte mot helga !

10. mars:  Flotte løyper på Heio, til Steinen og i Austrunden.

GOD  HELGESKITUR !

9. mars kl 9.00:  Onsdag ettermiddag: Nykjørte løyper på Heio, og delvis gåande i lysløypa.

9. mars kl 16.00:  Nykjørte og fine løyper på Heio !!!!!!!!!!!!

3. mars kl 18.00:  Nysnø i fjellet torsdag kveld og natt til fredag.  Kvitt frå Fjellstova og oppover. Løyper kjørt på Heio fredag ettermiddag. 

Brukande spor på heile øvre Heio ⛷

24:februar:  Litt tørr nysnø i låglandet fredag morgon traff ikkje fjellet. Så meldinga nedanfor frå 23.2. gjeld framleis

23. februar:   Det vart kvitt i høgare strøk!  Ca 10 cm på Heio, og noko meir i Kvelve og ved Kattnakken.  Men dessverre: det er is og skare som råder.

Dei ivrigaste kan nok gå på ski, men det må meir nedbør til før løyper kan kjørast.

Aking ved Lundarstøl går ikkje særleg bra. Det er mest gras og tustar å sjå.

16.1: Etter gledeleg stor utfart i helga måtte spora mot Heio preparast i dag. Trongen for preparering skuldast sjølvsagt skrensing og bremsing i utforbakkane.  Men dessverre skuldast det også at mange gjekk til fots i finveret. Fotspor øydelegg løypenene, og kan medføra knall og fall.

God kveldstur, med hovudløkt !

PS: Lysløypa er framleis godt brukande, spesielt i innerste delen.

15.1: Flotte tilhøve for skigåing, spesielt på Heio.  Også Lysløypa kan nyttast, men der er det flekkvis litt lite snø enno.

Skigruppa kjører spor for skigåarane.  Derfor vert fot-turfolket bedne om ikkje å gå i skispora.

14.1:  Nykjørte spor i dag laurdag. Litt vindsnø på Heio føykar spora litt igjen.  Brukande i Lysløypa.  GOD  TUR i finaveret !

 

13.1.:  Kjørt godt brukande spor på Heio.

Delvis gode spor også i Lysløypa !    Hurra !  Ha ei SKInande god helg på SKI !

 

8.1. 10.00  Miserable snøtilhøve.  Mildveret tar all snøen. Kun litt restar her og der, og litt is i vegen oppover.  Betre utsikter mot slutten av veka !

4.1. 18.00  Dessverre ikkje snø i Lysløypa eller på Lundarstøl.

På Heio, derimot, har løypemaskinen vore og laga klassisk- og skøytespor, litt (helst skrint) på Nedre Heio, og litt betre på Øvra Heio. Klassiskspora på flata før siste stigning mot Steid'n er brukande. Ikkje kjørt heilt til Steid'n, heller ikkje Austrunden.

Dessverre har bilkjøringa sett spor allereie. To bilar vart observert i tida 17.00 - 18.00.  Kjøreforbodet på Kattnakkvegen går klart fram av skiltet i vegkrysset. Brot på forbodet kan kosta fleire tusen kroner. Tenk om dei pengane gjekk til skigruppa ! Me satsar sjølvsagt på at den kontoen vert ståande tom heile sesongen.

2.1:Stordlandskapet vart kvitt andre dagen i det nye året.  Dessverre kom det ikkje nok snø for løypekjøring.  Det må vera omlag 20 cm med god snø og tørt eller frose underlag før løypemaskinen vert starta.  I mellomtida kan me aka i bakkane i låglandet. Utsiktene framover er både milde og kalde. Me trur på snøføre til helga !

Sjølvsagt vil Stordski melda om snø- og løypetilhøve så snart det er kjørt spor og løyper, både her på stordski.no og på Facebooksida vår.