Arego
kw:!support_us

Birkebeinerennet 2016

Birkebeinerennet 2016 gjekk i år for 78. gong. Frå Stordski reiste 7 skiløparar for å gå dei 54 kilometrane frå Rena til Sjusjøen.

Jarle Haugland vart i år beste lokale med tida 3.15.26 og 62. plass i M40-44. 

Beste plassering fekk Hilde Åkra med 18. plass i K30-34 og tida 4.00,33.  Bestetida henner frå 2015 er imponerande 3.32,25.  I år var ho slettes ikkje nøgd med tida si, men nøgd med å ha fullført på god vilje.

Resultat for alle frå Stord: http://historikk.birkebeiner.no/index2.php  og  skriv Stord der det står Søk.

Stord sine alle tiders fire bestetider i herreklassen er:

Stian Engevik    2.52,46  2012

Jarle Haugland  3.07,48  2012

Jan Reinemo     3.09,00  2008

Dag Foseid        3.09,50  2008