Arego
kw:!support_us

ÅRSMØTE 2020

Årsmøtet i Skigruppa i Stord IL  -  STORDSKI  - vart halde måndag 17. februar. Vanlege årsmøtesaker gjekk greitt gjennom; Årsmelding og rekneskap for 2019, budsjett og treningsavgift for 2020 og  plan for drift og utvikling.  Ved valet vart Kjell Inge Engevik samrøystes valt til ny leiar, etter at Odd Stuve Rommetveit trekte seg etter 7 år i leiarstolen. Han held fram som styremedlem/kasserar, saman med Bernt Øyvind Vad, Erling Tyse, Jarle Haugland og Øyvind Gaute Berg (sekretær) Ny i styret er Magnar Larsen. Vara er Magnar Hillesdal. Fullt referat vert lagt ut her på sida innan kort tid.

 

Årsmøtet 2020 i STORDSKI vert halde måndag 17. februar kl 19.00 på Heiane, i Ringvegen 30 i Borgen Advokatar sine lokale i 2. etasje over Norengros-butikken.  

Vanlege årsmøte saker, med årsmelding 2019, rekneskap 2019, budsjett 2020, årleg plan for skigruppa, treningskontingent og val. Det vert også statusrapport for prosjekt BETRE TILKOMST TIL HEIO. 

Framlegg til årsrapport 2019  frå styret vert lagt inn her på sida innan ei veke før årsmøtet.  Meld frå til styret innan 12. februar om andre saker som bør takast opp på årsmøtet. 

Vel møtt til årsmøtet 2020, der det også vert enkel servering og god ski-drøs!

oooooooooooooooooooooo

   Skigruppa,  Stord IL  

FORSLAG FRÅ STYRET TIL Årsmelding 2019

Sportsleg aktivitet.

 - Eigne arrangement:         

Rulleskirenn/kretssamling.

Kretssamling og terminfesta rulleskirenn vart arrangert for 5. gong i september 2019 i regi av skigruppa, etter avlysing i 2018 grunna kollisjon med arrangement i regi av Vossalangrenn.

I overkant av 40 spreke ungdommar - 13 til 16 år - fekk instruksjon, trening, sosial samling og inspirasjon av dyktige trenarar og leiarar. Trenarteamet var dels lokale og dels frå kretsen. 

Samlinga starta som tidlegare fredag ettermiddagen med styrke-/sirkeltrening. Høgdepunktet laurdagen var rulleskitur til fjells med avslutning på joggesko opp trappene i Fossabrekko. I dei andre øktene var fokus teknikk. Kretsrennet i fristill - ope for alle klassar -  avslutta samlinga sundag. 

Kretssamlinga er fast inne på terminlista til Hordaland skikrets, og utgjer eit viktig bidrag til rekruttering og oppfølging av satsande skiungdom lokalt og regionalt. Svært gledeleg denne gongen at fleirtalet av deltakarane var jenter. 

Tysdagstrimmen:  

10 trimmekveldar frå oktober til desember vart gjennomført frå Vabakkjen i samsvar med lang tradisjon. 

Siste runde i TYSDAGSTRIMMEN 2019 (34. sesong) gjekk 10. desember kl. 19.00, og vart avslutta med premieutdeling. 

Skigruppa takkar dei trufaste hovudfunksjonærane Per Steinar Lunde og Audvald Kvamme. Alle namn og tider har vore på trykk i Sunnhordland.

Treningar:

Barne- og ungdomsgruppa har hatt faste treningar kvar veke med oppstart sesongen 2018/2019 etter 17. mai. Gjennom hausten er det gjennomført basistrening (løping med stavar og spenst) og rulleskitrening (klassisk og fristil). Treningane er lagt opp etter aldersnivå og under leiing av Kjell-Inge Engvik og Øyvind Gaute Berg.

I perioden frå slutten av januar og ut februar 2019 var det gode snøforhold i lysløypa, og det vart gjennomført treningar på ski kvar veke i denne perioden.

I tillegg til barne- og ungdomsgruppa sitt breddetilbod, har Stord Ski hatt tre aktive ungdommar (ungdom/junior) som driv konkurranseidrett på ski i sesongen 2018/2019. Desse er Håkon Størkson Berg (2004), Simen Engevik (2002) og Jonas Engevik (2001). Jonas er 3. året på Voss Gymnas (toppidrett ski) og Simen er tilknytt NTG Geilo på andre året.

Det har ikkje vore faste treningar for veteran-gruppa i sesongen 2018/2019. Det er likevel fleire som trener saman etter nærare avtale, og deltek i konkurransar sommar og vinter.

- Lokale renn på Stord:

Det vart avvikla to renn i lysløypa 2019, både barneskirenn og rankingrenn. Størst deltaking var det 31. januar (onsdag) med heile 170 startande. Den 2. februar stilte 79 små og store til start.

- Deltaking på arrangement utanfor Stord: 

KM  Dei fleste av Hordaland skikrets sine krinsrenn føregår i Herresåsen på Voss og elles rundt i Voss- og Hardangertraktene. Ungdomsgjengen var hyppig representerte, og gjorde det godt i mange av renna. 

Lokalt må det framhevast at Simen Engevik vart krinsmeister i M17 i klassisk stil. Rennet vart avvikla i Kvam, Sjusete, under gode vinterforhold. I seniorklassen stilte Øyvind Gaute Berg og Kjell-Inge Engevik, som plasserte seg høvesvis som nr. 6 og nr. 16.

 

Simen Engevik vart også krinsmeister i sprint, fristil. Jonas Engevik deltok også her, med gode resultat. 

Norgescup junior

Jonas Engevik og Simen Engevik har delteke i Norgescup, som samlar alle dei aktivt satsande juniorane i Norge (Jonas 6 startar og Simen 8 startar). Jonas har sitt beste resultat frå sprint, medan Simen toppa sesongavslutninga med ein sterk 2. plass på 15 km i klassisk fellesstart under finalen i Norgescupen på Lygna den 31. mars 2019. Simen viste med dette at han har etablert seg på toppnivå i Norge. Både Simen og Jonas er fine ambassadørar for skisporten på Stord gjennom deltaking nasjonalt på høgaste nivå. 

Andre skirenn 

Skiløparar frå Stord har delteke i dei fleste terminfesta turrenna i kretsen og elles i enkeltrenn i andre kretsar (Hordaland og Rogaland). Her kan nemnast Herresåsen rundt, Haukelirennet  m. fl. Det har også vore deltaking i Birkebeinerrennet, Helterennet og Hovden tour mv.. blant veteranane. Fleire av veteranane har Birkebeinerrennet som årleg mål og Stordski var også i 2019 godt representert. Merketakarar denne gongen var Kjell-Inge Engevik, Øyvind Gaute Berg, Kjell Magnar Helland og Åsmund Hellesøy. 

Breiddearrangementet Haukelirennet samlar også mange frå Stord, både aktive skiløparar og turgåarar. 

Frå alpingruppa har Erling Tyse delteke på ei veteransamling på Geilo vinteren 2019. 

Andre arrangement 

Hausten 2019 vart det gjennomført eit grunnkurs i bruk av rulleski på uteområdet ved Heiane mottak. To av våre ungdommar stilte velvillig opp og var sentrale i gjennomføringa. Det var godt oppmøte blant bebuarane ved mottaket, og tilbakemeldingane etter kurset var gode.

Andre saker   -Anlegg og dugnad

                        Prestagardsskogen:  Det er gjennomført jamlege dugnader i regi av barne- og ungdomsgruppa, der løypa og nærliggjande areal er rydda for skog m.m.  Engevik Byggsenter har velvillig stilt med utstyr for kosting av rulleskiløypa.

Lysløypa og Heio:  Årleg dugnad vart utført seinhaustes i løysløypa (to laurdagar), med rydding av traséane for greiner, røter, steinar og anna rusk.

Det vert også lagt ned ein betydeleg innsats i løypekøyring gjennom vintersesongen, særleg Magnar Hillesdal og Bernt Øyvind Vad har lagt ned mange dugnadstimar i løypemaskinen til glede for alle brukarar av løypenettet i fjellet. Vinteren 2019 vart det køyrd løyper jamleg, både lysløypa og på Heio, i perioden frå medio januar til slutten av februar.

Prosjekt betre tilkome Heio

Årsmøte 2019 vedtok at det skal setjast ned ei arbeidsgruppe med følgjande medlemmer:

  • Bernt Øyvind Vad -Magnar Hillesdal -Stian Engevik -Hallgeir Matre
  • Odd S. Rommetveit (sekretær) 

Mandatet til arbeidsgruppa skal vera greia ut om føretrekt traseval og løysing, inklusiv parkering, for betre tilkomst til Heio.  Utvalet frå årsmøtet i -19 har gjennomført både synfaringar og møte. Arbeidsgruppa konkluderte med at traseen opp gjennom Hestafossjuvet er det mest realistiske alternativet. Dette er blitt vidareført i alle møte med kommunen og dei øvrige interessentane. Ein forprosjektrapport vart ferdig frå kommunen si side i desember 2019, og skal handsamast politisk tidleg i 2020. Då trengs det nytt vedtak og ny politisk bestilling for å oppretthalda og få ny framdrift i prosjektet. Skigruppa er aktivt med vidare.

                      -Ymse

                        Heimesida:  stordski.no  Facebook  og  Skinytt

                        stordski.no: Heimesida er jamleg i bruk. Sida vert nytta både til annonsering av arrangement (interne og eksterne), resultatservice og anna praktisk informasjon, ikkje minst løype- og føremeldingar om vinteren.

                        I tillegg 2014 oppretta ei open facebook-side for Stordski. Sida er eit supplement til www.stordski.no og nådde eit breitt publikum på kort tid. Per i dag vert info om løypemeldingar, arrangement, resultat m.m. publisert på fjesboka og brukarane er mange.

                        Skinytt: Leiar i skigruppa, Odd S. Rommetveit har sidan 2014 utarbeidd eit kortfatta informasjonsskriv til medlemmer og andre med interesse for skiidretten på Stord. I 2019 er det sendt ut løpande informasjon om arrangement som skirenn, kurs mv. til medlemmene i skigruppa frå leiar, Odd Stuve Rommetveit.

Mål- og aktivitetsplan:  Skigruppa har utarbeidd ein omfattande mål- og aktivitetsplan, med årleg  rullering og  årsmøtegodkjenning.    

Medlemmer:  Skigruppa har i 2019 fått treningsavgift innbetalt frå i alt 31 personar.

Økonomi:   Økonomien til skigruppa er god. Viser elles til rekneskap for 2019.

Gruppeleiing:   Etter valet på  årsmøtet 18.2.2019 var styret samansett slik:

Leiar:                        Odd Stuve Rommetveit, valt i 2019 for 1 år.

Styremedlemmer:    Bernt Øyvind Vad, valt i 2019 for 2 år. Kjell-Inge Engevik, valt i 2019 for 2 år. Jarle Haugland, valt i 2019 for to år. Kasserar, Odd Stuve Rommetveit, valt i 2019 for to år.  Øyvind Gaute Berg, Erling Tyse, Åsmund Hellesøy og Magnar Hillesdal stod ikkje på val i 2019.

Trenarar og oppmenn: Øyvind Gaute Berg, Kjell-Inge Engevik, Sigurd Sandvold og StianEngevik.

Styret i skigruppa takkar alle som gjorde ein innsats for skiidretten på Stord i 2019. Styret takkar også til alle våre velvillige sponsorar:

Engevik Byggsenter AS, Kværner, ABO Plan & Arkitektur Stord AS, Borgen Advokatar AS, Engelsen Bygg AS, Valvatne Trelast AS, SKL AS, Haugaland Kraft AS, RHS AS, Byrået AS, Sunnhordland Bil AS og Leirvik AS.

Stord, 18.2.2020 

Odd Stuve Rommetveit Bernt Øyvind Vad Øyvind G. Berg            Erling Tyse

Leiar og kasserar          styremedlem          styremedlem               styremedlem

Kjell-Inge Engevik   Åsmund Hellesøy  Jarle Haugland            Magnar Hillesdal

styremedlem           styremedlem            styremedlem             varamedlem

 MMMMMMMMMMMMMMMMMMMMMMMMMMMM

Referat frå  årsmøtet 2019:  

STORD IL   SKIGRUPPA

ÅRSMØTE 18.2.2019, kl. 19.00 i Borgen Advokatar i Ringvegen 30 på Heiane, Stord.  

Saker:

  1. Val av ordstyrar og møtereferent, samt to til å skriva under årsmøteprotokollen

Odd Stuve Rommetveit vart valt til ordstyrar. Øyvind G. Berg vart valt til referent. Hallgeir Matre og Dag Kjetil Lægreid vart valt til å signera protokollen.

  1. Godkjenning av 1) årsmøteinnkalling og 2) dagsorden.

Årsmøteinnkalling er sendt alle medlemmer og er kunngjort via heimeside og facebook.   Årsmøteinnkalling og dagsorden godkjent utan merknad.

  1. Årsmelding 2018

Øyvind Gaute Berg gjekk gjennom utkast til årsmelding. Det var høve til å stilla spørsmål til dei ulike postane i årsmeldinga.

Årsmeldinga vart godkjent utan merknad. Styret signerer årsmeldinga og leiar syt for at denne vert levert hovudlaget innan fastsett frist.

     4   Rekneskap 2018

Rekneskap for 2018 vart lagt fram for årsmøtet. Kvar post vart gjort greie for av kasserer og leiar. Det var høve til å stilla spørsmål til dei ulike postane i rekneskapen.  Rekneskapen vart godkjent av årsmøte utan merknad, men med atterhald om revisors godkjenning. 

    5. Budsjett 2019 

Budsjett for 2019 vart lagt fram for årsmøtet. Kasserer og leiar gjekk gjennom postane i budsjettet. Det var høve til å stilla spørsmål. Budsjettet vart godkjent utan merknad.

  1. Fastsetjing av treningskontingent 2019

Styret tilrår til at treningsavgift vert vidareført uendra, det vil seie kr 100,- og kr 300,- per år. Årsmøtet vedtok styret sitt framlegg

      7. Godkjenning av Mål- og styringsplan 2019-2020  

Mål- og styringsplan vart lagt fram for årsmøte av leiar.

Årsmøte godkjente revidert mål- og styringsplan for 2019 – 2020. Det kom merknad om at traséval til Heio ikkje er låst i mål- og styringsplanen. 

       8.  Innkomne forslag 

Styret har ikkje motteke forslag til saker utover årsmøteinnkalling/dagsorden som er sendt medlemmene, med unntak av forslag om nedsetjing av komite som skal arbeida med «betre tilkomst til Heio.

Årsmøtet vedtok at det vert sett ned ei arbeidsgruppe med følgjande medlemmer:  Bernt Øyvind Vad, Magnar Hillesdal, Stian Engevik, Hallgeir Matre og med Odd Stuve Rommetveit som sekretær.

Mandatet til arbeidsgruppa skal vera å greia ut om føretrekt traséval og løysing, inklusiv parkering, for betre tilkomst til Heio.

Arbeidsgruppa skal ferdigstilla sit arbeid innan 30. april 2019 og leggja fram sin konklusjon for styret i skigruppa.

     9.   Val av gruppestyre

Valnemnda gjorde greie for si innstilling. Årsmøte tok valnemnda si innstilling til følgje og gjorde slikt val:

  1. Odd Stuve Rommetveit vart attvalt til leiar for 1 år, fram til 2020 
  2. Styremedlemmer på val i 2019:
    1. Kjell-Inge Engevik (attvalt for 2 år, fram til 2021
    2. Bernt Øyvind Vad (attvalt for 2 år, fram til 2021)
    3. Jarle Haugland (valt til nytt styremedlem, fram til 2021) Han erstattar Sigurd Sandvold, som derved gjekk ut av styret etter fleire års flott virke.

Desse styremedlemmene stod ikkje på val i år:Åsmund Hellesøy, Øyvind Gaute Berg, Erling Tyse og Odd Stuve Rommetveit (kasserar)

Varamedlem Magnar Hillesdal, vart valt for 2 år som vara i 2018 (fram til 2020) 

   10   Val av valnemnd  

Dag Kjetil Lægreid og Stian Engevik vart valt av årsmøtet til ny fungerande valnemnd fram til årsmøte 2020. 

Det var ingen fleire saker til handsaming og årsmøtet vart heva.

Stord, 18.2.2019 

Dag Kjetil Lægreid                  Kjell-Inge Engevik

 

 

Skigruppa i Stord IL kallar inn til ÅRSMØTE  

MÅNDAG 18. februar 2019  kl 19.00 

i lokala til Borgen Advokar, Ringvegen 30 på Heiane. (Vis-a-vis Heiane Storsenter, i etasjen over Norengros sin butikk.)

Saker: 

  1. Opning. Val av ordstyrar og møtereferent, samt to til å skriva under protokollen

     2.  Godkjenning av 1) årsmøteinnkalling og 2) dagsorden 

  1. Godkjenning av Årsmelding 2018 Godkjent i styret 14.2.19

     4.  Godkjenning av Rekneskap 2018 Godkjent i styret 14.2.19

     5.  Godkjenning av Budsjett 2019. Godkjent i styret 14.2.19 

  1. Fastsetjing av treningskontingent 2019. Forslag blir lagt fram

     7.   Godkjenning av Plan for skigruppa 2019-20 

  1. Innkomne forslag 

     9.  Val av gruppestyre. 

  1. Val av valnemnd  

------------                                       

Etter årsmøtet: Matøkt og anna kløkt:   Ski- og anleggsfaglege idéutvekslingar

 Helsing

SKIGRUPPA i STORD IL  

Odd Stuve Rommetveit

leiar

tlf 901 63 598

 

 Årsmelding 2018   

Skigruppa,  Stord IL    Årsmelding 2018

Sportsleg aktivitet.
 - Eigne arrangement: 
Rulleskirenn/kretssamling.
Stord Ski har dei siste fire åra stått som arrangør av kretsrenn på rulleski i samband med avvikling av kretssamling i Hordaland. Grunna kollisjon med arrangement i regi av Vossalangrenn, måtte vi dessverre avlysa terminfesta kretssamling og kretsrenn tidsett første sundag i september. Styret i Stord Ski vonar at vi i 2019 kjem sterkare tilbake og då får gjennomført den årlege kretssamlinga, som vert avslutta sundagen med kretsrenn i rulleskianlegget i Prestagardsskogen.

Tysdagstrimmen:  

10 trimmekveldar frå oktober til desember vart gjennomført frå Vabakkjen i samsvar med lang tradisjon. Siste runde i TYSDAGSTRIMMEN 2018 (33. sesong) gjekk 4. desember kl 19.00.

Skigruppa takkar dei trufaste hovudfunksjonærane Per Steinar Lunde og Audvald Kvamme.
Alle namn og tider har vore på trykk i Sunnhordland.


Rulleskikurs
Skigruppa arrangerte onsdag 26. september rulleskikurs for ungdommar frå mottaket på Heiane.  Det var ei spannande oppgåve.  Dei var naturlegvis forsiktige i starten, men tinte snart opp då dei fekk fart på hjula i nedoverbakkane.  Kjekt å oppleva så stor framgang på kort tid.
Skigruppa har også arrangert eit nybyrjarkurs for barn og ungdom, også dette i september. Fleire av dei frammøtte har halda fram som aktive medlemmer i skigruppa og utgjer no kjernen i barnegruppa med ei alderssamansetjing mellom 9 og 12 år.
-Treningar:
Barne- og ungdomsgruppa har hatt faste treningar kvar veke med oppstart sesongen 2018/2019 i september. Gjennom hausten er det gjennomført basistrening (løping med stavar og spenst) og rulleskitrening (klassisk og fristil). Treningane er lagt opp etter aldersnivå og under leiing av Kjell-Inge Engvik og Øyvind Gaute Berg.
I tillegg til barne- og ungdomsgruppa sitt breddetilbod, har Stord Ski hatt tre aktive ungdommar (ungdom/junior) som driv konkurranseidrett på ski i sesongen 2017/2018. Desse er Håkon Størkson Berg (2004), Simen Engevik (2002) og Jonas Engevik (2001). Jonas er 2. året på Voss Gymnas (toppidrett ski) og Simen er tilknytt NTG Geilo frå og med hausten 2018.
Dei aktive utøvarane i barne- og ungdomsgruppa har også delteke i andre aktivitetar, slik som sykkel, orientering og fotball.
Det har vorte etablert eit uforpliktande treningstilbod for veteranar kvar onsdag frå hausten 2016 i rulleskiløypa i Prestagardsskogen (kl. 1900). Tilbodet har vorte vidareført i 2017 og 2018.
- Deltaking på arrangement utanfor Stord:

Ungdommens Holmenkollrenn

Ungdommens Holmenkollrenn er uoffisielt noregsmeisterskap for ungdom (13 og 14 år) og vert arrangert kvart år i Holmenkollen i februar.

Frå Stordski stilte Håkon S. Berg (G14). Håkon gjekk 3 km klassisk laurdag og 3 km friteknikk sundag. 


Hovedlandsrennet

Hovedlandsrennet er uoffisielt NM for 15 og 16-åringar. Hovedlandsrennet vart arrangert 23.-25. februar i Lygna. Frå Stordski deltok Simen Engevik (G16).

KM

Dei fleste av Hordaland skikrets sine krinsrenn føregår i Herresåsen på Voss og elles rundt i Voss- og Hardangertraktene. Ungdomsgjengen var hyppig representerte, og gjorde det godt i mange av renna, mellom anna vart det medalje til Stord ved Simen Engevik under krinsmeisterskapen 27. januar på Voss (klassisk). Simen vart her nr. 2 i klassen G16. Håkon S. Berg vart nr. 7 i klassen G14. Øyvind Gaute Berg og Kjell-Inge Engevik deltok i seniorklassen.

Den 28. januar vart det arrangert KM i Duathlon (Voss). Simen Engevik vart best plassert av Stord-løparane, med ein 2. plass i klassen G16. Håkon S. Berg vart nr. 4 i klassen G14, tre sekund frå pallplass.

Også deltaking av ungdomar og senior i desember 2018 i sesongstartrenn i Herresåsen og i Røldal.

Andre skirenn

Stord har elles delteke i dei fleste terminfesta turrenna i kretsen (Hordaland og Rogaland). Her kan nemnast Herresåsen rundt,  Haukelirennet  m. fl. Det har også vore deltaking i Birkebeinerrennet, Helterennet og Hovden tour m. v. blant veteranane. Fleire av veteranane har Birkebeinerrennet som årleg mål og Stordski var også i 2018 godt representert. Merketakarar denne gongen var Kjell-Inge Engevik, Jarle Haugland, Øyvind Gaute Berg og Åsmund Hellesøy.

Det har også i 2018 vore deltaking i utlandet. Marcialonga (Bernt Øyvind Vad m. fl.) Delomiten Lauf klassisk og Dolomiten Lauf skøyting (Åsmund Hellesøy)


Breiddearrangementet Haukelirennet samlar også mange frå Stord, både aktive skiløparar og turgåarar.


  Andre saker
 -Anlegg og dugnad
 Prestagardsskogen:  Det er gjennomført jamlege dugnader i regi av barne- og ungdomsgruppa, der løypa og nærliggjande areal er rydda for skog m.m. 
Lysløypa og Heio:  Årleg dugnad vart utført seinhaustes, med rydding av traséane for greiner, røter, steinar og anna rusk. Det vart og leigd inn maskin som har utført ein større, men naudsynt jobb med grøfting, drenering og rydding rundt løypa. Det er også utført ein god jobb med felling av større tre, som har hindra snø i løypa. Også lysnettet har fått seg ein solid oppgradering, med bytte av pærer og fleire armatur. Fleire bedrifter har vert med å bidrege økonomisk for å få dette i hamn. Arbeid er i hovudsak utført på dugnad.
Vidare er det gjort ytterlegare grusing, rydding og forefallande vedlikehaldsarbeid rundt løypa, som gjer at denne no framstår betre en på fleire år før skisesongen 2018/2019.
Det vert også lagt ned ein betydeleg innsats i løypekøyring gjennom vintersesongen, særleg Magnar Hillesdal og Bernt Øyvind Vad har lagt ned mange dugnadstimar i løypemaskinen til glede for alle brukarar av løypenettet i fjellet.
 -Ymse
 Heimesida:  stordski.no  Facebook  og  Skinytt
 stordski.no: Heimesida er jamleg i bruk. Sida vert nytta både til annonsering av arrangement (interne og eksterne), resultatservice og anna praktisk informasjon, ikkje minst løype- og føremeldingar om vinteren.
 I tillegg 2014 oppretta ei open facebook-side for Stordski. Sida er eit supplement til www.stordski.no og nådde eit breitt publikum på kort tid. Per i dag vert info om løypemeldingar, arrangement, resultat m.m. publisert på fjesboka og brukarane er mange.
 Skinytt: Leiar i skigruppa, Odd S. Rommetveit har sidan 2014 utarbeidd eit kortfatta informasjonsskriv til medlemmer og andre med interesse for skiidretten på Stord. I 2018 kom Skinytt ut i tre utgåver.
Mål- og aktivitetsplan:  Skigruppa har utarbeidd ein omfattande mål- og aktivitetsplan, med årleg  rullering og  årsmøtegodkjenning.  
Medlemmer:  Skigruppa har i 2018 fått treningsavgift innbetalt frå i alt 41 personar.
Økonomi:   Økonomien til skigruppa er god. Viser elles til rekneskap for 2018.
Gruppeleiing:   Etter valet på  årsmøtet 26.2.2018 var styret samansett slik:
Leiar:        Odd Stuve Rommetveit, valt i 2018 for 1 år.
Sekretær:  Øyvind Gaute Berg, valt i 2018 for 2 år. 
Kasserar:  Odd Stuve Rommetveit, valt i 2018 for 2 år
Styremedlemmer: Bernt Øyvind Vad, valt i 2017 for 2 år. Kjell-Inge Engevik, valt i 2017 for 2 år. Sigurd Sandvold, valt i 2017 for 2 år. Erling Tyse, valt i 2018 for 2 år. Åsmund Hellesøy, valt i 2018 for 2 år.

Varamedlem: Magnar Hillesdal, valt i 2018 for 2 år      

Trenarar og oppmenn: Øyvind Gaute Berg, Kjell-Inge Engevik, Sigurd Sandvold og Stian Engevik.
Takk  Styret i skigruppa takkar alle som gjorde ein innsats for skiidretten på Stord i 2018.
Stord, 18.2.2019

Odd Stuve Rommetveit    Bernt Øyvind Vad    Øyvind G. Berg    Erling Tyse
Leiar og kasserar              styremedlem           styremedlem       styremedlem 

Kjell-Inge Engevik  Åsmund Hellesøy    Sigurd Sandvold     Magnar Hillesdal
styremedlem            styremedlem           styremedlem           varamedlem