Arego
kw:!support_us

ÅRSMØTE 2018

Skigruppa sitt årsmøte 2018 vert halde måndag 26. februar kl 19.00                   i   advokatane Borgen sine lokale i 3. etasje i  Ringvegen 30  på Heiane                   (Vis-a-vis parkeringsplassen til Heiane Storsenter)

Vanlege årsmøtesaker:  

Årsrapport 2017  Rekneskap 2017  Budsjett  2018  Treningsavgift 2018 Plan- og målstyringsdokument  Val 

Styret sitt forslag til årsrapport vert lagt inn her så snart den er ferdig frå styret si side.

 

Skigruppa, Stord IL   Årsmelding 2017

Sportsleg aktivitet.

- Eigne arrangement: Barneskirenn:      Rankingrenn:  Rulleskirenn.

I samband med kretssamling i regi av skigruppa, vart det arrangert kretsrenn på rulleski i fristil i Prestagardsskogen den 3. september 2017. Dette var fjerde gong det vart gjennomført eit slikt arrangement i regi av Stord Ski. Tilbakemeldingane frå deltakarane og klubbane var svært gode, og totalt deltok i overkant av 30 personar i kretsrennet frå 12 ulike klubbar.

Den 22. september vart "Stord opp" gjennomført for fjerde gong, med målgang ved demninga i Vaulane. Rennet er eit "motbakkerulleskirenn" i klassisk tenikk. Deltakarane vel sjølv startplass etter kva ein sjølv føler passar best.

Lengste løypa går fra E39 v/Førlandskrysset (6 km).  Mellomdistansen går fra Sjoalemyro (4 km) og kortaste løypa frå Fjellstova. Den er 2 km og høver best for dei yngste. Håkon Størkson Berg var raskast i løypa frå Sjoalemro, medan Åsmund Hellesøy var raskast i langløypa.

Tysdagstrimmen: 

10 trimmekveldar frå oktober til desember vart gjennomført frå Vabakkjen etter kjent mønster. Siste runde i TYSDAGSTRIMMEN 2017 (32. sesong) gjekk 5. desember kl 19.00. Det var regnfullt, men god stemning. Fleire premiar vart delt ut, for 10 og 9 deltakingar i år.  Hovudpremiane gjekk til Kåre Roalkvam og Vidar Navdal for 50 gongers deltaking og til Stein Arve Johnsen for 100 gongers deltaking. 

Skigruppa takkar dei trufaste hovudfunksjonærane Per Steinar Lunde og Audvald Kvamme.

Alle namn og tider har vore på trykk i Sunnhordland. Deltakinga har i år variert frå ca. 20 til ca. 40 trimmarar. 

Treningssamling og kretsrenn rulleski 1. til 3. september

Første helga i september var det kretssamling i Prestagardsskogen på Stord for fjerde gong. Det var suksess alt første året (2014) - med flott reprise i 2015. Mellom 30 og 40 spreke ungdommar - 13 til 16 år - fekk instruksjon, trening, sosial samling og inspirasjon av dyktige trenarar og leiarar.  Høgdepunktet laurdagen var rulleskitur til fjells med avslutning på joggesko opp trappene i Fossabrekko. Vossingen, Daniel Dukstad, sat her ein imponerande rekord med tida 6.20. Kretsrennet i fristill -  ope for alle klassar -  søndag 3. september avslutta samlinga i strålande haustver.

Kretssamlinga er fast inne på terminlista til Hordaland skikrets, og utgjer eit viktig bidrag til rekruttering og oppfølging av satsande skiungdom lokalt og regionalt.

BUA Stord med rulleskikurs

BUA Stord er eit nytt tilbod i regi av Stord kommune. Store og små kan registrera seg og låna  ymse sports- og friluftsutstyr heilt gratis. 

BUA har bl.a. ski til utlån, for det meste langrennsski, og litt alpinski.  Men førebels er det rulleski som er mest aktuelt. Skigruppa samarbeider derfor med BUA Stord om eit kurs i rulleskigåing. 

Tysdag 28. november 2017 instruerte Kjell-Inge Engevik og Sigurd Sandvold fleire frammøte 8-12 åringar i Prestagardsskogen.

-Treningar:

Barne- og ungdomsgruppa har hatt faste treningar kvar veke med oppstart sesongen 2017/2018 i juni. Gjennom hausten er det gjennomført basistrening (løping med og utan stavar og generell styrke) og rulleskitrening (klassisk og fristil). Treningane er lagt opp etter aldersnivå og under leiing av Stian Engevik. I tillegg inngår Øyvind Gaute Berg, Kjell-Inge Engevik og Sigurd Sandvold i trenarteamet.

Dei aktive utøvarane i barne- og ungdomsgruppa har også delteke i andre aktivitetar, slik som sykkel, orientering og fotball.

Det har vorte etablert eit uforpliktande treningstilbod for veteranar kvar onsdag frå hausten 2016 i rulleskiløypa i Prestagardsskogen (kl. 1900).

- Deltaking på arrangement utanfor Stord: 

Ungdommens Holmenkollrenn 

Ungdommens Holmenkollrenn er uoffisielt noregsmeisterskap for ungdom (13 og 14 år) og vert arrangert kvart år i Holmenkollen i februar. 

Frå Stordski stilte Håkon S. Berg (G13). Håkon gjekk 3 km klassisk laurdag og 3 km friteknikk sundag (18. og 19. februar), og plasserte seg bra samanlikna med dei andre utøvarane som inngår i Hordaland skikrets. 

Hovedlandsrennet 

Hovedlandsrennet er uoffisielt NM for 15 og 16-åringar. Frå Stordski deltok Simen Engevik (G15) og Jonas Engevik (G16). Hovedlandsrennet vart arrangert 3.-5. mars 2017 i Lygna. 

Beste plassering var det Simen Engevik som stod for, som til slutt vart nr. 6 i øvinga skicross. 

Til liks med tidlegare år har det vore god Stord-oppslutnad på arrangement i Hordaland, elles i Noreg og noko i utlandet. Dei fleste av Hordaland skikrets sine krinsrenn føregår i Herresåsen på Voss og elles rundt i Voss- og Hardangertraktene. Ungdomsgjengen var hyppig representerte, og gjorde det godt i mange av renna, mellom anna vart det medalje til Stord ved Simen Engevik under krinsmeisterskapen 28. januar i Ulvik (klassisk). Simen vart her nr. 3 i klassen G15. Håkon S. Berg vart nr. 8 i klassen G13 og Jonas Engevik Vørøs plasserte seg nr. 6 i klassen G 16. Eirik S. Berg deltok i 10-årsklassen og Øyvind Gaute Berg var einaste veteran frå Stord i seniorklassen. 

Den 29. januar vart det arrangert KM i fristil (Ulvik). Simen Engevik vart best plassert av Stord-løparane, med ein 6. plass i klassen G15. Håkon S. Berg vart nr. 9 i klassen G13, medan Øyvind Gaute Berg vart nr. 13 i klassen Msenior. Eirik S. Berg deltok i klassen G10. 

Stord har elles delteke i dei fleste terminfesta turrenna i kretsen (Hordaland og Rogaland). Her kan nemnast Herresåsen rundt, Haukelirennet m. fl. Det har også vore deltaking i Birkebeinerrennet, Helterennet og Hovden tour m. v. blant veteranane. Fleire av veteranane har Birkebeinerrennet som årleg mål og Stordski var også i 2017 godt representert. Merketakarar denne gongen var Åsmund Hellesøy, Kjell Magnar Helland, Jarle Haugland og Øyvind Gaute Berg. 

Det har også i 2017 vore deltaking i utlandet. Åsmund Hellesøy deltok i februar 2017 i Frankrike sitt største turrenn La Transjurassienne, som vert arrangert i vakkert landskap langs Jura-fjella. 50km klassisk laurdagen og 50km skøyting søndagen utgjorde eigen klasse. Åsmund plasserte seg som nummer 40 av totalt 101, som deltok begge dagar. 

Breiddearrangementet Haukelirennet samlar også mange frå Stord, både aktive skiløparar og turgåarar. 

            Andre saker

                        -Anlegg og dugnad

                        Prestagardsskogen: Det er gjennomført jamlege dugnader i regi av barne- og ungdomsgruppa, der løypa og nærliggjande areal er rydda for skog m.m.

Lysløypa og Heio: Årleg dugnad vart utført seinhaustes, med rydding av traséane for greiner, røter, steinar og anna rusk.

                        -Ymse

                        Heimesida: stordski.no Facebook og Skinytt

                        stordski.no: Heimesida er jamleg i bruk. Sida vert nytta både til annonsering av arrangement (interne og eksterne), resultatservice og anna praktisk informasjon, ikkje minst løype- og føremeldingar om vinteren. På det mestre var det 3000 unike brukarar på ein månad.

                        I tillegg 2014 oppretta ei open facebook-side for Stordski. Sida er eit supplement til www.stordski.no og nådde eit breitt publikum på kort tid. Per i dag vert info om løypemeldingar, arrangement, resultat m.m. publisert på fjesboka og brukarane er mange.

                        Skinytt: Leiar i skigruppa, Odd S. Rommetveit har sidan 2014 utarbeidd eit kortfatta informasjonsskriv til medlemmer og andre med interesse for skiidretten på Stord. I 2017 kom Skinytt ut i x utgåver.

Mål- og aktivitetsplan: Skigruppa har utarbeidd ein omfattande mål- og aktivitetsplan, med årleg rullering og årsmøtegodkjenning.

Medlemmer: Skigruppa har i 2017 fått treningsavgift innbetalt frå i alt 50 personar.

Økonomi: Økonomien til skigruppa er god. Viser elles til rekneskap for 2017.

Gruppeleiing: Etter valet på årsmøtet 20. februar 2017 var styret samansett slik:

Leiar:                         Odd Stuve Rommetveit, valt i 2017 for 1 år.

Sekretær:                 Øyvind Gaute Berg, valt i 2016 for 2 år.

Kasserar:                   Odd Stuve Rommetveit, valt i 2016 for 2 år

Styremedlemmer:     Bernt Øyvind Vad, valt i 2017

for 2 år. Kjell-Inge Engevik, valt i 2017 for 2 år. Sigurd Sandvold, valt i 2017 for 2 år. Erling Tyse, valt i 2017 for 2 år. Åsmund Hellesøy, valt i 2017 for 2 år.

 

Varamedlem:              Lars Åge Førland, valt i 2016 for 2 år                                            

 

Trenarar og oppmenn:     Stian Engevik, Sigurd Sandvold, Øyvind Gaute Berg og Kjell-Inge Engevik.

Takk Styret i skigruppa takkar alle som gjorde ein innsats for skiidretten på Stord i 2017.

Stord, 26.2.2018

Odd Stuve Rommetveit         Bernt Øyvind Vad       Øyvind G. Berg           Erling Tyse

Leiar og kasserar                   styremedlem              styremedlem              styremedlem

 

 

Kjell-Inge Engevik                  Åsmund Hellesøy      Sigurd Sandvold        Lars Åge Førland styremedlem                                 styremedlem              styremedlem            varamedlem