Arego
kw:!support_us

ÅRSMØTE 2017

Årsmøtet vart halde måndag 20. februar som planlagt, med 10 medlemmer tilstades, og kjekk vitjing frå hovudlaget. Årsmelding 2016, (sjå nedanfor), rekneskap 2016, budsjett 2017 og Plan for skigruppa 2017-2018 vart godkjent.  Det vart attval for 2 år på alle som sto på val; styremedlemmene Bernt Øyvind Vad, Kjell-Inge Engevik og Sigurd Sandvold.  Åsmund Hellesøy kom inn som ny styremedlem for 1 år, og det vart attval på Odd Stuve Rommetveit som leiar.

Etter møtet var det matøkt og ein god skiprat.

___________________________

Skigruppa sitt årsmøte 2017 vert  måndag 20. februar kl 19.00 i lokala til Borgen advokatar på Heiane. (Vis a vis Heiane Storsenter, over Norengros sin butikk, inngang frå Ringvegen)

Vanlege årsmøtesaker:

Rekneskap, budsjett, årsrapport, strategiplan, treningsavgift og val.

Forslag til årsmøtet må vera styret i hende innan 30.1.17.

Etter møtet vert det uformell skiprat saman med enkel servering.  

ÅRSMELDING 2016:

Sportsleg aktivitet.

 - Eigne arrangement:         

Barneskirenn: Det vart arrangert tre barneskirenn, herav det største laurdag 5. mars med nær 100 deltakarar. Eitt av renna var kveldsrenn.

Rankingrenn: Det vart arrangert to rankingrennm, herav eitt kveldsrenn.

Rulleskirenn.            

I juni (1.)vart "Stord opp" gjennomført for tredje gong, med målgang ved demninga i Vaulane. Rennet er eit "motbakkerulleskirenn" i klassisk teknikk. Deltakarane vel sjølv startplass etter kva ein sjølv føler passar best.

Lengste løypa går fra E39 v/Førlandskrysset (6 km).  Mellomdistansen går fra Sjoalemyro (4 km) og kortaste løypa frå Fjellstova. Den er 2 km og høver best for dei yngste. 12 deltakarar stilte på start denne gong, og alle fullførte kraftprøven med målgang ved demninga i Vaulane. Nokre hadde gått før og kunne samanlikna med tidlegare resultat.  Andre gjekk lengre løype enn før og sette sjølvsagt ny besenotering.

 

I samband med kretssamling i regi av skigruppa, vart det arrangert kretsrenn på rulleski i klassisk stil i Prestagardsskogen den 4. september 2016. Dette var tredje gong det vart gjennomført eit slikt arrangement i regi av Stordski. Tilbakemeldingane frå deltakarane og klubbane var svært gode, og totalt deltok i overkant av 50 personar i kretsrennet, der Stord-løparane hevda seg godt.

Tysdagstrimmen: 10 trimmekveldar frå oktober til desember vart gjennomført frå Vabakkjen etter kjent mønster. Deltakinga varierte frå 20 til 40 i den 31. sesongen for Tysdagstrimmen. 

Treningssamling og kretsrenn rulleski 2. til 4. september

Første helga i september vart det kretssamling i Prestagardsskogen på Stord for tredje gong. Det var suksess alt første året (2014) -  med flott reprise i 2015. Omlag 50 spreke ungdommar - 13 til 16 år - fekk instruksjon, trening, sosial samling og inspirasjon av dyktige trenarar og leiarar.  Slik vart det i 2016 også - for årgangane 2001 til 2004.  Kretsrennet i klassisk stil  -  ope for alle klassar -  søndag 4. september avslutta samlinga i strålande haustver. 

Rulleskiaktivitet for unge asylsøkjarar - Aktivitet for barn/ungdom i mottak, UDI-midlar.

Skigruppa søkte UDI om støtte til gjennomføring av aktivitetar retta mot barn/unge som bur i mottak. Skigruppa fekk fullt tilslag på søknaden og mottok kr 22 000 til dette prosjektet. Samlinga vart gjennomført i november 2016, og var eit fint og vellukka opplegg for bebuarane ved Litlabø mottakssenter. Midlane vart nytta til å kjøpe inn naudsynt utstyr til utlån (rulleski, stavar, piggar) og til transport til og frå samlinga. Samlinga var ei fin introduksjon til ski-sporten. Ungdomane frå mottakssenteret viste stor entusiasme og opplegget vart veldig godt tatt i mot. Håpet er at nokre av ungdomane ynskjer å halde fram med aktiviteten. Prosjektet er avslutta og det er sendt rapport til UDI.           

-Treningar:

Barne- og ungdomsgruppa har hatt faste treningar kvar tysdag og torsdag, med Prestagardsskogen som base. I tillegg er det gjennomført styrketrening kvar måndag for dei eldste utøvarane i barne- og ungdomsgruppa (eldre enn 13 år).  Den organiserte treninga inn mot sesongen 2016/2017 tok til i juni. Gjennom hausten er det gjennomført basistrening (løping med og utan stavar og generell styrke) og rulleskitrening (klassisk og fristil). Treningane er lagt opp etter aldersnivå og under leiing av Stian Engevik. I tillegg inngår Øyvind Gaute Berg, Kjell-Inge Engevik og Sigurd Sandvold i trenarteamet.

Det har vorte etablert eit uforpliktande treningstilbod for veteranar kvar onsdag frå hausten 2016 i rulleskiløypa i Prestagardsskogen (kl. 1900)

- Deltaking på arrangement utanfor Stord: 

Til liks med tidlegare år har det vore god Stord-oppslutnad på arrangement i Hordaland, elles i Noreg og noko i utlandet. Dei fleste av Hordaland skikrets sine krinsrenn føregår i Herresåsen på Voss og elles rundt i Voss- og Hardangertraktene. Ungdomsgjengen var hyppig representerte, og gjorde det godt i mange av renna, mellom anna vart det 3 medaljar til Stord under krinsmeisterskapen 23. januar (klassisk) og 7. februar (fristil). 

I krinsmeisterskapen (klassisk) vart det god utteljing for Stord-løparane, der Simen Engevik vart krinsmeister i klassen G14 og Håkon Størkson Berg vart nr. 2 i klassen G12. Jonas Engevik vart nr. 9 i klassen G15 og Arne Jordåen nr. 8 i klassen G16. I seniorklassen deltok Jarle Haugland (nr. 7), Øyvind Gaute Berg (nr. 16) og Kjell-Inge Engevik (nr. 18). 

Krinsmeisterskapen i fristil vart arrangert 7. februar på Bulken. Simen Engevik gjorde det best av Stord-løparane, med ein sterk tredjeplass i klassen G14. Håkon Størkson Berg vart nr. 8 i klassen G12 og Jonas Engevik kvitterte med ein 9. plass i G15. Øyvind Gaute Berg var einaste senior som stilte frå Stord, og endte til slutt på ein 8. plass i menn senior. 

Stord har elles delteke i dei fleste terminfesta turrenna i kretsen (Hordaland og Rogaland). Her kan nemnast Herresåsen rundt, Haukelirennet  m. fl. Det har også vore deltaking i Birkebeinerrennet, Helterennet og Vasaloppet blant veteranane. Som tidlegare år var det mange merketakarar i Birken og fleire medaljar (svensk merke) i Vasaloppet.

I 2016 var det også deltaking utanbygds i alpinrenn. Erling Tyse deltok blant anna i NM for veteranar med heiderleg resultat.

Dei fleste renna vart omtalt på heimesida stordski.no og i Skinytt.    

            Andre saker

                        -Anlegg og dugnad

                        Prestagardsskogen: Det er gjennomført jamlege dugnader i regi av barne- og ungdomsgruppa, der løypa og nærliggjande areal er rydda for skog m.m.  Stian Engevik har kosta løypa etter behov ved bruk av maskin i eige av Engevik Byggsenter AS.

Lysløypa og Heio:  Årleg dugnad vart utført seinhaustes, med rydding av traséane for greiner, røter, steinar og anna rusk.

                        -Ymse

                        Heimesida:  stordski.no  Facebook og  Skinytt

                        stordski.no: Heimesida er jamleg i bruk. Sida vert nytta både til annonsering av arrangement (interne og eksterne), resultatservice og anna praktisk informasjon, ikkje minst løype- og føremeldingar om vinteren. På det mestre var det 3000 unike brukarar på ein månad.

                        Skigruppa har oppretta ei lukka facebook-gruppe for barne- og ungdomsgruppa. Her vert all praktisk info rundt treningar, konkurransar m.m. lagt ut. I tillegg vart det 31.12.14 oppretta ei open facebook-side for Stordski. Sida er eit supplement til www.stordski.no og nådde eit breitt publikum på kort tid.

                        Skinytt: Leiar i skigruppa, Odd S. Rommetveit har sidan 2014 utarbeidd eit kortfatta informasjonsskriv til medlemmer og andre med interesse for skiidretten på Stord. I 2016 kom Skinytt ut i 8  utgåver.

Mål- og aktivitetsplan: Skigruppa har utarbeidd ein omfattande mål- og aktivitetsplan, med årleg rullering og  årsmøtegodkjenning.

Medlemmer: Skigruppa har i 2016 fått treningsavgift innbetalt frå i alt 60 personar.

Økonomi: Økonomien til skigruppa er god, med reservar til bruk når Lysløypa skal renoverast og traseane på Heio m.m. skal realiserast. Viser elles til rekneskap for 2016.

Gruppeleiing: Etter valet på årsmøtet 22. februar 2016 var styret slik:

Leiar:                         Odd Stuve Rommetveit, valt i 2016 for 1 år.

Sekretær:                  Øyvind Gaute Berg, valt i 2016 for 2 år. 

Kasserar:                   Odd Stuve Rommetveit, valt i 2016 for 2 år

Styremedlemmer:     Bernt Øyvind Vad, valt i 2015 for 2 år. Kjell-Inge Engevik, valt i 2015 for 2 år. Sigurd Sandvold, valt i 2015 for 2 år. Erling Tyse, valt i 2015 for 2 år. Anne Lene Jordåen, valt i 2015 for 2 år. 

Varamedlem:              Lars Åge Førland, valt i 2016 for  2 år                                            

 Trenarar og oppmenn:      Stian Engevik (hovudtrenar), Sigurd Sandvold, Øyvind Gaute Berg og Kjell-Inge Engevik.

Takk  Styret i skigruppa takkar alle som gjorde ein innsats for skiidretten på Stord i 2016.

Stord, 20. februar 2017

Odd Stuve Rommetveit Bernt Øyvind Vad Øyvind G. Berg  Erling Tyse

Leiar og kasserar           styremedlem        styremedlem      styremedlem 

Kjell-Inge Engevik  Anne L. Østvold Jordåen   Sigurd Sandvold Lars Å Førland styremedlem           styremedlem                      styremedlem      varamedlem