Arego
kw:!support_us

27.-28.1. KM Hordaland 2018 Voss

Laurdag 27. og søndag 28. 1. går 2018-KM'et av stabelen i Herresåsen på Voss. Laurdagen i klassisk stil og under namnet Sparebankrennet.Søndagen er det KM/Vestlandske Skistemna i fristil.   Voss il er arrangør, og Stordski er med ! .

Link for laurdagen:

 https://www.skiforbundet.no/hordaland/terminliste-hordaland/arrangement/?eid=318596 

Link for søndagen:

https://www.skiforbundet.no/hordaland/terminliste-hordaland/arrangement/?eid=318787

 Rapport:

Laurdag:  Simen Engevik G16vart nr. 2 i KM på Voss, fire sekund bak vinnaren Daniel Dukstad frå Voss. Distansen var 5 km klassisk. Godt gått også av Håkon S. Berg som vart nr. 7 i G14. Seniorane Øyvind G. Berg og Kjell-Inge Engevik vart høvesvis nr. 17 og nr. 21 i seniorklassen, vunnen av Vebjørn Turtveit frå Voss.

Søndag: Simen Engevik med ny 2. plass, denne gong i skibyte 3,75 km klassisk + 3,75 km skøyting). Vinnar av klassen G16 var Torjus Klette frå Voss. Håkon S. Berg (G14), klatra til 4.plass, kun fire sekund bak tredjeplassen.Sondre Myking frå Osterøy vann. Eirik S. Berg (G11). fekk ein flott 12. plass (fristil).

Stordski gratulerer med flotte resultat !